Verda treng framleis Yasuní

Klima- og utviklingspartiet SV bør støtte Ecuador sitt unike initiativ til å la olja ligge i bakken i eit av dei mest artsrike områda på kloten, uttalar LAG i Bistandsaktuelt.

Sidan den ecuadorianske presidenten Correa lanserte Yasuní prosjektet på talestolen i FN i 2007, har initiativet møtt stor støtte internasjonalt. Ideen om å la vere å utvinne den strategiske oljeressursen med formål om å verne regnskogen og hindre ytterlegare klimaendringar, kom frå sosiale rørsler i landet og fekk etterkvart støtte i regjeringsapparatet. Ecuador er eit utviklingsland med store utfordringar knytt til fattigdom. Landet ber derfor om kompensasjon frå det internasjonale samfunnet tilsvarande halvparten av dei inntektene dei ville ha fått ved å utvinne olja.

Som internasjonal voktar av regnskog, forkjempar for urfolks rettar og aktiv deltakar i dei internasjonale klimaforhandlingane, vart Noreg og den raudgrøne regjeringa tidleg kontakta som mogleg givar. Men den norske oljeavhengigheita vog nok tyngst då Noreg gav sitt svar. Korleis i all verda kunne Noreg støtte eit utviklingsland i å prioritere klima og miljø foran olje, når ein med nød og neppe har klart det i Lofoten og Vesterålen? 

Då Aftenposten 15. mars presenterte ein utmerka reportasje om Yasuníprosjektet, gjentok miljøvernministeren sin rådgivar, Audun Garberg, den gamle grunngjevinga for å avslå støtte. Regjeringa er redd for at "hvis alle land skulle kreve betaling for å la petroleumsreserver ligge i bakken, ville de globale klimabudsjettene måtte mangedobles. Dette er ikke en tilnærming vi ønsker å skape presedens for."

Kva er det regjeringa seier nei til? Yasuníprosjektet er eit samarbeid mellom regjeringa i Ecuador, sivilsamfunnet og FN sitt utviklingsprogram og framstår i dag som eit velutvikla forslag: Ecuador forpliktar seg til varig vern av området, og som kompensasjon for tapte oljeinntekter ber dei om støtte til eit fond som vert forvalta av FN. Midlane skal brukast til skogvern, sosial utvikling og fornybar energiutvikling.

Med Ecuador si utvikling dei siste åra framstår løysingsforslaget som svært plausibelt. Ecuador har som mange andre latinamerikanske land endeleg starta å ta kontroll over eigne naturresursar, og førar ein politikk som gjer at landet er på veg til å ta steget frå fattigdom og enorme klasseskilnader til å verte ein velferdsstat. Det minner om vår eiga sosialdemokratiske historie, men konflikten mellom miljø og utvikling er endå større i Ecuador enn i Noreg. Mykje av dei sosiale programma er finansiert av oljeutvinning frå Amazonas. No er det altså gjort enorme funn i det mest artsrike området av dei alle, Yasuní.  

Regjeringa støttar allereie et skogbevaringsprosjekt i Ecuador, men har gjeve uttrykk for at dei ikkje vil verne skog der det er oljeinteresser. For vår del virkar det som ei dobbel vinning, men regjeringa har altså ikkje sett det slik fram til no. Me håpar den nye miljøvernministeren ser klarere og maktar å sjå skilnaden mellom å verne det mest artsrike området i Amazonas og ørkensand i Midtausten. Om Ecuador lukkast med å redde dette unike området, og det etterpå kjem eit liknande forslag frå eit like verneverdig område, vil ikkje Noreg vere forplikta til å støtte det, sjølv om det kanskje ikkje er så alt for dumt.

LAG meinar Noreg burde vore på banen for lenge sidan, men det er ikkje for seint. Me håpar den nye miljøvernministeren frå miljøpartiet SV ser kor viktig det er å støtte Yasuní, både for artsvern, for ei berekraftig velferdsutvikling i Ecuador, og for truverda til Noreg. Om Yasuní går tapt for oljeinteressene, blir verda fattigare, og regjeringa sitt svar til Ecuador står att som ei tom prinsippsak, basera på eit prinsipp me ikkje klarer å kjenne att SV i.

Tore Isungset Støve og Joakim Hjertholm
Land