Følg oss på:
 

Mardøla – då sivil ulydnad møtte kraftutbygging

Foto: Lars Øvergaard

Foto: Lars Øvergaard

Reisebrev: På 70-talet amla lokale bønder og radikale aktivistar seg til kamp for Mardøla – og skreiv historie som dei første i Noreg til å bruke sivil ulydnad for å forsvare naturen. Mardøla-aksjonen blei eit vendepunkt i miljøkampen, og står i dag som eit kraftfullt døme på lokal motstand mot statlege og industrielle inngrep.

Under Mardøla-aksjonen blei sivil ulydnad teke i bruk for første gong i noregshistoria for å forsvare naturen mot menneskelege inngrep.

I 1970 blei mardalsfossen tørrlagt, og vatnet blei ført til vassmagasina Grøttavatnet og Mongevatnet, for å auke kraftproduksjonen ved Grytten Kraftverk, i nabokommunen Rauma. Dette skapte uro og misnøye iblant folket som levde og budde langs vassdraget til Mardøla.

Aktivisten Marit Wadsten gav att det lokale perspektivet på Mardøla-aksjonen, i ei samtale med brigadist Rosario Pascual.

Marit var tydeleg på at det var dei lokale bondefamiliane som satt opp den første protestleiren. Ho nemnte at ein eldre nabo på meir enn 70 år smidde om lenkene som blei brukt under aksjonen, og som seinare skulle bli både eit symbol og ein reiskap for aksjonering i Noreg.

Etter kvart strøyma det til fleire aktivistar, blant anna filosofiprofessor Arne Næss, og saman makta dei å stoppe opp utbygginga 25. Juli. Dei heldt stand oppe på fjellvidda med Sandgrovbotn heilt til 6. August, då dei blei bore bort av politiet.

I tidas laup blei lokalsamfunna gjeve fleire lovnadar, men dei diverre botemidla ytte ikkje vederlag for tapa lokalsamfunna lei på grunn av naturinngrepet.

I dag strøymer vatnet i nedover mot Hydro Sunddal, og produserer straum til Europas største aluminiumsfabrikk. Det blir då lite vatn igjen i det naturlege vassdraget, Mardøla, og bøndene som bur nedover dalføra må vatne med vatnarvatn for å få graset til å vekse som det skal.

Dei lokale bøndene blei gitt eit vatningssystem som del av avtalen frå 70-talet, men etter femti år med bruk blir det naudsynt med reparasjonar, og reparasjonsansvaret fall på eit fattig kommunebudsjett. Kommunen har sagt at den ikkje har midlar til å reparere vatningssystemet.

Hovudkravet frå lokalsamfunna er klårt: «fritt vassfall året rundt!». I dag får berre vassfallet falle fritt under turistsesongen på sommaren, resten av året ligg ho tørrlagt. Dette har negative konsekvensar for lokalbefolkninga og dei lokale økosystema, som slit med å tilpasse seg den dramatiske endringa vassfallets årlege utslepp og tørrlegging byr på.

Samtala med Marit har hjelpt oss forstå dei diverre dynamikkane og aktøren som opererer i denne saka, og sleis styrka vår forståing av dei maktrelasjonane og globale logikkane som her spelar inn.

Lars Øvergaard
Aktivist i LAG
Rosaria Pascual
Brigadist frå la Coordinadora Nacional de Viudas de Guatemala (CONAVIGUA) i Noreg.