Venezuela - valg og velferd

Hva har Chavez oppnådd til nå, og hvorfor fortsetter folk å stemme på ham? Ivar Jørdre oppsummerer, etter å ha vært i Caracas da Chavez ble valgt til sin tredje periode.
Chávez vann med over 8 millionar stemmer (55 prosent) i valet 7. oktober, Capriles fekk omlag 6,5 million (44 prosent). Valdeltakinga var 81 prosent, den høgaste i landet nokon gong. Demokratiet er i fare i Venezuela, vert det ofte sagt i mainstream media. Slike påstandar fokuserast det ofte på i forkant av val i Venezuela for å diskreditere Chávez-regjeringa og dei andre venstreorienterte regjeringane i verdsdelen. Valgjennomføringane og den tredje sigeren på rad for Chávez, er alle godkjent av m.a. EU, Organisasjonen av Amerikanske Statar, Carter Center og UNASUR.

Chávez sin tredje periode (2013-2019) sikrar seks år til med den «Bolivarianske revolusjon». Sjølv om opposisjonen har kutta ned avstanden til Chávez, frå 26 prosent ved førre val i 2006 til 11 prosent no, har fleirtalet av folket gove ei klår melding: "Endringsprosessane må halde fram og me vil delta i dei"!

Endringsprosessar

Lat oss sjå litt grundigare på kva som hender i Venezuela når det gjeld endringsprosessen og kva den fører med seg. Det er då viktig å fortelje historia om at det er ei folkeleg deltaking som ligg bak det landet har oppnådd til no. Helse, utdanning, fattigdomskamp og mat til låge prisar, er av dei aller viktigaste tinga som ikkje kan samanliknast med nivået for tolv år sidan då majoriteten var råfattige og mangla alt. Eliten hadde makta og alle endar. No er det i alle fall færre fattige, men mykje står att før ein kan snakke om rettferd for alle. Det er difor det er så viktig at prosessen får halde fram. President Chávez er førebels den som kan gje det rommet som trengs for at prosessen går framover med den folkelege deltaking som er heile bærebjelken i dette.

Venezuela er eit land med motsetnader mellom ein arrogant elite, kranglete borgarskap og millionar av folk som har fått eit betre liv gjennom endringsprosessane som president Hugo Chávez og regjeringa har gjennomført dei siste tolv år. Den høgaste minsteløn i heile Latin-Amerika og sterke arbeidsrettar, er alle faktorar som gjer folk meir nøgde. Nyleg kom ei arbeidslov inn i lovverket med vern av arbeidsrettar og sosial sikkerheit for ein stor del av folket som før hadde arbeidt i uformelle og dårlege rammer. Heimearbeidande som tek seg av sine næraste på full tid, har no rettar og ein pensjon frå Staten. Bønder, fiskarar og folk som driv med meir tradisjonell handel, vil no få dei same rettar som andre arbeidarar. Nye bustader i murstein vert bygd for dei som før budde i pappskur, lokale klinikkar er kome der folk aldri har sett helsepersonell før, og subsidiert mat og medisinar for mange som treng det.

«Missiones»

