Sorg over drept aktivist

Zapatistgruppen i Bergen hadde mye kontakt med den finske aktivisten som nylig ble drept av paramilitære i Oaxaca, Mexico.

Solidaritetsgruppe i Bergen i sorg over at finsk aktivist

er skoten av paramilitære i Mexico

Finske Jyri Antero Jaakkola var i Oaxaca, Mexico, som internasjonal fredsobservatør. Under

ein karavane til støtte for den hardt pressa urfolkslandsbyen San Juan Copola, vart Jaakkola

skoten, og drepen, av paramilitære grupper. Den mexicanske menneskerettsaktivisten, Beatriz

Alberta Cariño Trujillo, vart også skoten og drepen.

- Dette er eit ufatteleg sjokk, me vart kjende med Jyri gjennom internasjonalt

solidaritetsarbeid for zapatistane, ei urfolksrørsle i Mexico, seier Marry-Anne Karlsen frå

Zapatistgruppa i Bergen.

- Dette syner kor hardt pressa urfolks rettar er i Mexico i dag. Den mexicanske regjeringa let

att augo for slike paramilitære grupper, held ho fram.

Karavanen vart arrangert av sosiale organisasjonar i Oaxaca, der internasjonale observatørar

var til stades, til støtte for den autonome landsbyen San Juan Copola, som er under beleiring

av paramilitære grupper. Karavanen vart annonsert offentleg på førehand, og det vart kravd at

dei paramilitære gruppene UBISORT (Social Welfare Union of the Triqui region) og MULT

(Triqui Movement of Unification and Struggle), skulle oppføra seg ansvarleg, og ta

fredssamtalane på alvor.

Undervegs vart karavanen blokkert, og angripen i eit bakhaldsangrep. Dei to aktivistane vart

drepne, og ein tredje, hardt skada. Fleire aktivistar rømde, desse er no sakna, mellom desse

skal det vera europeiske aktivistar. Ein fryktar at desse er tekne til fange av paramilitære.

Den paramilitære gruppa UBISORT vert peika ut som ansvarleg. Det er ålment kjend at

gruppa har band til partiet PRI (Partido revolucionaro institucional), som har makta i Oaxaca.

Guvernør Ulizes Ruis vert skulda for likesæle, og for å bakka opp UBISORT.

- Me vil krevja at den norske regjeringa tek opp saka med mexicanske myndigheiter. Denne

saka må verta etterforska, og dei skuldige bli dømt. Det er framleis personar som er sakna, det

må utøvast press for at desse skal bli funne, og at dei vert funne i live.

Det sørlege Mexico, i regionane kring Oaxaca og Chiapas, har opplevd mykje sosial uro dei

seinare åra. Desse regionane har mange fattige urfolk, som stadig kjempar for rettane til jord,

100 år etter den mexicanske revolusjonen, og på tross av at Mexico, som land nummer to i

verda etter Noreg, skreiv under ILO konvensjon 169 om urfolks rettar. Folk her har ingen

tiltru til dei offentlege myndigheitene, og ei autonom rørsle har breidd om seg.

Den norske statsminister, Jens Stoltenberg, var nyleg på besøk i naturreservatet Montes

Azules i delstaten Chiapas, i hjarta av Lacandon-jungelen. Han rosa den mexicanske

regjeringa sitt arbeid for å bevara regnskogen. Det som ikkje kom fram under besøket, var at

fleire av urfolkslandsbyane i regnskogen står i nær fare for å bli tvangsflytta av

myndigheitene, fordi det skal etablerast turistvenlege økoparkar. Seinast i januar vart tre

landsbyar brent ned til grunnen og familiane frakta med tvang til andre stadar i Chiapas.

Montes Azules har i årevis vore sentrum for urfolks kamp i Mexico for økonomiske, sosiale

og kulturelle rettar, ein kamp zapatistane sidan 1994 har stått i front for. Sidan 2003 har

opprettinga av såkalla autonome landsbyar vore ein av marginaliserte urfolksgruppers

viktigaste ikkje-valdelege strategiar for å skape rom for politisk deltaking og for å kunne gjera

noko sjølv med deira konkrete økonomiske og sosiale situasjon. Det er denne kampen

menneskerettsaktivisten Jyri Jaakkola og Zapatistgruppa i Bergen har støtta, gjennom import

og sal av økologisk og solidarisk kaffi frå kooperativ knytt til zapatistane. Landsbyen San

Juan Copala i nabostaten Oaxaca, der drapa fann stad, erklærte seg som autonom landsby i

2007, og har sidan då vore under konstant trussel frå paramilitære grupper knytt til

delstatsmyndigheitene og som ustraffa har kunna gjennomføre fleire drap på

landsbybebuarane.

- Me håpar Stoltenberg og den norske regjeringa viser at dei tar den alvorlige situasjonen

menneskerettsaktivistar og urfolksgrupper i Mexico står ovanfor, like seriøst som

avskogingsproblematikken, seier Marry-Anne Karlsen

Zapatistgruppa i Bergen

Zapatistgruppa i Bergen er ein ideell organisasjon som driv med informasjonsarbeid om

zapatistrørsla, og import og sal av kaffi frå zapatistiske kooperativ i Chiapas, Mexico. Alt

arbeid er idealistisk og skjer på dugnad. Prisen gruppa betalar til bonden for kaffien er høgare

enn det dei ville ha fått i den frie marknaden eller gjennom merke med såkalla rettvis handel.

Kaffien vart seld under namnet Café Yabasta. For meir info: www.zapatista.no

Jyri Jaakkola var aktiv i den finske gruppa Uusi Tuuli (Ny vind), ein organisasjon som

promoterer internasjonal solidaritet og rettvis handel. Zapatistgruppa i Bergen har gjennom

det Europeiske solidaritetsnettverket Redprozapa, samarbeida tett med Jyri om importen av

zapatistkaffi til dei nordiske landa.

Kontaktpersonar Zapatistgruppa i Bergen:

Marry-Anne Karlsen 48 10 89 12

Guro Ljone 99 46 13 50

Zapatistgruppen i Bergen
Land