Vassmangel påverkar seks byar og tre regionar

Tørke plagar no høglandet, chaco-regionen og dalane i Bolivia, og matproduksjonen i området er trua. I seks byar har vassforsyningane vorte påverka. El Conrade (Nasjonalt Raad for Katastrofe- og Kriseberedskap) og prefektane i regionane som er påverka samlar seg i morgon for å handtere situasjonen.

Fenomenet El Niño, som i år førte med seg tørke i landet, har og ført til vassmangel i regionane rundt høglandet, dalane, og chaco-regionen, i tillegg til problem med vassforsyningar og slik grunnleggjande vasstenester i ulike område i seks byar. Viseministeren for sivilforsvaret, Hernan Tuco, informerte i dag om at det fram til i går kveld var rapportert at nedbørsmangelen påverka fire department: La Paz, Chuquisaca, Santa Cruz y Tarija. Imidlertid kan ein og leggje til rapportar om tørke i regionane Oruro og Cochabamba.

Det har vorte registrert svart høge temperaturar i Bolivia dei siste dagane, sjølv om ein og ser skyer pa himmelen. Den mest alarmerande situasjonen vart observert i Villamontes i Tarija, der det vart registrert temperaturar opp til 45,5 grader celsius. Tuco uttaler at Nasjonalt Råd for Katastrofe- og Kriseberedskap (El Conrade) i morgon skal samlast i La Paz for å handtere utfordringane rundt tørka. Der skal og prefektane frå dei påverka departamenta delta.

I høglandet peikar bønder på at det frå for ei veke sidan berre har vore sporadiske nedbørsmengder som varer i to til tre minutt, noko som ikkje er nok. Dei seier vidare at om det ikkje kjem nedbør i løpet av dei neste 15 dagane vil vere fare for å miste alle avlingane dette året. I dalane er meir enn 900 familiar frå kommunane Morochata og Pasorapa påverka av vassmangelen, ein situasjon som og her påverkar jordbruk og inntening. I Tarija er 40 lokalsamfunn i provinsen Cercado påverka av den knappe tilgongen på vatn, ifølge ein rapport frå nyhendebyrået ANF.

Regionen som er mest plaga av tørka er chaco-regionen. Vassmangelen og nedbørsmangelen har gjort at kommunane Villamontes og Entre Ríos i Tarija har meldt oransje nødalarm. I Macharetí og Huacaya i Chuquisaca ber ein om at området skal erklærast katatrofeomraade på grunn av dei tapa dei slit med. I departamentet Santa Cruz er områda Charagua og Cabezas påverka. Viseministeren for sivilforsvaret seier at det er 25 kommunar i chaco-regionen som er påverka av knapp tilgong paa vatn. På grunn av dette har ein sett ut tolv cisterner som kan distribuere vatn i området. Kvart kjøretøy har kapasitet til å transportere 10 000 liter.

Byar som er påverka av knapp vassforsyning i forhold til drikkevatn er La Paz, El Alto, Oruro, Tarija, Cochabamba og Sucre. I byen kor regjeringa er plassert, fortel innbyggjarar i områda La Portada og Cotahuma at dei berre har vatn i nokre få timar kvar dag. Dei seier dei berre mottek vasstenester tidleg på morgonen, og ikkje på dagtid. I El Alto i distrikt 1, 2, 3, og 12 stenger dei av vatnet om morgonen. I byen Oruro, ifølge ein rapport frå nettverket ATB, finst det sjukehus som ikkje kan rekne med vasstenester på dagtid. I områda nord i byen er drikkevatn berre tilgjengeleg mellom 10.30 og 15.00.

I Cochabamba, i område sør i byen fall vasstrykket slik at nivået på demningen Escalerani og sank og vart sterkt redusert. I Sucre vart det og registrert kutt i vassforsyningane på dagtid i alle høgtliggjande område som Munaypata, Libertad, Villa Charcas, Alto Florida og Villa Margarita.

For å handtere dette problemet uttala i går sjefen for rural utvikling, Julia Ramos, at regjeringa garanterar ressursar for å bekjempe tørka som påverkar dei ulike regionane i Bolivia. Dette ifølge ein rapport frå nyhendebyrået ANF. Ho forsikra at statsapparatet er forberedt på  å møte dette fenomenet som fører til inntektsdød og lågare jordbruksproduksjon. 

La Razon, torsdag 05.11.09. Falta de agua afecta a seis ciudades y a tres regiones , oversatt av boliviabrigadist Hanna Kvamsås
Land