Honduras og vesten sitt svik

"Det honduranske folk treng konkret støtte frå omverda, ikkje nedrig stillteiande "aksept" av eit illegitimt regime for dei rike!", skriv Ivar Jørdre frå LAG Bergen i eit innlegg i Klassekampen.

Det er ikkje første gong eit militærkupp som utgangspunkt har fenge USA og Verdsbanken til å opne pengesekken. I Latin-Amerika kjenner ein så altfor godt til lange periodar styrt av militærstøtta regimer med god finansiering utanfrå. Honduras sin demokratisk valde president Manuel Zelaya vart den 28. juni styrta i eit kupp og ein de-factoregjering leia av Roberto Micheletti vart sett inn. Eit sterkt omstride val utan opposisjonskandidatar vart halde 29. november, der oligarken Porfirio Lobo vann. Og no er USA, EU, Pengefondet og Verdsbanken attende. I tida etter valet har den gamle makteliten stramma grepet, og folkeleg ytring vert brutalt slått ned. Drap og overgrep hender stadig. Då er vel alt ved det gode gamle skulle ein tru, sett frå Washington.

Av mange vert Lobo-administrasjonen sett på som ei forlenging av
kuppregimet. Dermed har dei fleste land i Latin-Amerika ikkje anarkjent Lobo, med untak av nokre tradisjonelt USA-venlege land som Colombia, Costa Rica, Guatemala og Panama.  Det som hender i Honduras, meiner latin-amerikakjennarar, kan vera eit varsel om viljen USA har til å "rulle attende" dei endringsprosessane som pågår i mange land, t.d. i Nicaragua, El Salvador, Venezuela, Bolivia og Equador. Desse regjeringane sine prosjekt med å gje folk magt og råde over eigne liv vert ofte diskreditert med svertekampanjar i vestlege media.

Det mainstream media ikkje skriv om er drap på medlemmer av demokratirørsla i Honduras. For å illustrera dette, også til norske styresmakter som seier at utviklinga i landet er på rett veg etter valet, med eit døme: I byrjinga av februar vart fagrørsleleiaren og småbarnsmora Vanessa Yamileth Zepeda, 29 år, funnen skoten og drepen i hovudstaden Tegucigalpa. Ho var helsearbeidar og aktiv i kampen mot kuppregimet. Paramilitær- og dødsskvadronaktige metodar er brukt til bestialske drap slik dei gjorde det attende på 1980-talet.

I kontrast til meldingane om drap og forfølgjingar, på t.d. aktivistar i Frente Nacional de Resistencia Popular og fagrørsle, er EU sine planar om økonomisk samarbeid gjennom ein assosieringsavtale med Lobo-administrasjonen. Den kritikken som var mot kuppregimet før valet i haust er erstatta med "business as usual" frå vestlege regjeringar og dei globale kapitalistar si side. Då er det bra med nyttige idiotar som Noreg som trur alt skal ordne seg, berre det finn stad eit "val" og at USA har godkjent det! Det honduranske folk treng konkret støtte frå omverda, ikkje nedrig stillteiande "aksept" av eit illegitimt regime for dei rike!

Torsdag 25. februar, Ivar Jørdre, LAG Bergen
Land