Venezuela blir med i Mercosur

Etter statskuppet i Paraguay fekk Venezuela medlemsskap i frihandelsblokken Mercosur. Kor vidt medlemsskapet er eit gode for det progressive landet, er det imidlertid usemje om.

President Chavez har hatt som mål å skaffe Venezuela medlemsskap i frihandelsblokken Mercosur i lang tid. Medlemsskapet har blitt diskutert i den søramerikanske frihandelsblokken og godkjent av Brasil, Arbetina og Urugugay, men konservative krefter i Paraguay har stått steilt imot eit økonomisk samarbeid med den venstrepolitiske regjeringa til Chavez. Då Paraguay som følgje av statskuppet i sommar vart eksludert frå Mercosur, vart Venezuela tatt opp som medlem. 

Medlemsskapet blir presentert som ein politisk seier for president Chavez som søkte medlemsskap i blokken for seks år sidan. Men ikkje alle er like nøgde med at grensene opnast for handel med Mercosurlanda.

Mercosur vart etablert av Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay i 1991. Mercosur er ei frihandelsavtale med mål om å skape ein felles marknad mellom medlemslanda. Fri flyt av varer, tenester og produksjonsrelaterte goder står som hovudmål. Avtala set mål av seg å fungere som ein felles tollunion mot andre land og medlemslanda har forplikta seg til å samordne sine lovverk med mål om politisk og økonomisk integrasjon. 

Mercosur er ein betydeleg økonomisk blokk som representerar 83 prosent av BNP i Sør-Amerika. Både Argentina, Uruguay og Brasil er store eksportørar, spesielt av jordbruksvarer, men Brasil er den desidert tyngste økonomien. Brasil blir rekna som eit av dei mest veksande økonomiane i verda og har fått ein markant politisk posisjon i internasjonale fora.

Medlemsskapet i Mercosur er utan tvil ein politisk seier for Venezuela. I tillegg til å bli ein del av den største handelsblokken i Latin-Amerika, får Venezuela med Mercosur ei større stemme internasjonalt. Mercosur kan også nyte godt av selskapet til det nye progressive medlemmet. 

Men medlemsskapet kan også bli ei utfordring for Venezuela. Tollfri import frå storeksportørane i Mercosur vil kunne slå beina under matprodusentar så vel som gryande industri i Venezuela. Venezuela importerar i utgangspunktet varer for 34 milliardar USD frå Mercosur, og utan importvern vil importen truleg vekse endå meir. venezuela på si side nyt godt av oljeeksport til Mercosur, men ser ein bort frå denne enkelte vara så ugjer ikkje eksporten meir enn to millionar USD. Venezuela har hatt utfordringar med å produsere tilstrekkjeleg med mat til eiga befolkning. Frihandel med agrogigantane i Mercosur kan derfor også vere eit gode for venezulanske forbrukarar som kan få billigare mat i butikkhylene. 

Venezuela melte seg ut av den andinske frihandelsavtala CAN i 2006 og har vore ei kritisk røst i Verdas Handelsorganisasjon. Gjennom ein ti års periode har Chavez og Venezuela vore sentrale i kritikken mot frihandelspolitikk og i oppbygginga av reelle alternativ. saman med Cuba, Ecuador, Bolivia, Nicaragua og ei rekkje øystatar har Venezuela etablert handels- og produksjonssamarbeidet ALBA. I motsetning til frihandelsavtalene så set ALBA solidaritet og produksjon i sentrum. ALBA utfordrar frihandelsavtalene med assymetriske avtaler, politiske tiltak for å skape handelsbalanse mellom partane, samarbeid om industribygging og komplementær snarare enn konkurransebasert handel. Venezuela har spela ei viktig rolle i å utvikle rettvis handelspolitikk for utvikling. Nyleg annonserte også landet at dei trekte seg frå det kritiserte tvistedomssystemet ICSID. Medlemmskapet i frihandelsavtala Mercosur ser ikkje ut til å vere konsistent med den frihandelskritikken landet har reist i regionale såvel som i internasjonale fora.

Les meir om debatten på:

www.alainet.org

www.ipsnews.net

www.bilaterals.org

www.mercosur.int

Heidi Lundeberg, dagleg leiar