Oppstartsmøte i Nicaraguagruppa til LAG

Det siste halve året har ein sett ei dramatisk utvikling i Nicaragua, med massiv undertrykking av og drap på politiske aktivistar. Etter at demonstrasjonane starta i april har minst 400 blitt drept, over 1300 har "forsvunne" og mange har blitt arrestert og utsatt for tortur. Med denne dramatiske utviklinga treng LAG (Latin-Amerikagruppene i Norge) ei gruppe som fokuserar på Nicaragua


Det blir derfor oppstartsmøte i Nicaraguagruppa til LAG, torsdag 4. oktober kl 17:00

Dagsorden: - Hilserunde: Kven er vi og kvifor vil vi vere med i gruppa?
- Kva er Latin-Amerikagruppene (LAG), og kva legg LAG i solidaritetsarbeid? v/ Frøya Torvik
- Kort oppdaterting på den politiske situasjonen i Nicaragua
- Free Amaya Coppens-kampanjen v/ Ulrikke Lien Erdal-Aase
- Idemyldring: Korleis kan vi drive solidaritetsarbeid med Nicaragua frå Norge?

Kom, kom!

4. oktober, kl. 17:00-19:00
Frivillighetshuset Kolstadgata 1, 0652 Oslo, Norway
Facebook