Folkerørslene og deira politiske kreftar
Eg er på plass på Universitetet til Kubas Kommunistparti Ñico Lopez. ALBA Movimientos og El Foro de São Paulo har gått saman for å organisere ei politisk skolering her på universitetet. Her samlast kameratar frå MST, CNA, CLOC, MORENA, FMLN, PUPSOC, ISB, PCT, PCC, MPD Cimarrón, Marcha Patriotica og Marcha Feminista for å samtale omkring relasjonen mellom grasrota og politiske parti. Dei fleste folkerørslene og partia har i lang tid samtala rundt viktigheita av å artikulere strategiske og solidariske band mellom seg, og ser dette som eit naudsynt arbeid i den internasjonaliserte klassekampen vi no står i. Her kjem nokre av refleksjonane frå vår første dag med skolering:
João Pedro, leiaren for MST, fortel oss at kapitalismen har gått inn i ei strukturell krise. Motsetningane i systemet tek oss inn i ei dekadent tid, og tvinger kapitalen til å lansere offensivar mot sjølve livet. Kapitalen går såleis til angrep på naturen, på sjølve menneskelivet, og drar oss djupare og djupare inn i fascismens famntak. Våpenindustrien tek ein sentral rolle i denne farlege utviklinga, og lover våre dekadente borgarskap at han kan gjenreise profittraten deira ved å leggje heile folk i grus. Krigsprofitten skal redde dei frå deira ufråvikelege dekadens.
Krisa gjeld ikkje berre kapitalismen, men au den borgarlege staten og det borgarlege demokratiet. Denne staten som berre tener interessene til borgarskapet, og dette demokratiet som retter seg etter Kapitalens krav, mistar legitimitet og skapar ei djup misnøye iblant breie lag av folket. Denne misnøya blir mobilisert av reaksjonære høgrekrefter, som går til angrep på det borgarlege demokratiet utan nokon plan om å overgå Kapitalens diktatur. Desse falske løysningane leiar i røynda ingen veg, og byr oss berre på reaksjonære oppkast.
Joao understrekar at vi lever i ei kaotisk tid, og minner oss på at kaotiske tider krevjar vågale løysningar. Når verda smuldrar opp forran oss, treng vi ein truverdig horisont som gjer von, aller helst treng vi ein handfast utopi. Det beståande vil ikkje kunne stå mykje lengre, så spørsmålet vi blir møtt med er: kven kjem til å transformere det beståande, fascistane eller sosialistane? Alle andre framtidsutsikter er illusjonar.
Vi må samle alle krefter som drøymar om ei betre verd, alle dei som har tru på sosialismen, alle dei som meiner vi må overgå denne dekadente kapitalismen.
Vidare fortel han oss at det ikkje berre er kapitalismen og den borgarlege staten som er i krise. Vi på venstresida står sjølv i ei djup krise. Vi ser ein nedgang i folkemobilisering, -organisasjon og -kamp. Strukturen på arbeidslivet, som historisk sett samla arbeidarklassen, isolerer oss i dag frå kvarandre. Kapitalen kjemper ein brutal klassekamp på alle moglege frontar, mens vi prøver å helde liv i ein svekka motstandskamp. Ein kamerat bryter inn, og minner oss på at vi lever i ei overgangstid. Den gamle verda held på å døy, men vi lever framleis i hennar rotne kropp, samstundes som vi kjemper for at den nye verda skal bli født. Dette er ei monstrøs tid, fortel ho oss, og sånn ei tid krevjar kløkt, audmjuke og semje av oss på den revolusjonære venstresida. Vi må samle alle krefter som drøymar om ei betre verd, alle dei som har tru på sosialismen, alle dei som meiner vi må overgå denne dekadente kapitalismen. Vi må gløyme gamle splidar og ringe opp igjen bortgløymde vener. For kvar einaste kamerat er heilt naudsynt å ha med oss i denne kampen. Ein annan kamerat tek ordet, og minner oss på at høgresida er samla, artikulert, koordinert og internasjonalisert. Høgresida bygger sosiale rørsler, tenketankar, avisar, podcastar, radioar og parti. Dei forstår at kampen må kjempast på alle frontar og at kampen må artikulerast med kløkt og semje. Vi bør kanskje lære noko av dei, og ta fatt på det enorme arbeidet ein siger vil krevje av oss.
