LAG og 25 andre internasjonale organisasjoner fordømmer volden i Colombia

og sender et bekymringsbrev til President Santos´ regjering. Brevet som er gjengitt her i sin helhet, er oversatt til norsk av Robin Leander Wullum og er sendt Det Norske Utenriksdepartement.

                                                                                     Bogotá, febrero 5 de 2018


Internasjonale sivilsamfunnsorganisasjonar avviser drapa og attentata mot sosiale leiarar og krev at den colombianske staten klarer opp i hendingane og sanksjonerer dei ansvarlege.

Dei internasjonale sivilsamfunnsorganisasjonane som bifell denne utsegna manifesterer vår djuptgåande bekymring for forverringa av trugsmål og attentat mot liva til sosiale leiarar i Colombia og formaner den Colombianske staten å gje effektive svar som bremser dette blodbadet og gjev garantiar for deira legitime utøving av sitt arbeid.

Den 13. januar i byen Bogotá vart menneskerettsforsvararen Blanca Nubia Díaz, ifølgje utsegna frå Movice, forhøyrt av to menn som kalla ho “slimete geriljakrigar held fram med di politiske kampanja”, ho vart kidnappa, dopa ned og truga, og i eit klart tilfelle av kjønsvald klippa dei håret hennar.  

Torsdag 25. Januar i bygda la Guaripa i fylket Sucre vart brødrane Humberto Manuel Escobar, Mercado, Prisciliano Manuel Mercado García, og Manuel Eusebio Osorio  Escobar drepne då dei prøvde å teikne opp grensene til garden deira “La Concepción”. Dette var utgjorde ein viktig del av ein legal prosess for å få jorda si tilbake.

Den 26. januar i byen Quibdó, vart urfolksleiaren og koordinatoren for urfolksvakta i urfolksterritoriet Embera Katío el Dieciocho, Eleazar Tequía Vitucay drepen av integrantar i den nasjonale hæren. Ifølge utsegna frå den nasjonale urfolksorganisasjonen i Colombia (ONIC), vart drepen gjort i konteksten av ein utdanningsdugnad som hadde som mål å krevje rett til utdanning for borna og ungdommane i urfolksterritoriet.

Laurdag 27. januar i byen Buenaventura, vart den sosiale leiaren og integrant i Prosessen for Svarte Samfunn (PCN), Temístocles Machado drepen. Machado har i meir enn ti år vore offer for trugsmål grunna sitt arbeid i forsvar for dei 100 familiane i bydelen Isla de Paz, i risiko for å verte fordrivne grunna bedriftseigarar og væpna grupper frå havna som ville leggje under seg dette territoriet for å byggje lagringsplass og parkeringsplassar som del av utvidingsprosjektet.

Den same 27. januar på kvelden, vart leiaren María Cecilia Lozano, overlevande frå massakrane i Mapiripán, koordinator for nettverket for kvinnelege fordrivne i Meta, deltakande i fylkesplattformen for ofre, som jobbar for tilbakeføring av jord, ei kollektiv tilbakevending og rettane til dei organiserte ofra i foreninga for tvangsfordrivne kvinner i Meta (Asomudem), offer for tjuveri av eigendelane sine og eit attentat med håndvåpen av en person på motorsykkel.

Ifølgje den offentlege rapporten utgjeve av menneskerettorganisasjonen Humanidad Vigente og Asomudem, den 28. januar på ettermiddagen ringte ei forsvarer for menneskerettane til leiaren María Cecilia Lozano. Ei maskulin røyst svarte og sa “hun spiser gladioler og vi skal dele henne i to» (ella está chupando gladiolo y le vamos a partir el culo).

Den 30. Januar, i samsvar med informasjon delt av menneskerettsorganisasjonen Credhos i Cantagallo, Sur de Bolívar, vart den kommunale leiaren og menneskerettsforsvararen Nixon Mutis funne daud.

30. januar i kommunen San Calixto, Norte de Santander vart Leidy Amaya, som tidlegare jobba som helsesøster, drepen.

Desse nye hendingane leggjast til ei lang og vond liste med mord, trugsmål, tjuveri av informasjon og forsvinning av sosiale leiarar og det er fortvila meldingar for ofra som har lagt vekk den væpna konflikten i Colombia, og som i dag satsar på å byggje fred.

I tillegg til situasjonen for dei sosiale leiarane, gjer vi som internasjonale organisasjonar forplikta til fred i Colombia, merksam på drapa på integrantar i FARC, som i samsvar med rapporten frå FN sin overvakings- og verifikasjonskomité auka til 34 i desember 7017, eit tal der ein i tillegg bør leggje til drap på 13 familiemedlem. 12. januar 2018 vart fire personar til drepne, blant dei ein mindreårig på 13 år. Å garantere livet til eks integrantar av geriljaen er ein av dei største forpliktingane til staten i fredsavtalen.

Me oppmodar den colombianske staten til, i si oppfylling av si rolle som garantist for menneskerettane, fremjar alle innsats for å skydde livet og arbeidet til leiarane, adopterer alle naudsynte midlar for å sikre seg at hendingar som desse ikkje repeterer seg og for at ein effektivt skal etterforske dei materielle og intellektuelle aktørane i desse lovbrota og at dei skal verte sanksjonert med all vekta til loven.

Me inviterer det akkrediterte diplomatiet i Colombia og det internasjonale samfunnet til å uttrykke si fordømming av desse hendingane og å følgje utviklinga til justisprosessane for at dei ikkje ender i straffefridom.

 


Kontakt i Colombia: María Cristina Umbarila er koordinator for plattformen for fred bestående av internasjonale organisasjoner. Mail: Cooppaz2016@gmail.com  

Kontakt i Norge: Nina Luhr er tidligere koordinator for LAG i Colombia og idag prosjektleder for Brigadeprosjektet. Mail: Brigade@lagnorge.no 

María Cristina Umbarila
Oversatt av Robin Leander Wullum
Land