All makt til kommunane!

Foto: Prensa Presidencial

Foto: Prensa Presidencial

Utsegn fra ALBA Movimientos og den Internasjonale Folkeforsamlinga (IPA-AIP) om den andre Nasjonale Folkekonsultasjonen i Venezuela som gjekk av stabelen den 25. august 2024.

Den 25. August går den andre Nasjonale Folkekonsultasjonen av stabelen i Venezuela. Her vil det venezuelanske folk, organisert i sine kommunar, utnemne 4.500 prosjekt som skal bli finansiert av staten. Folkekonsultasjonen er eit initiativ frå regjeringa til Nicolás Maduro, som ønsker å styrke folkemakta og den kommunale organiseringa i landet, med fokus på lokal sjølvforvaltning. Denne demokratisk deltakande prosessen har ein sterk forsamlingsand, ettersom han gjer rom for at menn og kvinner finn saman for å diskutere dei prosjekta dei meiner staten bør finansiere i ei kollektiv løysning på naudsyna.

Som kommandanten Hugo Chávez sa: «Kommunen bør være bakken vi bygger sosialismen på. Sosialismen kan ikkje vekse ut av presidentpalasset, han kan ikkje bringast til liv ved ei forordning. Han må vekse fram frå grasrota, han må skapast av folket, av massane».

Prosjekta som kjem fram i den Nasjonale Folkekonsultasjonen blir valte og sjølvorganiserte av dei Kommunale Råda, noko som sikrar ei aktiv deltaking av folket og ei aktiv utøving av folkemakta. Denne modellen for deltakande demokrati er med på å styrke organisasjonen på det lokale plan og oppfordrar heile samfunnet til å forsvare dette folkeinitiativet i kampen mot byråkratiseringa av staten. Det er ein brei prosess vi her har med å gjere. Ein sann folkefest leia av lokale leiarar som gjer alt dei har for å gje liv og meining til deira lokalsamfunn, via dette prosjektet som springer ut av dei revolusjonære ideane til kommandanten Chávez.

Vi, som spring ut frå dei djupaste folkekampane, hever våre knyttnevar i forsvar av den Bolivarianske Revolusjonen og viser vår støtte til det modige venezuelanske folk i sin kamp for å gjere mogleg det umoglege: eit demokrati som spirar frå bakken.

ALBA Movimientos og den Internasjonale Folkeforsamlinga (IPA-AIP) forsvarar det kommunale demokratiet og støttar opp under forsvaret for denne forma for deltaking. Ei deltaking som har som praksis å bryte med individualismen for å krevje ei forplikting ovanfor det kollektive, i utviklinga av eit solidarisk og berekraftig liv i samskap med oss alle.

ALBA Movimientos og den Internasjonale Folkeforsamlinga (IPA-AIP)
Oversatt av Lars Øvergaard
Land