Tassia kjem frå organisasjonen MST i Brasil og MST-aktivisten har skal til saman bu ti månedar i Guatemala. I Guatemala er det bondeorganisasjonane CUC og Conavigua som organiserer opphaldet og skulerer brigadistane i politiske aktivisme og kontekst.
Kvifor organiserte du deg i MST? -Grunnen til at eg jobbar i MST er at eg ønskjer å endre Brasil slik det er i dag. Eg har jobba i MST dei siste seks-sju åra med politisk skulering.
Kvifor resite du på sør sør-brigade? -For oss i min organisasjon er internasjonalismen svært viktig, og me har fleire internasjonale samarbeid, blant anna gjennom la Vía Campesina. Grunnen til at eg reiste på sør sør-brigade var at eg ønskte å lære meir om folket her i Guatemala og korleis kapitalismen påverkar dei. Eg ville lære meir om den sosiale kampen og historien med guerrillarørsla som er så ulik det me har opplevd i Brasil.
Kva har du lært i desse fire månedane du har budd og jobba med CUC og Conavigua? -I denne tida er eg blitt glad i folket her i Guatemala, og særleg arbeidet til CUC og Conavigua. Gjennom dei andre sør sør-brigadistane frå Colombia har eg også blitt kjent med Colombia, med kulturen og folket, og eg hapar å lære meir i dei fire manedane som er att av opphaldet her i Guatemala.