Dei sosiale programma «missiones» er sjølve grunnstamma i den Bolivarianske revolusjon og truleg av dei mest suksessfulle endringar. Dette er store statleg finansierte tiltak som endrar fattigdomsbiletet og aukar sysselsettinga dramatisk. Programma har som mål å betre befolkninga sin situasjon, til dømes ved å betre tilgang på utdanning, helse, bustad, kultur og mat. Talet på misjonar aukar stadig etter nye initiativ frå regjeringa. Det første var Mission Barrio Adentro. Etablert som nasjonalt program i desember 2003, etter ein vellukka start i dei fattige bydelane i Caracas. I dag deltek om lag 20 000 kubanske og fleire tusen venezuelanske legar i programma. Over 20 millionar (over 70 prosent av folket) har hatt medisinsk handsaming i dette programmet i dei første åra etter starten, i følgje INE (Det nasjonale statistiske institutt). Mission Robinson, Ribas og Sucre er utdanningsprogram (basisk lesing og skriving, vidaregåande og universitet) som gjev gratis utdanning til fattige. I følgje ein rapport frå regjeringa i 2006 deltok 3 millionar venezuelanarar i programma. Mission Robinson feira nyleg 9 år og har lært 1,75 millionar venezuelanarar lesa og skriva sidan oppstartinga. Allereie i 2005, to år etter starten, vart Venezuela erklært som lese- og skriveukunnig fri sone. Ein del av Mission Sucre programmet er også det nye Bolivarianske Universitetet, oppstarta i 2003, der hovudmålet er å gje gratis utdanning til fattige og det er ope for alle. Mission Mercal er ei statsdriven supermarknadskjede som gjev opp mot 50 prosent reduserte matprisar og har i dag omlag 20 000 butikkar. Den siste misjonen eg nemnar her er den førebels nyaste. Gran Mission Vivienda er eit gigantisk byggeprogram for i første omgang gje 3 millionar fattige bustader innan 2019. I dag ser ein ferdigstilte og påbyrja bustadblokker over alt i Caracas. Over 200 000 leilegheiter og hus har vorte bygt rundt i landet sidan april 2011. Programmet gjev rimelege og subsidierte bustader for fattige, samtidig er tusenvis nye arbeidsplassar skapt. Bustadunderskotet i Venezuela er av gamal årgang og gjer at millionar bur i fattigstrøka i Caracas sine åssider og elles i landet.

Nytt progressivt statsbudsjett

Venezuela sitt nasjonale budsjett for 2013 er eit steg vidare mot ein framtidig sosialistisk økonomi. Sjølv om mykje står att er dei statlege sosiale programma forsterka i finansiell forstand og ein auke i sysselsettingsraten som resultat av det. Meir enn 37 prosent av budsjettet er sett av til sosiale investeringar, m.a. skule, helse, bustad, andre offentlege tenester og lokalsamfunn. I konkrete tal vil dei sosiale investeringane auke frå 153 milliardar i 2011 til 196 milliardar i 2013. Chávez-regjeringa har på nytt prioritert tiltak retta mot Venezuela sine fattigaste. Framlegget til statsbudsjett er på om lag 530 milliardar (rundt halvparten av det norske), som inneheld ei auke på 33 prosent frå det førre.

Kritiske økonomar advarar mot eit for ekspansivt budsjett og at Venezuela sine store reformar ikkje er økonomisk bærekraftige. Andre meiner tvert om at desse investeringane fører til ein god økonomi. Staten sin rolle i økonomien er styrka, nasjonal kontroll over oljeinntekter og bankar er her sentralt. Sysselsettinga i offentleg sektor er omlag dobla under Chávez-regjeringane til no, til 18 prosent. Dette er likevel mykje lågare en t.d. i Noreg der delen er omlag 30 prosent. I 2011 var 33,5 prosent av Venezuela sitt BNP offentlege utgifter. Til samanlikning har EU nesten 50 prosent i gjennomsnitt og USA rett under 40, i følgje Eurostat. Spørsmålet er kva dette offentlege forbruket går til og for kven?

Mykje av dei offentlege utgiftene i Vesten går til subsidiering av privat næringsliv, eksportstøtte og nasjonal tryggleik. I kontrast til at Venezuela vil bruke 8 prosent av budsjettet til forsvar og liknande, set USA av 26 prosent for 2013. Lovgjevar i Nasjonalforsamlinga Fernando Soto Rojas seier budsjettet for 2013 er «i alt vesentleg humanistisk, fordi det angrip fattigdom, ekstrem fattigdom og fordi det garanterer fortsetting av den sosiale investeringspolitikken».

Ivar Jørdre
Land
Tags