Kuppet i Honduras

Avsetjinga av den folkevalde presidenten Manuel Zelaya er ulovleg, skriv styremedlem i LAG Martin Lindland i eit ordskifte i Dag og Tid.

Den elles eminente journalisten Johan Brox kjem med eit oppsiktsvekkjande forsvar av statskuppet i Honduras på leiarplass i Dag og Tid 3.juli. Han stør seg på påstandane til kuppmakane om at dette ikkje er eit statskupp, men tvert imot ei lovleg avsetjng av den folkevalde presidenten Manuel Zelaya fordi han skulle ha brote grunnlova sitt forbod mot attval. Eg tillèt meg å være ueinig.

Lat oss fyrst kort rekapitulere kva som har skjedd. Zelaya ville halde ein rådgjevande og ikkje-bindande "konsultering" for å finne ut om det fanst støtte for hans ynske om ei ny grunnlov.

Eit ja her ville kunna gjeve presidenten meir moralsk og politisk tyngd andsynes den opposisjonsdominerte kongressen når det gjeld hans ynske om å inkludera ein såkalla "fjerde urne" - om grunnlovsspørsmålet - i valet i november. Denne konsulteringa er lovleg ifølgje "Lova om folkeleg deltaking" frå 2006, ei lov som ikkje har vore vurdert som grunnlovsstridig. Motstanden i Kongressen og Høgsterett mot konsulteringa førde til konflikt med presidenten, som kommanderte militæret til å utplassere valurner og valsedlar. Då militæret nekta, blei øvstkommanderande avsett av Zelaya, noko som utløyste kuppet.

For det fyrste må det strekast under at Zelaya ikkje under nokon som helst omstende kunne ha vore kandidat i det neste presidentvalet. Det Zelaya og hans tilhengjarar ynskjer, er ei ny og meir inkluderande grunnlov. Dagens grunnlov blei til under sterk påverknad frå militæret i 1980-åra. For at ei ny grunnlov skal bli realitet, må tre val haldast. Fyrst må folket seie ja eller nei til om dei ynskjer ei grunnlovsgjevande forsamling. Det er denne folkerøystinga Zelaya ynskjer å halde samstundes med president-, kongress- og kommunevala i november. Om folket seier ja, lyt det deretter haldast val til ei slik forsamling. Denne forsamlinga vil så utarbeide ei ny grunnlov som må godkjennast i ei ny folkerøysting. Om denne grunnlova vil tillete attval av presidentar vil då vere opp til denne forsamlinga. Som vi skjønar. vil dette vere ein lang prosess, og det er langt frå gjeve at den endelege grunnlova vil reflektere ynska til Zelaya.

For det andre: Sjølv om Zelaya hadde brote grunnlova måtte ein legal avsetjing av han kome som eit resultat av ein grundig rettsleg prosess - ikkje på bakgrunn av ein plutseleg orskurd frå ein politisert høgsterett, utan ein rettssak der han kunne forsvara seg mot skuldingane som er retta mot han. At militæret blei satt til å arrestere og utvise Zelaya, strekar berre under det rettslause i det som har skjedd. 

Klokskapen i Zelaya sine handlingar før kuppet kan diskuterast, likeins kor populær han eigentleg er og kva slags politisk handlingsrom han vil ha dei siste månadane av styret sitt om han kjem attende. Det er ikkje her plass til å gå inn i detalj om den politiske utviklinga i Honduras (her må eg vise til nettstaden til Latin-Amerikagruppene), men dei regionalpolitiske følgjene av kuppet må understrekast. Om dette kuppet ikkje blir avblåse kan det få alvorlege konsekvensar for den politiske stabiliteten i heile regionen, og i verste fall kan ei kuppbølgje spreie seg. Høgresida i regionen har aldri vore av eit spesielt demokratisk sinnelag, men utviklinga de seinaste par tiåra har gjort statskupp politisk nærast umogeleg å forsvare. Kan Brox verkeleg halde fast på at fjerninga av Zelaya "synar at demokratiet som smått har kome for å bli"?

Martin Lindland
Land