Følg oss på:
 

Situasjonen i Colombia kan ikkje være framand det norske folk

Kva rolle spelar Noreg i den colombianske krisa? CNA, den største bondeorganisasjonen i Colombia, besøkte Noreg tidlegare i år for å styrke band mellom grasrotkampar i sør og solidaritet i nord. På Anarres bokkafé møtte han LAG og peika på korleis norsk kapital er involvert i utplyndring og undertrykking i Colombia – og kvifor internasjonal solidaritet er viktigare enn nokon gong.

Gerardo Amador, generalsekretær i sentralkomiteen til Coodrinador Nacional Agrario (CNA), var på ei arbeidsreise rundt om i Europa. Han tok seg tida til å møte oss i LAG for ei samtale på Anarres bokkafé. Her lærte vi meir om dei sentrale problema ein møter på i arbeidet for å organisere forsvaret av rettene til bønder i Colombia.

Amador brukte taletida si i Noreg på å understreke viktigheita av ikkje å bli værande upåverka av dei vonda som rammar andre nasjonar. Han fordra oss til å være (sjølv) kritiske til norsk finansiering av industriar som deltek i konfliktar og utplyndring i Latin-Amerika.

Hans fråsegn følgjer:

Ei motstandshelsing til Latin-Amerikagruppene i Noreg.

Mitt namn er Gerardo Amador Caballeros. Eg er del av el Coordinador Nacional Agrario (CNA) i Colombia. Dei siste dagane har eg vært på besøk her i Noreg for å medverke til diverre solidaritetsprosessar som held fram på internasjonalt nivå.

Eg må ærleg fortelje det norske folk at bøndene i Colombia ikkje lever sine beste dagar. Den politiske forfølginga av dei sosiale rørslene held fram, samtidig som bøndene held fram med sin motstandskamp. Det er difor vi treng ei sterk internasjonal solidaritetsrørsle.

I dag må vi seie at denne situasjonen ikkje er framand for det norske folk, fordi mange av selskapa som driv med storskala rovdrift i Colombia har aktiva i Noreg.

Det er heilt naudsynt å sjå over etikken i dette. Korleis arbeider ein her i Noreg med dette? Korleis rolle spelar menneskerettane her? Røynda i Colombia er ein humanitær krise, eit politisk folkemord retta mot dei sosiale rørslene. Både bonderørslene og nabolagsrørslene roper meg høg røst og krevjar ein forvandling av dei politiske, økonomiske og miljømessige dynamikkane som spelar seg ut over heile det Colombianske territoriet.

Lytt til hilsningen her (spansk)

Lars Øvergaard
Aktivist i LAG
Rosaria Pascual
Brigadist frå la Coordinadora Nacional de Viudas de Guatemala (CONAVIGUA) i Noreg.
Land