Marlón kjem frå organisasjonen CNA i Colombia. I dette intervjuet fortel han om det til no fire månader lange opphaldet i Guatemala saman med bondeorganisasjonane CUC og Conavigua.
Kvifor vart du med i CNA? -Familien min har alltid vore organiserte og jobba for rettferd, og dette har inspirert meg til også å organisere meg. For kort tid sidan vart eg medlem i CNA. Eg likar CNA sine ideal og måten dei samlar kampen til ulike delar av folket i Colombia slik som kvinner og studentar. I tillegg likar eg at dei jobbar både på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Kva er det som har gjort størst inntrykk på deg her i Guatemala? -Eg er veldig imponert over historien til folket her, særleg mayafolket; korleis dei organiserte seg i guerrillagrupper under borgarkrigen, og særleg kampen til kvinnene og enkene i Conavigua. Det er så mange ulike typar kampar her i Guatemala: bøndene sin kamp, kampen for å respektere jorda og naturen og kampen for vatnet. Folka her er utruleg sårbare og fattige til tross for at dei bur i eit land med masse naturresurssar.
Er det noko du ønskjer å seie til LAG og våre aktivistar? -Først og fremst vil eg seie at eg er veldig takknemleg for moglegheita til a vere her i Guatemala. Dette er ein unik moglegheit og eg trur at dette opphaldet vil hjelpe meg i mitt vidare arbeid i Colombia. Globaliserer me kampen, globaliserer me håpet.