Ut med urfolk – inn med SatoilHydro og Statkraft

- Me oppmodar utanrikskomiteen til å reise debatt om frihandelsavtala med Peru, og setje urfolk sine rettar og viktigheita av verdas største regnskog framfor snevre og kortsiktige norske næringsinteresser. Daglig leder i LAG, Heidi Lundeberg, har skrevet kronikk.

Sist veke vart 30 urfolk drepne i samanstøt med militære styrker i Peru. Ei samling av 80 urfolksorganisasjonar demonstrerte mot ei rekkje dekret som opna for etablering av oljeutvinning og gruveindustri i verdas største regnskog, Amazonas. Etablering av slik utvinningsindustri vil medføre nedhogging av regnskog og øydelegging av urfolksgruppene sine miljø. Dekreta vart utvikla for å mogleggjere frihandelsavtalene peruanske styresmakter har framforhandla dei siste par åra. Noreg er ein av forhandlingspartnarane.

I 2007 og 2008 framforhandla Noreg gjennom EFTA ei frihandelsavtale med Peru. Forhandlingane foregjekk i tyssnad og signeringa vart ikkje annonsert av den raud-grøne regjeringa. Dette til trass for at regjeringa jamfør erklæringa Soria Moria skulle arbeide for større openheit og inkludering av Stortinget rundt internasjonale avtaler. Ifølgje EFTA vil avtala sikre norske selskap marknadsadgang for industrielle varer, jordbruksvarer og fisk, patentrettar, og etableringsrett. Norske oljeselskap og vasskraftselskap er altså velkommne inn i Amazonas, men samsvarar dette med dei langsiktige interessene til Noreg og det norske folk? Samsvarar dette med norske milliardinvesteringar i bevaring av regnskog?

Urfolksgruppene som er organisert under nettverksorganisasjonen AIDESEP har ved fleire anledningar bedt om dialog med den peruanske regjeringa om seks dekret som berører urfolksgruppene sine leveområde. Dekreta som på folkemunne vert kalla for Jungelloven, skal legge til rette for at utanlandske selskap kan etablere seg i Amazonas. Dekreta bryt med ILO-konvensjonen 169 om urfolk sine rettar, som Peru så vel som Noreg har signert, og dei bryt med den peruanske grunnlova som skal sikre urfolk sine rettar. Etablering av olje- og gruveselskap vil medføre nedhogging av verdifull regnskog. Den peruanske regjeringa har imidlertid ikkje vist interesse for dialog. I april tok derfor urfolksgruppene til å demonstrere ved å blokkere vegar. 30 000 urfolk samla seg i fredelege demonstrasjonar. Regjeringa svara med å setje inn militære styrker. Demonstrantane vart angripne frå bakke og luft og skarpe skytts. Sammanstøtet var blodig og dei offisielle drapstala er 24 politimenn og 30 urfolk. Urfolksgruppene saknar imidlertid 100 vener og anklagar styresmaktene for å ha senka lik i elvene og underrapportert dødsfall frå sjukehusa (fleire hundre vart alvorleg skada). Urfolksgruppene har fått stor støtte både nasjonalt og internasjonalt. Blant andre har fagrørsla i Peru, urfolksrørsla i Sør-Amerika, og den globale solidaritetsrørsla gjeve si fulle støtte. 

Frihandelsavtala mellom Peru og Noreg er ikkje ratifisert. Noreg har lang tradisjon for å støtte opp om urfolk sine rettar og den raud-grøne regjeringa har bidratt til å setje forholdet mellom miljø og utvikling på den internasjonale dagsordenen. Me ber utanrikskomiteen ivareta denne norske linja. Me oppmodar komiteen til å reise debatt om frihandelsavtala og setje urfolk sine rettar og viktigheita av verdas største regnskog framfor snevre og kortsiktige norske næringsinteresser.

Derfor ber vi om at regjeringa 

1) Stansar frihandelsforhandlingane med Peru
2) Sender måla med frihandelsavtala til Stortinget og ut til offentleg høyring
3) Sørgjer for konsekvensutgreiing av frihandelsavtala med vekt på følgjande bekymringsområde: avskoging, forureining, urfolk, småbønder, fiskarar og arbeidarrettar.

Kronikken sto på trykk i Klassekampen fredag 19. juni 2009.

Heidi Lundeberg.
Land