Følg oss på:
 

Frå det guatemalanske høglandet til Sápmi

Foto: Ingrid Fabiola Moen

Foto: Ingrid Fabiola Moen

Reisebrev: No i mai fekk eg mogleiken til å reise opp til Sápmi. Reisa førte meg til Alta, Karasjok, Kirkenes, Pasvik og Kautokeino.

Hovudmålet til denne reisa var å dykke ned i den strategiske rolla Finnmark spelar i arbeidet for matsuverenitet i Noreg. Eg har fått lære korleis diverre sosiale, kulturelle og geopolitiske prosessar har forma dette grenselandet igjennom historia.

Denne utvekslinga er del av eit arbeid for å skape ei kollektiv kunne som styrkar den internasjonale kampen for rettane til verdas folk.

Denne reisa har hjelpt meg forstå at Finnmark ikkje kan bli avgrensa til eit område der ein berre utnyttar naturressursar, som nokon vil ha det til. Det er snakk om eit område med eit levande sosialt vev, der identitetar blir bygd ut i frå ei kjensle av semje i lokalsamfunna, noko som må bli akta. Ein heilskapt samfunnsutvikling er ikkje foreinleg med menneskerettsbrot, og sikkerheitspolitikken må såleis rette seg mot å forsvare folket og ikkje bli gjort til eit instrument for å tene kapitalinteresser.

Foto: Ingrid Fabiola Moen

I løpet av reisa, deltok eg på fleire arrangement:

På den samiske matkonferansen Máistu blei det prata om korleis diverre matsystem gjev oss ein inngang til å sjå på maten vår som mykje meir enn eit mylder av forbruksvarer, men au som del av ein identitetsstyrkande heilskap.

Vidare fekk eg samtale med Kjell Derås frå Naturvernforbundet. Vi gjekk i djupna på moststandsrøynsla frå Alta og lærdommane om korleis kollektive krav kan organiserast for å skape ei utfordrarmakt som tek aktiv del i ei samfunnsforvandling.

Vi besøkte Sametinget i Karasjok. Der fekk eg æra av å tre inn i Plenumssalen, og møtte der på kunstuttrykk som gjenspeilar det samiske verdsbilde.

Foto: Ingrid Fabiola Moen

Eg samtalte med Mariann Magga, reindriftsutøvar og direktør for museumsstiftinga Tana og Varanger Museumssiida. Ho hjelpte meg gå i djupna på dei mange utfordringane reindrifta står ovanfor i dag, med klimakrisa som bakteppe.

I Kirkenes hadde vi eit opent møte der vi delte røynsle frå dei sosiale rørslene i Guatemala og Chile med dei lokale. Her fant vi fleire parallellar i prosessane for organisering og motstandskamp.

På besøk hos Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i Pasvik, blei vi kjente med flora og fauna i regionen og dei berekraftige perspektiva dei jobbar med der.

Denne røynsla er del av ei solidarisk utveksling som lét oss analysere korleis våre respektive røynder, i Guatemala og i Noreg, deler utfordringar rundt territorium, lokalsamfunn og fellesskap. I denne konteksten blir det viktig å forstå matsuverenitet som sjølvråderetten eit kvart folk bør ha over sitt matsystem. Denne sjølvråderetten må gå hand i hand med sosial rettferd, politisk sjølvråderett og eit forsvar av territoriet. Ei styrking av denne retten er såleis heilt naudsynt for å sikre ei meir jamstilt verd.

Foto: Ingrid Fabiola Moen
Rosario Pascual Pu
brigadist frå la Coordinadora Nacional de Viudas de Guatemala (CONAVIGUA) i Noreg.
Land