Jordreform for varig fred i Colombia

Foto: Elise Fjordbakk

Foto: Elise Fjordbakk

Colombias president har sett seg fòre å gjennomføre jordreforma som vart lova som del av landets viktige fredsavtale. I landet, der 1 % eig 81 % av den fruktbare jorda, er ikkje omfordeling av jord berre naudsynt, men også ein føresetnad for fred.

Fredsavtala i 2016 mellom staten og geriljaen FARC markerte starten på ein viktig, men lang og treig, prosess for varig fred i landet. Colombia har hatt ein kompleks væpna intern konflikt i over 60 år. I dag er nye forhandlingar mellom geriljagruppa ELN og regjeringa i gang, samstundes som både kriminelle gjengar, paramilitære og narkotikakartell herskar i delar av landområdet. Valet av den progressive presidenten Gustavo Petro i 2022, må sjåast som resultat av kraftige mobiliseringar og folkelege krav sidan 2019, og har gitt eit nytt håp om endring.

Landeigarskap er sentralt for å forstå den langvarige konflikten i det frodige fjellandet ved ekvator i Sør-Amerika. Av landet, på 1,1 millionar kvadratkilometer, er 0,43, altså 430 millionar dekar, definert som jordbruksland av FAOSTAT. Til samanlikning har Noreg 0,36 millionar kvadratkilometer landareal og 10 millionar dekar jordbruksjord. Colombia er landet i verda med mest ujamn fordeling av jord. Ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar er 6,8 millionar colombianarar, primært småbrukarar, urfolk, afrocolombianarar og andre menneskje i rurale områder fordrivne frå heimane sine som følgje av konflikten. Motstand har vorte møtt med massakre. Sosiale leiarar er drepne i hopetal – heile 1534 leiarar og menneskerettsforkjemparar er drepne berre mellom 2016 og 2023. Landet er med det blant dei farlegaste i verda for miljø- og landforsvarar. I alt er nær ein halv million menneske drepne i konflikten siden slutten av femti-talet. Dette opplyste den norske regjeringa i desember 2022, i høve at Norge er eit av garantistlanda for fredsprosessen.

Medan folk er drive på flukt og store delar av landsbygda har vore prega av frykt og vald, har land blitt rana og samla på få hendar. I Colombia, som andre tidlegare koloniar, er eigarskap til jord og landområde omstridt heilt attende til kolonitida. I løpet av 1900-tallet vart det omfordelt 120 millionar dekar jord (meir enn 50% av landarealet); noko til urfolk, småbrukarar og afroetterkomarar, men ein stor del av dette forsterka den allereie skeive fordelinga, da mykje vart gitt til store landeigarar med nærleik til den politiske og økonomiske makteliten og kyrka. Fordrivne småbrukarar som har vendt attende til jorda si har funne ho selt til selskap og omgjort til plantasjar, og dei har blitt fortald at skal dei få jorda attende må dei betale tilbake selskapa sine plantasjeinvesteringar, noko dei sjølvsagt ikkje har høve til. Dei mange tapa av land, og eit maktvakuum forårsaka av manglande stateleg nærvær på bygda, har vore grobotn for ein forsterka konflikt.

Den internasjonale småbrukarrørsla La Via Campesina har støtta dei colombianske bondeorganisasjonane opp mot fredsforhandlingane. No har dei ein overvakande funksjon. Dei melder at det går riktig veg, men at det som er lova småbrukarane i fredsavtala ikkje er i mål. Delen av fredsavtala som er kalla den heilskaplege bygdereforma (reforma rural integral) er punktet med størst etterslep. Den lovar ein jordreform som omfordeler 30 millionar dekar jord og formaliserer eigedomsskøyte på små- og mellomstore landbrukseigedommar på til saman 70 millionar dekar. I mars 2022 var nær 5 millionar dekar omfordeld og eigendomsskøyte på 21 millionar dekar formalisert, høvesvis 16 % og 29 % av avtalemåla. Småbrukarorganisasjonar i landet er utolmodige, og peiker dessutan på at målsetnaden i seg sjølv ikkje er ambisiøs nok. 30 millionar dekar utgjer berre 7 % av jordbruksarealet og 2,6 % av det totale landarealet.

Den nye regjeringa frå 2022 ser matsuverenitet og agroøkologi som viktige berebjelkar for jordbruket, og har lova å sette fart på statens gjennomføring av forpliktingane i fredsavtala. Dei er den fyrste venstreside-regjeringa i republikkens historie, som elles har vore styrt av ein konservativ politisk elite, og har vekt håp og bygd forventingar hjå landets småbrukarar. Petro uttalde i desember 2023 at han ikkje trudde det ville bli mogleg å gjennomføre omfordeling av dei 30 millionar dekara i løpet av fireårs-perioda regjeringa er vald for. Jordreforma, og ikkje minst ynskjet om ein rask gjennomføring av denne, møter motstand frå den konservative makteliten, med store landeigarar og bedriftseigarar i front.

Frå dei sosiale rørslene i Colombia, småbrukarrørsla blant dei, er det vanleg å høyre at: ja, det er progressive kreftar i regjering, men dei sit ikkje med makta. I Colombia, som fleire tidlegare koloniar er jordeigarskap ein konflikt som har vore i århundrar. Når makt og status i samfunnet har vore forbunde med mengde jord ein eig, vil det naturlegvis vere sterke motkrefter mot eit kvart forsøk på jordreform.

Det er håp for eit godt grunnlag for fred i landet, men dette står framleis på spel. Gjer regjeringa det dei klarar, og klarar dei å gjennomføre nok, til trass for motstanden dei møter, til å halde på den folkelege støtta som fekk dei inn i regjering i 2022? Attval av Petro-regjeringa framstår som viktig for kor stor og rask innfriing me vil sjå av fredsavtala, i tillegg til kor godt dei klarar å bruke handlingsrommet sitt. Ein kan også spørje seg kor overbevisande og eventuet tillitsbyggjande Petro klarar å vere i møte med sine meiningsmotstandarar, og kva kan dei vere villige og kapable til å gjere om eller når dei ikkje får det som dei vil.

Den valdelege historia har i alle høve vist at det fruktbare landet sårt treng ei demokratisering av tilgangen på jord. Innfriing av fredsavtala er føresetnaden for varig fred.

Margit Fausko
Leder av Internasjonalt utvalg i Norsk bonde- og småbrukarlag
Frøya Torvik
Aktivist i Latin-Amerikagruppene Norge