Arlequin y Los Juglares har i 45 år drive kulturarbeid for vanlege folk i storbyen Medellin og områda rundt. Gjennom teater og annan scenekunst har dei formidla eit bodskap om meir rettferd, respekt for meneskerettar, og støtte til dei mange ofra i Colombias blodige borgarkrig.

Arlequin y Los Juglares vil framføre stykket "Memorando a Zarea". Stykket kombinerer ikkje-verbale språk med ritual, performance og instalasjon for å gjenskape den levande hukommelsen som kan forbinde oss med tusenvis av kvinner og menn som er blitt offer for råskapen til krig og væpna konfliktar i Colombia og i verda elles.
Etter forestillinga vil Adriana og Oscar samtale om situasjonen i Colombia i dag, der det skjer stadige drap på sosiale leiarar, utan at dei ansvarlege blir etterforska eller straffeforfølgd. Det vil vere tolk til denne delen av møtet.