ALBA-TCP 20 år: Grasrotas kamp for solidaritet og suverenitet

Foto: Lars Øvergaard / LAG

Foto: Lars Øvergaard / LAG

I desember 2024 markerte ALBA-TCP tjue år med kamp for solidaritet, suverenitet og regional integrasjon i Latin-Amerika og Karibia. Under jubileet i Caracas samles grasrotrørsler og statsleiarar for å styrke samarbeidet og utarbeide ein ny arbeidsplan – eit steg vidare i kampen mot imperialisme og for folkeleg makt. LAG-medlem Lars Øvergaard var til stades under møtet, og hans refleksjonar frå samlinga kan lesast her.

Grasrotrådet sitt arbeid i kampen mot imperialismen

Fredag 13. desember i år samla grasrotrørsler frå heile Latinamerika seg i Caracas, Venezuela for å feire tjueårsjubileet til ALBA-TCP, La Alianca Bolivariana para Nuestra America – Tratado de Comercio de los Pueblos. Samlinga hadde som mål å gje nytt liv til ALBAs Grasrotråd, eit organ som freistar å styrke det koordinerte samarbeidet mellom statsleiarar og grasrotrørslene. Organet har lagt fram ein konkret arbeidsplan som statsleiarane har forplikta seg til å følgje opp.

ALBA-TCP blei født 14. desember 2004, som ei freistnad i regional integrasjon og samskap mellom landa i Latin-America og Karibia. Landa som fann saman i denne alliansen ønska å skape ein modell for regional utvikling bygd på samarbeid og solidaritet. Dei freista å bli ei motmakt til det nyliberale hegemoniet som rova over regionen. Venezuela, Cuba, Bolivia, Nicaragua, Honduras, Dominica, Saint Vincent og Grenadinane, Antigua og Barbuda, Saint Kitts og Nevis, Granada og Santa Lucia er dei elleve landa som i dag held fast på alliansen. Haiti, Syria, Surinam og Iran har delteke som historiske observatørar. Frå og med i år har Palestina blitt invitert inn i varmen som ein permanent observatør, mens framtida til Syria i alliansen ser usikker ut.

Fredag 13. desember samla ALBAs Grasrotråd seg i Caracas for å utarbeide ein konkret arbeidsplan. Grasrotrådet er ein formell del av ALBA-TCP, og gjer rom for at grasrota i ALBA Movimientos får løfte si kollektive røst inn i den diplomatiske arenaen. Arbeidsplanen skal gje grasrota i regionen mogleiken til å koordinere eit felles prosjekt og krevje støtte av regjeringane som er med i ALBA-TCP. Regjeringane er lovpålagt å støtte opp under arbeidsplanen med dei midlane dei rår over, samtidig som grasrota skal være motor og kaptein i prosjektet. Over 70 delegatar frå meir enn 25 land fann saman denne fredagen, og resultatet blei einsemd om ein arbeidsplan for neste periode.

Generalsekretær i ALBA-TCP, Jorge Arreaza, opna samlinga med å understreke viktigheita av at nettopp grasrotrørslene tek eit aktivt ansvar i både utforming og gjennomføring av arbeidsplanen. «Vi må helde fram med eit arbeid som unngår byråkrati og let rørslene være levande deltakarar i arbeidet vi har føre oss. Vi må kunne gje konkrete svar på konkrete problem, samtidig som vi held fast på antiimperialisme og antikolonialisme som grunnsteinar i arbeidet vårt. Sjølvråderetten til alle folk må være horisonten vi strekk oss etter.»

Vi må helde fram med eit arbeid som unngår byråkrati og let rørslene være levande deltakarar i arbeidet vi har føre oss. Vi må kunne gje konkrete svar på konkrete problem, samtidig som vi held fast på antiimperialisme og antikolonialisme som grunnsteinar i arbeidet vårt. Sjølvråderetten til alle folk må være horisonten vi strekk oss etter.

Jorge Arreaza (Generalsekretær i ALBA-TCP)
Foto: Lars Øvergaard/ LAG

Deltakere under ALBA-TCP i Caracas 2024 Foto: Lars Øvergaard/ LAG

Ein arbeidsplan for materialisering av solidaritet og internasjonalisme.

Ein sentral del av arbeidsplanen er brigadane. Grasrota skal opprette utvekslingsbrigadar, solidaritetsbrigadar og permanente brigadar på regionalt nivå via ALBA. Messilene Groete, grasrotleiar frå MST (Rørsla til dei jordlause bøndene i Brasil), la fram det nye brigadeprosjektet, inspirert av arbeidet MST har heldt fram med i mange år - og som vi i LAG kjenner godt til. Ho presiserte at brigadane fungerer som ei materialisering av solidaritet og eit grøderikt skoleringsprosjekt. Gjennom eit konkret arbeid i ei konkret røynd finn vi saman, blir kjende og byggar internasjonalisme i praksis.

Ein annan del av arbeidsplanen handlar om kommunikasjon. Den argentinske journalisten Florencia Abregú la fram forslaget om å bygge ei folkeleg medieskule og eit folkeleg mediehus. Desse skal fungere som to koordinerte reiskapar i idékampen mot det borgarlege hegemoniet og fremme interessene til verdas arbeidande massar. Fleire av grasrotleiarane sa seg einige i at det er naudsynt med eit medienettverk med militante journalistar over heile verda for å kunne samkoordinere og informere kvarande i dei daglege kampane.

Til sist ble det diskutert viktigheita av politisk skolering for å kvasse vår ideologiske grunnlag og bygge reiskapar som effektivt kan transformere røynda vi finn oss i. Spesielt ser fleire kameratar det som naudsynt å utarbeide strategiar for å transformere produksjonsprosessane i verda og bygge ein solidarisk og komplementarisk økonomi med matsuverenitet som grunnleggjande element.

I ei tid kor imperialismen held fast på sitt hegemoni igjennom brutal vald og ei omfattande idekrig, finn grasrota og antiimperialistiske regjeringar saman i eit konkret prosjekt for motstand og samskap. Solidaritetsrørsla i Europa må tørre å gå inn i vår tid. Vi må finne vår rolle i (klasse)kampen som no utspelar seg over heile det latinamerikanske kontinentet. Vi må materialisere vår solidaritet i konkrete prosjekt, og støtte opp under dei prosjekta som allereie blir bygd av våre kameratar. Historia byr nok ein gang opp til kamp, kanskje må vi igjen vie oss til strid.

Lars Øvergaard
Lars er mangeårig aktivist og var tilstede på tjueårsjubileet til ALBA-TCP i Caracas, Venezuela. Dette er forfatteren refleksjoner.
Tags