Å ha gull i fjellet er ikkje å ha hell.

Gruvedrift har blitt ei stor sak i El Salvador etter at tre lokale motstandarar av den planlagde gullgruva til Pacific Rim har blitt drepne.

Dette kom i tillegg til fleire mislukka attentat og ei uendeleg rekkje drapstruslar mot lokale motstandarar. På toppen av dette har Pacific Rim saksøkt den salvadoranske staten for nesten ein halv milliard kroner samt oppreising for tapt tid for å ikkje ha gitt svar på søknaden om utvinningsrett.

Miljøkomiteen i forsvar for kultur og vatn i Cabañas er namnet på den lokale rørsla mot gruvedrift. Rørsla har fått erfart frå kor det kan vere å kjempe mot eit milliardselskap.

 

Lite økonomisk vinst

Utanlandske investeringar vert stort sett møtt med opne armar i El Salvador, då økonomisk teori gir lovnader om økonomisk vekst dersom ein får lokka til seg investorar. På bakgrunn av dette har den salvadoranske regjeringa alltid vore ivrig på å leggje til rette for investorar. Ein Oxfam-rapport slår derimot fast at metallgruver gir svært beskjeden økonomisk vinst for landet, og at endå mindre ligg igjen til lokalsamfunnet. Derimot, framheld rapporten, har det alvorlege sosiale og miljømessige konsekvensar. Utfallet av slike gruver varierar, men ein kan rekne med ureining av elver, av luft, og problem med jorderosjon. Det er også vanleg at det oppstår store konfliktar i lokalsamfunna, med politisk polarisering, motstand mot gruva og drapstrugslar. Mest alvorleg er likevel dei enorme vassresursane gruveprosjektet krevjar.

Neftali Ruíz er teolog og fungerande sekretær for miljøkomiteen, og fortel at dei først forstod alvoret då ei elv tørka ut, og ei anna blei ureina. Sidan 2005 har Pacific Rim prøvebora i alt 225km, og sjølv om det ikkje finns nokon konsekvensrapport, vert det anteke at vassproblema er ei følgje av dette. – Vi er bønder og lever av denne jorda, seier Ruíz, og vi er villige til å ofre liva våre. Dersom gruva får etablere seg vil ikkje den neste generasjonen kunne bu her.

Sårbare resursar

I Cabañas er det som elles i El Salvador - vatn er ein knapp resurs. Landet er eit av dei tettast befolka og mest avskoga landa i Latin-Amerika, og slike store inngrep i naturen har enorme konsekvensar når nærsamfunnet er basert på jordbruk. Ei gullgruve som denne er i praksis eit enormt krater i jorda, fleire hundre meter i diameter, og over hundre meter djup.

I bekymring for levekåra starta motstandskampen. Medlemmene i miljøkomiteen og den lokale radioen Radio Victoria tok til å opplysa folk om farane med gruvedrift, og om løgnene Pacific Rim serverte om ein økonomisk boom. Først svarte selskapet med å reklamere for seg sjølve og gruva. Dei kjøpte bursdagsgåver til borna, dei tilbydde Radio Victoria enorme summar i reklamepengar, dei kom på folkemøte og lova at gruva var i harmoni med naturen, at det skulle kome ein masse arbeidsplassar og ein masse rikdom. Ein såg mange teikn til korrupsjon, og det blei lønsamt å tale for gruvedrift.

Tuslar, attentat og drap.

Sidan 2006 har det ramla inn ei rekkje truslar mot medleme i Radio Victoria. I 2009 vart Marcelo Rivera, Ramiro Rivera og høggravide Dora Flores drepen kvar for seg. Attentata blei utført med tunge automatvåpen, noko som tyder på at det er betydelege pengesummar med i biletet.  I tillegg til dette har motstandsrørsla vore utsett for to kidnappingsforsøk, tre andre mislukka attentat, og ei lang liste truslar. Mange har flytta i skjul, andre har politieskortar, svært mange er redde, men verken miljøkomiteen eller Radio Victoria har slutta å opponere.

Søksmålet

Motstandskampen har fått ein god del merksemd, særleg etter drapa. Då den nyvalde presidenten Funes (første venstresidepresident i historia) besøkte Cabañas i haust lova han støtte til motstandsrørsla. Pasific Rim har enno ikkje fått svar på søknaden om utvinningsløyve, og av dette har dei saksøkt staten for 77 millionar dollar for tapte investeringar samt oppreising for ventetid ovanfor det internasjonale senteret for løysning av investeringstvistar, som er organisert under verdsbanken. Søksmålet er mellom basert på eit punkt under CAFTA-avtala som seier at når leiteløyve er gitt, og leitinga er utført, og ein har funne at det er ”økonomisk potensial”, har ein rett til å også få utvinningsløyve. Leiteløyva blei gitt under tidlegare høgrepresident Saca, som også ved nikk og vink skal ha forsikra selskapet om at dei skulle også få utvinningsløyve. Etter salvadoransk lov er det derimot fleire kriteria for å få utvinningsløyve, som den salvadoranske staten hevdar at Pasific Rim ikkje har oppfylgt. Framleis ventar saka på behandling i verdsbankgruppa.

Tore Isungset Støve