Det er det 5. sosiale alternative forumet som vert arrangert i Bolivia, og det 1. internasjonale. Det er estimert aa skulle komme 3000 menneske fraa heile Latin-Amerika hit til ein landsby der det bur i underkant av 6000 menneske allereie, og kor av dei fleste har flytta herifraa til byen St Cruz og berre kjem heim for karnevalet i februar
Dette alternative sosiale forumet kan beskrivast som ein stad med rom for refleksjon og utveksling av idear og erfaringar, ope for alle personar, organisasjonar og institusjonar som har eit felles ynskje om eit rettferdig og solidarisk Bolivia og av den grunn vil ta del i forumet. Forumet staar og for sameine og suverenitet for folket, og tuftar paa dei same prinsippa som dei tidlegare moeta. Det skal vere eit rom for mangfaldig informasjon og diskusjon utan parti- eller regjeringstilhoyre, men med eit klart standpunkt mot nyliberalismen for folk av alle opprinn og med alle slags tankar og idear.
Det 5. Alternative Sosiale Forumet er forma paa prinsipp om solidaritet, rettferdig handel, og paa kritikk mot verdshandelen og marknadskreftene i dagens oekonomiske model som blandt anna utnyttar Bolivias naturressursar grovt. Det er forma av alle dei sosiale roerslene i Bolivia og i verda som kjempar for rettferd og solidaritet, og som trur at menneska sjoelve er verde meir enn komersialisering og akkumulering av kapital.
Paa forumet i oktober skal det takast opp 5 hovudtema:
1. Endre relasjonar mellom folk, og endre relasjonar mellom folk og natur for aa stoppe klimaendringane.
2. Suverenitet over matproduksjon, biodrivstoff og jordeigedom
3. Nye paradigme rundt den oekonomiske katastrofen i verda og om den kapitalistiske krisa.
4. Rettar som statsborgar
5. Solidaritet med folk som kjempar mot terrorisme og som staar opp mot imperialism I Palestina, Cuba, Venezuela, Bolivia, Ecuador, Honduras, Peru…