Llanisca Lugo, frå folkeopplysningsflettverket til CMMLK, skildrar forsøka som har blitt gjort på å bygge mur mellom folkerørslene (eller dei sosiale rørslene) og dei politiske partia på venstresida. Ho skildrar ideen om at desse nye folkerørslene skulle fosse fram og vaske av oss dette arkaiske venstresideopphenget i politiske parti. Horisontalisme og lokalisme skulle frelse oss frå alt vondt, og rota til alt vondt måtte være politikken, då spesielt partipolitikken. Vi blei fortalt at vi no skulle endre verda utan å ta makta, og måtte passe oss for alt som lukta av vertikalisme, disiplin og partistruktur. Desse vonda skulle vi nedkjempe i eit iherdig korstog mot den tradisjonelle venstresida, for så å bringe til verda ei ny venstreside, frigjort frå våre gamle syndar. Vi forstår no at denne diskursen var del av ein imperialistisk strategi for å splitte oss og avvæpne oss i klassekampen som Kapitalen førar fram på alle moglege frontar. Historia har lært oss at ein effektiv folkemobilisering som faktisk maktar å bygge folkemakt, koordinerer grasrot og parti for å drive fram klassekampen. Grasrotrørslene i Bolivia, som samla seg for å bygge eit politisk instrument, parti-rørsla MAS, er eit glimrande eksempel. Parti-rørsla MORENA er eit anna interessant og levande forsøk på å samle folkerørslene i ei parti-rørsle. MST er eit eksempel på ei grasrotrørsle som jobbar aktivt for å koordinere og samtale med dei politiske kreftane på venstresida (inkludert partia) for å fremme krava deira og styrke posisjonen til grasrota.
Kommunardane frå Instituto Simon Bolivar fortel oss om deira syn på forholdet mellom rørsla og partiet. Dei meiner at folkerørslene treng eit politisk instrument, eit politisk parti, for å kunne transformere staten. Denne transformasjonen må såleis gje folkerørslene mogleiken til å vidareutvikle og styrke den folkemakta dei bygger opp frå grasrota. Såleis blir jobben til partiet å styrke grasrota så at dei gradvis kan teke over diverre funksjonar og erstatte den borgarlege staten på så mange felt som mogleg. Kommunardane i Venezuela kjemper for at nabolagsråda dei har oppretta i by og land skal kunne samle seg i revolusjonære kommunar, som såleis ta fatt på arbeidet med å bygge eit nytt folkedemokrati, ein ny sosialistisk folkestat. Dersom dette arbeidet skulle helde fram under ei fiendsleg regjering ville prosjektet nok blitt knust av den brutale fascistiske valda som har lagt så mange noble sosialistiske prosjekt i grus tidlegare. Det faktum at grasrota har kjempa fram og forsvart ei revolusjonær regjering, som sjølv med alle sine motsetningar tillèt at grasrota kjemper vidare for sitt sosialistiske prosjekt, og på mange felt støtter dei i dette arbeidet, utgjer ein enorm siger for folkerørslene.
Vi må ikkje frykte makta, vi må tørre å bruke ho for å radikalt transformere maktstrukturane i grasrota si favør.
Vi konkluderte dagen med ei mellombels semje. Relasjonen mellom parti og grasrotrørsler må være dialektisk, og målet må alltid være å bygge, styrke og djupne ei revolusjonær folkemakt. Det er eit strategisk feilsteg å isolere grasrota frå politikken, på lik linje som det er eit feilsteg å isolere partiet frå grasrota. Samtidig må vi forstå at det finns ein reell fare for at folkerørslene blir trekt inn i det borgarlege politiske spelet, og såleis mistar sin territoriale styrke. Dette må vi unngå for ein kvar pris. Arbeidet vårt på den politiske arenaen må styrke folkerørslene og den folkemakta dei byggar på grasrota. Folkerørslene må tørre å være tydelege politiske aktørar, som freistar å bygge ein brei og djup folkemakt som kan utfordre storkapitalen og sigre i den internasjonaliserte klassekampen vi no står i. Vi må ikkje frykte makta, vi må tørre å bruke ho for å radikalt transformere maktstrukturane i grasrota si favør.