Slik valregistrering er vanleg foer kvart val, men det nye i aar er den biometriske registreringa av fingeravtrykk, foto, og underskrift i tillegg til vanleg informasjon som namn, personnummer og adresse. Dette kjem av den nye grunnlova som vart godkjent tidlegare i aar, og skal gjere tryggleiken rundt identifikasjon i valet betre. For aa registrere seg maa ein vise fram identifikasjonspapir, som eit id-kort eller militaertenesteboka si. Eit aktuelt problem er at mange manglar identifikasjonspapir fullstendig eller at identfikasjonspapira ikkje har korrekt informasjon. Kanskje for saa mykje som 15% av folket. Dei mange feila i folkeregistrering og identifikasjonspapir kjem av upresist arbeid i registreringa av fodselsattestar paa sjukehus og daapsattestar fraa kyrkja. Folk gaar gjerne rundt med to ulike og ukorrekte attestar i forhold til personleg informasjon, og slik vert alle seinare identifikasjonspapir ogsaa ukorrekte. Korrekte identifikasjonspapir er viktige for rettane og pliktene ein har som boliviansk statsborgar, som i forhold til nettopp det aa skulle stemme. Mange moeter no problem naar det kjem til registreringa foer valet, saa vel som I forhold til aa faa utbetalt det som finst av eldrepensjon eller trygd. 1. august byrja den biometriske valregistreringa paa landsbygda i Bolivia, 15. august i byar som St Cruz, La Paz og Cochabamba. Denne registreringa varer til 15. oktober, og den som ikkje har rukke aa registrere seg innan denne datoen faar heller ikkje bruke stemmeretten og stemmeplikta si i desmeber.