Rettferd og sikkerheit for colombianske aktivistar

I solidaritet med CNA Colombia og dei colombianske sosiale rørslene, krev LAG Norge rettferd og sikkerheit for colombianske aktivistar og menneskerettsforkjemparar.

Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG) fekk 2. mars den opprørande nyheita om at menneskeretts- og bondeaktivist Ruth Alicia López Guisao er drepen.

López Guisao har i ei årrekke vore ein sentral sivilsamfunnsleiar i delstaten Chocó, blant anna som aktivist i organisasjonen ASOKINCHAS - Asociación Agroecológica Interétnica e Intercultural. Ho har vore koordinator for fleire initiativ for å styrke sjølvforsyning for urfolk og afroetterkomarar i delstaten. ASOKINCHAS er medlem av nettverket Coordinador Nacional Agrario (CNA), som er LAGs samarbeidspartnar i Colombia.

Latin-Amerikagruppene i Norge uttrykker sin medkjensle og solidaritet med López Guisao sin familie, dei ramma lokalsamfunna i Chocó og vår samarbeidspartnarar CNA og organisasjonen ASOKINCHAS.

López Guisao er eit nytt offer i ei lang rekke av drap, trugslar og valdshandlingar mot det colombianske sivilsamfunnet, som har auka i omfang det siste året. I 2016 registrerte menneskerettsorganisasjonar i landet 116 drap på aktivistar, i løpet av dei to første månadane av 2017 blei det rapportert om 25 drap på aktivistar.


Ruth Alicia López Guisao

Både menneskerettsorganisasjonar og sosiale rørsler i Colombia har i lang tid varsla om stadig fleire valdshandlingar retta mot sosiale leiarar og menneskerettsaktivistar i landet. Dei ser valdsbølga i samanheng med opptrappinga av paramilitær aktivitet i landet.

Colombianske myndigheiter har, trass klare meldingar frå internasjonale og nasjonale organisasjonar, ikkje anerkjent valden som politisk motivert og som ein heilskapleg tendens, men hevdar at det dreier seg om enkelthendingar.

Dette skjer i ei tid der sivilsamfunnet og myndigheitene i Colombia er avhengig av gjensidig tillit for å kunne implementere fredsavtalen frå Havanna og støtte vidare forhandlingar med ELN i Quito.

LAG oppfordrar norske myndigheiter til å legge press på colombianske myndigheiter, slik at dei: - Anerkjenner den kritiske situasjonen for sosial rørsler og menneskerettsaktivistar i Colombia og set inn tiltak for å oppklare de 25 drapa på sosiale leiarar som har skjedd i 2017 - Set i gang strakstiltak for å bekjempe trugselen frå den aukande paramilitære aktiviteten i landet med spesielt fokus på sikkerheitstiltak for aktivistane. - Paramilitære strukturar skal ikkje bli avskrive av myndigheitene som kriminelle bandar og handlingane deira som småkriminalitet. - Offera for paramilitære grupper skal anerkjennast av myndigheitene og innlemmast i avtalane rundt fredsprosessen.

Fråsegn vedteke på landsmøtet til Latin-Amerikagruppene i Norge, 4.-5. mars.
Land