Sist onsdag kunne Hugo Chavez gledeleg meddele at Ecuador blir medlem i den alternative handelsavtala ALBA. Medlemsskap vil bli formalisert 24. juni då Chavez inviterar til ekstraordinært møte.
Presidentane har foreløpig ikkje bekrefta at dei kan kome, men Chavez som har snakka med Evo Morales og Fidel Castro, reknar med at det ikkje blir nokon problem å samle til toppmøte.
ALBA vart etablert i 2004 som eit alternativ til den allamerikanske frihandelsavtala ALCA. Venezuela tok initiativet og Cuba var det fyrste landet som slutta seg til. I etterkant har Bolivia, Nicaragua, Honduras, Den Dominikanske Republikk, San Vicente og Granadinas tilslutta seg.
Correa uttalte stor tillit til regionale initiavtiv som ALBA og viktigheita av handel for regional utvikling. Presidenten understreka at Ecuador vil nyte godt av Fellesfondet for investeringar og regional kompensasjon (SUCRE), eit virtuelt pengesystem som landa tilknytt ALBA vil bruke i handelssamanheng. “Me må styrke visjonen om eit handelssystem basert på gjensidig hjelp, etablere felles energiprosjekt for å styrke kunnskapsbasert handel for utvikling og ikkje nyliberal handel”, uttalte president Correa.
Les spansk artikkel på: www.bilaterals.org/article.php3?id_article=15212