Bensin på bålet

I Bolivia protesterar sosiale rørsler mot å kutte subsidierte middelklassevarer. Strategi og dialog står som utfordringar for styresmakter så vel som sivilsamfunn i 2011.

Strategisk handling og dialog bør vere eit nyttårsforsett for oss alle, folk og regjeringar verda over. Ved årsskiftet annonserte president og tidlegare cocabonde og fagforeiningsleiar Evo Morales dekret 748 om endring av drivstoffprisar. Bensin og diesel som har vore kraftig subsidiert blir med dekretet mykje dyrare. Ifølgje presidenten har smugling av drivstoff til nabolanda vore eit stort problem. Det subsidierte bolivianske drivstoffet er svært så populært i nabolanda Peru, Ecuador, Argentina og Brasil der drivstoffet vert solgt i samsvar med internasjonale oljeprisar. Som Morales uttalte på den søramerikanske fjernsynskanalen Telesur; kvifor skal subsidierte bolivianske varer smulgast ut av landet samstundes som staten brukar store summar på å importere dyrt drivstoff.

Dekretet har imidlertid blitt møtt med massiv motstand. Bolivianske sosiale rørsler er verdskjente for si emne til å mobilisere og protestere med politisk hell og har vore til inspirasjon for organisasjonar og aktivistar også for oss her i Noreg. Massive protestar inklusive blokkade av hovudtransportåra til hovudstaden La Paz var responsen på aukande drivstoffprisar. Dei som kjenner Bolivia godt tenkjer nok at ja, ja det er vel den reaksjonære middelklassemobben i Santa Cruz som er ute og raslar med sablane, men også delar av fagrørsla og enkelte av dei sivilsamfunnsorganisasjonane som stod sentralt i kravet bak progressive endringar som ny grunnlov og nasjonalisering av gasressursane, har gått på gatene og gått så langt som å kreve visepresidenten sin avgang.

LAG sin samarbeidsorganisasjon CEADL stiller spørsmål ved regjering si bruk av dekret og meiner at regjeringa si makt må avgrensast. Eit fornuftig innspel i ein region der folk flest levde under statelege militærdiktatur inntil nyleg. Men kvifor denne aggressive motstanden mot auka drivstoffprisar? Bensin og diesel er i hovudsak forbruksvarer for middelklassa då bilar i Bolivia er ein luksus for dei få. Som regjeringa etterrykkeleg annonserte vil ikkje dekretet berøre subsidiene på hus-gas, som blir bruka av folk flest til oppvarming og matlaging. Kvifor i all verda går fattige folk på gata og krev at middelklassa sine eksklusive varer forblir sponsa av staten?

Svaret ligg nok delvis i at ingen sak er så enkel. Taxi- og bussjåførar er ikkje alle velståande. Enkelte sjåførar er fattige folk som leiger bil og buss og sit igjen med småpengar når den lange arbeidsdagen er over. Ei dramatisk auke av drivstoffprisane er katastrofal for denne yrkesgruppa. Derfor er det også naturleg at det er nettopp transportarbeidarforeininga som har gått ut i streik. Sjølv om folk flest ikkje nyt luksusen av å ha privatbil tek mange kollektiv transport i kvardagen eller ei gong i blant for å besøke familie andre stader i landet. Telesur kunne rapportere at bilettane for langdistansebussane vart fordobla som konsekvens av auka drivstoffprisar. Fordobling av bussprisane for folk som i utgangspunktet lever på små marginar er også katastrofalt. Derfor har mektige organisasjonar som FEJUVE blitt med i protestane.

Når dei største sivilsamfunnsaktørane, hovudorganisasjonen COB og bondeorganisasjonen CSTUCB støttar regjeringa sin politikk, er det eit signal om dette er ei politisk endring som kan gje større gevinstar enn tap. I eit land der halvparten av befolkninga lever i fattigdom er det absurd at eit vare som i all hovudsak blir forbruka av dei få rike skal subsidierast av staten. Sidan store delar av dei subsidierte varene vert smugla ut av landet vert ideen om å auke prisane endå betre. Som dette døme viser er det imidlertid ingen politiske endringar som er uproblematiske og regjeringa setja i verk tiltak for å demme opp for negative og utilsikta konsekvensar. Regjeringa har i dette tilfellet sagt at lønningane skal hevast i takt med prisane. Øyremerka midlar skal ifølgje planen disponerast av fylkesmennene. Dette er eit svar på fagrørsla sitt krav om auka lønningar, eit krav som går ut over denne enkeltsaka. Lønnsauke synast fornuftig, men kva med alle som ikkje har jobb? Arbeidsløysa er stor i Bolivia og flesteparten er engasjert i uformell sektor. Levekår og velferdsauke er hovudutfordinga til den bolivianske regjeringa. Derfor er også ”el bien vivir” (eit godt liv) eit gjennomgåande tema for styresmaktene. Og oppnå ”bien vivir” i eit land der fattigdom er utbrett tek tid og er eit omfattande prosjekt som krev mange små og store endringar. Omorganisering av staten sine pengar er ein av dei viktigaste endringane. Regjeringspartiet MAS har valt å kutte støtta til drivstoff, ikkje fordi mindre pengar skal kome folket til gode, men fordi dei meiner at pengane betre kan kome folk flest til gode ved å bli kanalisera på ein annan måte.

Mange organisasjonar har klaga på manglande dialog og dårleg informasjon frå styresmaktene. Kanskje er det nettopp mangel på informasjon og dialog som er grunnen til at folk no går til gatene. Transportarbeidarane si katastrofe ved dekretet kan kanskje løysast ved å organisere samlege sjåførar i offentlege selskap subsidierte av staten, og billettane på langdistanseturar kan subsidierast. Det er mange måtar i løyse dei uheldige konsekvensane av eit politisk tiltak som frå eit omfordelingsperspektiv synast fornuftig. Organisasjonane og aktivistane som protesterar mot dekretet har sikkert mange forslag til løysingar som regjeringa bør høyre på. Det er jau det bolivianske regjeringsprosjektet er bygd på: folket skal styre via sine grasrotorganisasjonar.     

Heidi Lundeberg, dagleg leiar i LAG
Land