Djup medkjensle

Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG) uttrykkjer vår djupaste medkjensle med kameratar i AUF. Følgjande brev vart overrekt AUF i lag med Pablo Neruda's Canto General.

Kjære AUF, kjære kameratar

Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG) vil uttrykke vår djupe medkjensle med dykk i denne forferdelege situasjonen. Me er alle sjokkert og sorgtyngde over det grusomme angrepet. Og me sender våre kondolanser for dei tapa de har lidd.

Me har motteke ei rekkje helsingar frå sosiale rørsler i Latin-Amerika og ynskjer å overbringe desse solidaritetsmeldingane vidare til dykk.

I denne utruleg tunge stunda viser de enorm styrke. Leiar Eskil Pedersen set ord på det me føler og gjev oss alle tru på at kampen for ei meir rettvis verd vil bestå. Me ynskjer å berømme dykk alle for å svare angrepet med appell om meir debatt og meir solidaritet. Saman skal me kjempe vidare.

 

Hjartleg helsing frå sekretariat, styre og alle medlem i

Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG)   

 

…………………………………….

 

Vi anerkjenner at Norge har vært et av de mest deltakende landene for å oppnå dialog og fred i Guatemala. Vi ønsker dere handlekraft og styrke for å fortsette framover!         

CONAVIGUA, Guatemala

 

Vi sender dere vår solidaritet i dette øyeblikket av kollektiv sorg.

Radio Zapatista, Chiapas

 

Vi som i lang tid har vært vitner til solidariteten fra dere og det norske folk, kjenner den absurde katastrofen som har rammet det norske folk som om den var vår egen.            

CEADL, Bolivia

 

Vi ber innstendig om at det norske folk overkommer frykten og fortsetter framover - fornuften, rettferdigheten og solidariteten skal vinne.                                                   

CORDES, El Salvador

 

Vi er oppriktig lei oss for at et folk så solidarisk som det norske, skal lide tapet av verdifulle liv.                         

Madreselva, Guatemala

 

Vi er sikker på at vår generasjon vil greie å leve i kjælighet og harmoni med moder jord. Ikke mist motet!
Fundacion CEDIM, Guatemala

Heidi Lundeberg, dagleg leiar