«Litt etter litt fortsetter vi kampen»

På bygda har vi møtt bevisste zapatistbønder som saman arbeider for endring.

Elise Hammari og eg har vore to veker i ein landsby vi har valgt å kalle Håpet under andre uteopphold. Den ligg i sjølvaste Lacandónjungelen, her møtte vi opne mennesker med store smil. Kvar morgon har nokon banka på døra for å by oss på mat og selskap. Frå dag til dag har vi vore med ulike familiar og deltatt i deira kvardag. Slik har vi lært litt meir om livet som organiserte bønder og arbeidet dei gjer som zapatistar.

Frukosttid
«Godmorgon, er dykk klare for frukost?», sa våre compañeras, kvinnelige zapatistar, når vi kom til dei på morgonkvisten. Inne på kjøkkenet knitra bålet og damene har alt vore i gang med daglege arbeidsoppgåver. Mennene har som regel for lengst dratt på åkeren. Til frukost fekk vi smakfulle bønner, steikte egg, tortillas av mais og kaffe med søt smak av sukkerrør. Alt er sjølvdyrka. Under måltida tusla små kyllingar rundt beina våre, og grisane grynta utanfor saman med kaklande høner og kalkunar. Samstundes som dei yngste ungane stakk hovudet inn for å kike på besøket. Etter frukosten var vi aldri heilt sikre på kva det neste blei, men det virka som om kvinnene alltid hadde ein plan for oss. Vi laga tortillas, henta ved, vatn og sukkerrør, høsta bønner på åkeren og baka brød saman med kvinnekollektivet. I tillegg besøkte vi landsbyens sjølvstyrte skule og helsesenter.  

image.php?id=13548Ein av dagene baker vi brød saman med kvinnekollektivet. Foto: Elise Hammari.

Bønder og sjølvforsyning
Den første dagen var vi i huset til søstrene Isabel og Ana. Her fekk vi lage tortillaer, rense maiskolber og sortere bønner. I løpet av dagen fortalte søstrene oss meir om å leve med jordbruket som arbeid og hovedinntektkilde. «Det er hardt å være bønder. Arbeide med jorda, så og høste. Alt gjer vi utan maskiner, det einaste redskapet er macheten. Coyoter, handelsmenn som sel videre til større selskap, kjem hit og kjøper produktene, men overskuddet er lite», fortel Isabel, ho legg til at det er mais og bønner dei dyrkar mest. «Har dykk mais i Noreg? Et dykk tortillas der borte?» Bønnene og maisen dei et produserer dei sjølve, og vi blir fortalt at det er ein viktig del av livsgrunnlaget. «Uten dette har vi ingenting. Vi er fattige no, men vi har vertfall jord vi kan dyrke. Det finnes dei som ikkje har jord eller pengar.» Søstrene sa også at pengar er lite i bruk i samfunnet fordi ein dyrkar maten sjølv, og at det er om ein sjukdom skulle oppstå at pengar er nødvendig.

Zapatister i kvardagen
I landsbyen organiserer bøndene seg på ulike måter som zapatister. «Vi har eigen skule og helsesenter. Sjølv er eg helsepromotør og søstra mi Ana er utdanningspromotør.» Sidan midten av 90-tallet har zapatistane organisert eit autonomt skulesystem og helsetilbud, det vil seie at dei er sjølvstyrte og uavhengige av staten. Gjennom organisasjonen blir promotørar, som fungerer som lærarar og helsepersonell, valgt av folket og opplært gjennom kurs som gir den nødvendige kompetansen for arbeidet. På den måten får både menn og kvinner høve til å utvikle seg i verv som er nyttige for samfunnet, samstundes som tilboda i landsbyen blir forbetra. I Håpet er  det skule tre dagar i veka og helsesenteret er ope kvar ettermiddag. Promotørane som vi har snakka med i løpet av oppholdet fortel oss at dei mottek ingenting i løn. «Vi ser at dette trengs i samfunnet, og at vi på denne måten er med på å utvikle det autonome systemet. Det er ein lang prosess, men vi ser at det hjelper.»

image.php?id=13547Med urfolksdrakt og machete på åkeren. Foto: Birgitte Ringstad.Ein hard kamp
Tilbake i huset til søstrene Isabel og Ana kjem mennene tilbake frå åkeren i tre-tida og jordet utanfor blir fullt opp. Alle saman engasjerte i organisasjonen.  «Det er ein hard kamp å være i, alle zapatistar har eit verv vedsiden av kvardagen som ein gjer frivillig. Til dømes mottek ein ikkje noko for å være promotør. Når ein arbeider mistar man ein dag med arbeid i heimen eller på åkeren. Men den gir oss høvet til å utvikle oss gjennom å være promotørar og andre verv i den autonome organiseringa. På den måten gir kampen oss meir informasjon og kunnskap. Dette gjer oss meir beviste på det som skjer rundt oss. Noko vi ikkje hadde hatt foruten».

Litt etter litt
Kor lenge har dykk kjent til kampen vår? Vi måtte innrømme at vi kun har hatt kjennskap til den nokre måneder. Da flirte søstrene venleg. «Så liten tid. Her har vi vokst opp med kampen, og foreldrene våre enda lenger.» Etter ein lærerik dag takka vi for oss. Ana har satt i gang med å sortere bønner og Isabel har gjort seg klar for ein ettermiddag på helsesenteret. På veien tilbake kryssa vi elva full av kvinner som vaska klede, barn som hjalp til og menn som vaskar seg etter ein dag på åkeren. Vi har lært litt meir om kvardagen og kampen til zapatistbøndene i landsbyen. Arbeidet i heimen, på åkeren og i kampen. Ein kamp som våre compañeras og compañeros fortel kan være vanskeleg og innebære mykje arbeid. Men som er organisert på ein måte kor folket deltek og medvirker i endringane som skjer. Som søstrene sa og mange andre vi har snakka med: «Det er ein kamp som skjer «poco a poco», litt etter litt, men som er tilstede og som skjer.»

Birgitte Ringstad
Land