Vasskraft, rein energi?

Vasskraftanlegg utgjer ein av dei viktigaste årsakene til avskoging og global oppvarming. Jamfør BioScience står slike anlegg for 1,3 prosent av drivhusgassutsleppa i verda. I tillegg fører mange av prosjekta med seg brot på menneskerettane. Likevel blir vasskraft stadig presentert som eit synonym med utvikling.

«Ei demning tettar elva slik ein blodpropp tettar blodårene. Du kjenner deg dårleg, kroppen fungerer ikkje slik den skal. Det same skjer med elva. Vatnet, fjella, jorda og dyra, alle utgjer ein viktig del av livet til oss urfolk. Alle treng me vatn som renn fritt ikring.»

Embera-Katio-folket i Colombia.

Me høyrer lite om dei sosiale og miljømessige konsekvensane av vasskraft. Grunnen til dette er  at stordelen av områdene der ein bygger slike prosjekt ligg langt frå byane der avgjerslene om utbygging blir tekne. I desse utbyggingsområda bur det urfolk, minoritetar og fattige som har få resursar til å bli høyrde.

I utviklingsland slik som Colombia blir vasskraftverk ofte blir bygde i konfliktområder utan at den berørte befolkninga blir konsultert. Bønder og urfolk, slik som Emera-katio folket, har mykje kunnskap og omsorg for jorda og naturen, men deira meiningar blir sjeldan ein del av reknestykket når avgjersler om slike prosjekt blir tekne. 

I Antioquia, Colombia, møter vasskraftanlegget «El porvenir 2» store protestar frå lokalbefolkninga. Anlegget er eit av dei største i Colombia og blir bygd av selskapet Celsia, der det norske oljefondet har investeringar. Lokalbefolkninga har ikkje blitt høyrt av myndigheitene i saka, sjølv om dei har peika på fleire problem:

For det første bryt prosjektet både med lov 1448 (2011) og den colombianske grunnlova som søkjer å beskytte offer for den væpna konflikten. I kommunane San Luis, Puerto Nare og San Carlos har heile landsbyar vore internt fordrivne grunna den væpne konflikten. Dei internt fordrivne har no byrja å flytte heim att, men står i fare for å måtte flykte på nytt dersom vasskraftverket «El porvenir 2» blir bygd ut.  

Juan Pablo er aktivist i organisasjonen Det colombianske bondenettverket, CNA. Han kjem frå Antioquia i Colombia. Hausten 2016 deltok han på Latin-Amerikagruppene si utveksling for latinamerikanske grasrotaktivistar i Norge.

Vidare er miljøutgreiinga som er gjort i samanheng med utbygginga tvilsam. Studiane er upresise, samsvarar ikkje med undersøkingar som er gjort i området og vitnesbyrd frå lokale bønder. I tillegg har området fleire dyr, vekstar og fisk som står i fare for å bli utrydda dersom økosystemet deira blir borte. I tillegg er innbyggjarane i San Luis og Puerto Nare svært bekymra for området det sementen til prosjektet skal takast ut. Dei fryktar at prosjektet skal få store konsekvensar for det biologiske mangfaldet i området.

Det siste lokalbefolkninga er bekymra for er omsynet til det forhistoriske minne. Bønder i området fortel om buplassar og restar etter før-colombianske sivilisasjonar, samstundes som tidlegare studiar frå landsbyen El Prodigio viser til fleire områder med hieroglyfar og veggmaleri. Slike arkeologiske områder vart bevisst unngått då miljøutgreiinga skulle gjerast.

På grunnlag av desse manglane i utgreiingssprosessen ønskjer lokalbefolkninga at prosjektet skal miste lisensen og at utbygginga skal stoppast.

Sidan 2010 har lokalsamfunna samla seg i oktober for å feire den årlege vassfestivalen. Under årets festival samla ein rundt 1000 personar i dagane 21.-23. oktober, og deltakarane markerte sin motstand mot vasskraftutbyggingar slik som «El provernir 2». Lokalbefolkninga meiner at desse prosjekta truar folk sin rett til å bu og bruke områda dei bur i, og deira tradisjonar. I tillegg til å mobilisere lokalt har desse festivalane også vore viktige for å spreie bodskapen om dei sosiale og miljømessige konsekvensane av vasskraftutbygginga inn til byane.

Produksjonen av rein energi har mange konsekevensar. Menneska som risikerer å miste livsgrunnlaget sitt ved slike utbyggingar burde ha rett til å stoppe prosjekta. Deira stemme burde hjelpe oss til å utvikle alternative utviklingsprosjekt som tek omsyn til både menneske og natur.

Teksten er oversatt til norsk av Jørdi Maria Losnegård. 

Vasskraft

Av alt vatnet i verda er kun 2,5 prosent ferskvatn. 1,7 prosent av dette vatnet renn i elver.

I verda har ein meir enn 45 tusen vasskraftverk som dekkar meir enn 400 tusen kvadratkilometer. Dette tilsvarar eit område på størrelse med Storbritannia, Belgia, Nederland og Austerrike. Til saman har slike vasskraftverk fordrive 20.000.000 i løpet av dei siste hundre åra.            

Kjelder: http://debatehidroituango.blogspot.no/ 
http://www.ecoportal.net/Temas-Especiales/Agua/Salvemos_los_Rios_y_el_Agua_Efectos_Mundiales_de_las_Represas_y_en_los_Pueblos_Indigenas_y_Campesinos
http://www.nationalgeographic.es/medio-ambiente/calentamiento-global/hydropower-profile

Juan Pablo Arango
Det colombianske bondenettverket, CNA.
Land