Abortlovgivning

Appell utanfor den chilenske ambassaden: Det er viktig å ha klart for seg at å diskutere abort i Norge og Chile er to heilt forskjellige ting.

Det er viktig å ha klart for seg at å diskutere abort i Norge og Chile er to heilt forskjellige ting. I Chile går sterke stemmer i samfunnsdebatten ekstremt langt i å forsvare konservative holdningar knytt til seksualitet og retten til liv. For å illustrere dette har me funne fram to dømer. 

I juli 2013 stod elleve år gamle, gravide Belén fram. Ho var misbrukt at stefaren sin, og graviditeten var eit resultat av dette misbruket. Dåverande president Sebastián Piñera kalla henne for moden fordi ho skulle føde barnet. 

For nokon veker sidan uttalte senator Marisol Turres at voldtekter ikkje treng å vere voldelege, serleg ikkje i tilfelle der den voldtekne er bevisstlaus. 

Så til lovforslaget under behandling i Chile. Kva er det ein eigentleg diskuterer? Lovforslaget omfattar terapeutisk abort. Dette vil seie at abort skal vere lovlig i tre tilfelle: tilfelle der svangerskapet truar kvinna sitt liv, tilfelle der barnet ikkje vil overleve og tilfelle der graviditeten er eit resultat av voldtekt. 

Problemet med dette lovforslaget er at det ikkje går langt nok. Diskusjonen i dag sentrerer seg rundt helsemessige konsekvensar av det totale abortforbodet, men dette er eit minimun, og inkluderer ikkje kjernen i problemet. Dette handlar dette om likestilling og kvinner sine rettar. A\Sjølvbestemt abort må lovliggjerast fordi det handlar om eit val, og om kvinner sin rett til å bestemme over sin eigen kropp. 

Chile blir rekna som eit utvikla land, men når det kjem til kvinner sine rettar ligg landet langt etter. Kvinner sine rettar er noko som først er komme på dagsorden dei siste åra. Store inntektsforskjellar, låg representasjon i politiske og økonomiske verv og store utfordringar knytt til overgrep, seksualisert vold og voldtekter, er eit resultat av manglande tiltak og merksemd frå staten si side når det gjeld kvinner som gruppe. Kriminaliseringa av abort må sjåast i denne samanhengen. Når ein respekterer kvinna som jambyrdig, respekterer ein hennar rett til å bestemme over sin eigen kropp, og hennar rett til abort. 

Økonomi er også eit viktig aspekt i denne debatten. Både prevensjon og abort er dyrt i Chile. I eit land med enorme klasseforskjellar betyr dette at rike kvinner er dei som best kan beskytte seg. Kvinner med pengar kan lettare hindre uønska svangerskap ved bruk av gode prevensjonsmiddel, og kan betale ein sikker abort, eller reise til utlandet dersom det skulle bli nødvendig. Har ein ikkje råd til sjukehusopphald kan ein kjøpe tablettar, desse kan koste mellom 40 og 125 tusen pesos. Med ei minstelønn på 180 tusen pesos seier det seg sjølv at dette ikkje er aktuelt for dei som har minst. Desse lyt ty til meir primitive løysingar som strikkepinnar og stokkar.

Med slike verkemiddel er det openbart at dei skjulte abortane i Chile utgjer ein alvorleg helserisiko, og særleg for dei fattige. Resultatet er død, infertilitet og helseproblem som varar livet ut. Dei som oppsøker helsetilbod etter komplikasjonar blir ofte møtt med fordommar og nedverdigande behandling. Og ved fleire tilfelle har ein høyrt om inngrep utan bruk av bedøving. Og ikkje minst risikerer desse kvinnene og dei som hjelp dei å bli straffeforfølgde. 

Patricia: Eg hadde ei klasseveninne på skulen som vart gravid. Svangerskapet sette livet hennar i fare, og til tross for dette fekk ho ikkje hjelp. Venninna mi døydde, og barnet vaks opp hjå bestemora. Resultatet er at mora til klasseveninna mi mista barnet sitt, og at barnebarnet hennar aldri fekk møte mor si. 

 

Bilder frå appellen:

image.php?id=15330

Jørdi og Patricia holder appell foran den chilenske ambassaden, som en del av Amnesty sin solidaritetsmarkering til støtte for det nye lovforslaget i Chile
image.php?id=15331

Jørdi og Lisbethimage.php?id=15329

Flere appellanter står samlet foran ambassadenimage.php?id=15334

Patricia holder plakaten hvor det står "Chile er en av få land i verden med totalforbud mot abort"

image.php?id=15335

Amnesty, SAIH, LAG og Sex og Politikk viser sin støtte til det nye lovforslaget i Chile. Her utenfor den chilenske ambassaden.

Land