Ecuador ut av frihandelsforhandlingar

Ecuador trekkjer seg ut av frihandelsforhandlingane mellom Ecuador, Peru og Colombia på den eine sida og EU p åden andre. Prioritering av nasjonale vare- og tenestenæringar og ynskje om å følgje opp den nye grunnlova står sentralt.

 

President Rafael Correa trekkjer seg frå dei regionale forhandlingane mellom den søramerikanske blokken Peru, Colombia og Ecuador på den eine sida og EU på den andre.

 

Avgjersla vart kjent med ei pressemelding 17. juli. Ecuador trekte seg i den femte forhandlingsrunden då regjeringa ikkje hadde fått svar på nokon av bekymringsmeldingane sine.

Den ecuadorianske regjeringa har uttrykt bekymringar rundt arbeidarrettar og sosial sikkerheit for arbeidsemigrantane som har busett seg i EU. Vidare har Correa uttrykt at dei vil følgje opp dei nasjonale prioriteringane som er nedfelte i den nye grunnlova. Det refererast blant anna til prioritering av nasjonal vare- og tenestenæring, med spesielt fokus på små og mellomstore bedrifter. Vidare etterlyser Correa ein ny modell for investeringsavtaler som kan erstatte dei eksisterande avtalene med europeiske land. Dagens investeringsavtaler bryt med den ecuadorianske grunnlova.

 

Correa viser også til fordelsbehandling av ecuadorianske bananer i WTO og etterlyser reduserte tollbarrierer for ecuadorianske bananer på den europeiske marknaden.

 

“Ecuador har teke denne avgjersla, inntil dei kjem til ei endeleg løysing på bananhandelen og inntil dei får tilfredsstillande svar på bekymringsmeldingane sine. Den ecuadorianske regjeringa trekkjer seg tilbake frå forhandlingane i respekt for dei internasjonale reglane”, meddelte handelsminister Falconi.


Heidi Lundeberg, dagleg leiar
Land