2. runde: val mellom pest og kolera?

6. november møter tidlegare general Otto Pérez Molina den nyliberale forkjemparen for dødsdom, Manuel Baldizón til omkamp om presidentvervet i Guatemala.

I eit breitt felt av kandidatar fekk Pérez (Partido Patriota - PP) 36% av stemmene, framfor Baldizón (Libertad Democrática Renovada - Líder) med vel 23% og Suger (Compromiso, Responsibilidad y Orden - Creo) med vel 16%[1]. Venstrekoalisjonen Frente Amplio med fredsprisvinnar Rigoberta Menchú i spissen fekk 145 464 stemmer, tilsvarande sjetteplass og 3.28%, godt under lova sitt minstekrav på 5% for fortsatt eksistens.  

Folket i Guatemala har med det under to månader på å bestemme seg for om ‘løysinga’ på dei eskalerande valdsproblema skal vere Pérez sin militære maktbruk (mano dura) eller Baldizón si innføring av dødsdom. I praksis vil det seie ein kopi av krigserklæringa til Calderon i Mexico eller aktiv bruk av dødsdom i eit land gjennomsyra av korrupsjon[2]

Likevel vil valet truleg først og fremst bli huksa for eks-presidentfrue Sandra Torres si skilsmisse for å unngå grunnlova sitt forbod mot kandidatar som er i familie med noverande president. Den nasjonale valdomstolen annulerte derimot hennar kandidatur, ettersom skilsmissa var ei bevisst handling med formål om å gå rundt lova. Den nye koalisjonen til sittande president Álvaro Colom, UNE-Gana, stilte dermed utan kandidat til presidentvervet. I kongressen derimot oppnådde koalisjonen 47 seter (Curules), like bak Pérez sitt PP med 54, medan Baldizón kun vann 14. Det tilsvarer ingen store endringar, og samarbeid er naudsynt for å oppnå fleirtal. Både UNE-Gana og PP vil få 126 ordførarar.

Valdeltakinga var på vel 5 millionar i eit land som totalt har nesten 14 millionar innbyggarar, noko som vert sett på som positivt og var grunnlag for gratulasjonar frå OEA og naboland. Derimot var heile 10% av stemmene blanke eller annulerte. 

José Octavio Bordón, sjef for valobservatørkommisjonen til Organisasjonen for Amerikanske Stater (OEA), la i forkant av valet vekt på behovet for reform av valkamplova og dei overdrevne summane partia har brukt på valkampen, samt at finansieringa og mangel på transparens er grunnlag for stor bekymring[3]. På valdagen helte Rigoberta Menchú bensin på bålet ved å ikkje anerkjenne den nye presidenten, uansett vinnar, før valsystemt er reformert. 

Etter valet har det blitt lagt vekt på tregare opptelling av stemmer enn planlagt, forsøk på valfusk og valrelatert vald. Trass i alkoholforbodet (Ley Seca), som mellom anna er meint å redusere valdsbruk, vart det rapportert 70 ureglementerte tilfelle. Totalt 19 arrestasjonar vart gjort, deriblant 4 hondurarar som forsøkte å stemme med falske identifikasjonsdokument. Blant valdstilfella var brenning av stemmesedlar, offentlege bygningar og to politibilar. Ein politimann vart drepen og fem skada. I tillegg kjem dødstruslar og svertekampanjer.


[1] Tribunal Supremo Electoral - Guatemala C.A. http://resultados2011.tse.org.gt/

[2] Guatemala vart rangert som nr. 91 med 3.2 poeng på Transparency International sin Corruption Perception Index (CPI) for 2010: http://www.transparency.org/policy_research/surveys_indices/cpi/2010/results

[3]  OEA valobservasjon: http://www.s21.com.gt/nacionales/2011/09/10/oea-preocupada-altos-gastos-campana

Tore Kristian Haaland
Land