Avtale med menneskerettsversting

Regjeringa ynskjer å inngå ei handelsavtale med Colombia som vil forverre menneskerettssituasjonen i det valdsherja landet. Krf må setje menneskeverd og fred framfor næringsinteresser, skriv LAG i ein kommentar i Vårt Land

Kommentaren sto på trykk i Vårt Land 20.05.14

Colombia si regjering har ikkje tradisjon for å respektere si eiga befolkning sitt menneskeverd. I tillegg til konsekvensane av den 40 år lange borgarkrigen er det er ekstreme tal på vald og drap, og staten har sitt ansvar. Landet er verdas farlegaste for fagorganiserte. I fjor vart minst 27 fagorganiserte drepne. Amnesty rapporterte om 70 drap på menneskerettsforsvararar. No vil altså Noreg inngå ei frihandelsavtale med menneskerettsverstingen.

Trur Solberg ho skal gjere det Obama ikkje greidde?
Noreg vil bøte på problema ved å inngå ei sideavtale om politiske konsultasjonar om menneskerettar og arbeidstakarars rettar. Men avtala er ikkje forpliktande og inneheld ingen moglegheiter for sanksjonering. Det vil seie at om Colombia skulle fortsetje å gjere overgrep mot si eiga befolkning er det ingen ting Noreg kan gjere.

Det er ikkje utan grunn at vi tvilar på intensjonane til dei Colombianske styresmaktene. Dei har nemleg tilsvarande eller sterkare avtaler med langt sterkare aktørar, som EU og USA, og desse avtalane har ikkje hatt nokon funksjon: Situasjonen er like nedslåande som tidlegare. Solberg er nok ein dyktig statsminister, men vi lyt innsjå fyrst som sist at Noreg ikkje kan rekne med meir påverknad enn Obama.

Folkeleg motstand

Colombia er i ein djup jordkonflikt som er grunnlaget for den årelange væpna konflikten i landet. Handelsavtaler som legg opp til vekst i plantasjesektoren er med på å underbyggje denne. Det er grunnen til at det i fjor brøyt ut generalstreik og landsomfattande protester. Slutt på frihandelsavtaler var eit av hovudkrava i protestane.

Fred eller frihandel?

Frihandelsavtala set fredsforhandlingane som Noreg legg til rette for i fare. FARC, som er motparten til den colombianske regjeringa i borgarkrigen, kom til forhandlingsbordet med «ingen nye frihandelsavtaler» som eitt av ti krav. Om me no ratifiserer avtala, vil det endre Noregs nøytrale rolle, og setje i spel fredsforhandlingane som kan få slutt på den 40 år gamle borgarkrigen.

Latin-Amerikagruppene ber Stortingsrepresentant i Næringskomiteen, Line Hjemdal om å la menneskeverd og fred gå framfor norske næringsinteresser når KrF i desse dagar skal ta stilling til kor vidt Noreg skal inngå frihandelsavtale med Colombia.

Latin-Amerikagruppene deltok i høyring i Stortingskomiteen. Les meir om høyringa her. 

Tore Isungset Støve og Brita Brekke
Land