San Lorenzo Nuevo

Eg viste ikkje så mykje før eg kom, hadde berre fått små sporadiske drypp av informasjon.

Eg hadde møtt vertsmor mi, saman med dei andre brigadistane, og tolkane strevde med å halde tårene tilbake når ho fortalte om livet i landsbyen – at dei ikkje hadde mykje, men at dei ville dele det dei hadde. Dei hadde gått gjennom fleire landsbymøter for å avgjere om dei skulle ta inn ein framand, og når dei saman hadde avgjort det kjente eg meg endå meir privilegert og mogeleg endå meir skremt- no måtte eg i alle fall vere ein god gjest!

Frå koordinator Jose hadde eg fått vite at pueblitoen (den vesle landsbyen) var utan straum, telefon, innlagt vatn og hadde ca 70 innbyggarar, men etter eit par timar og ein liten runde kunne eg konstatere at det ikkje budde fleire en 35 menneskje i dei seks husa.

Alle, med untak av den største familien på 12 som bur litt i utkanten, er enten søsken, foreldre, besteforeldre eller søsken med kvarandre, så det er ikkje så veldig vanskeleg å halde oversikt. Alle er hyggelege og interesserte, om enn litt redde – enten fòr meg, eller for at eg ikkje skal ha det bra.

Huset eg bur i har to rom med fulle jordveggar, der søv vi, og to rom med meir eller mindre plankeveggar, der er kjøkken og spisestue. I byrjinga var eg litt skeptisk til det kjøkkenet, standarden er så veldig ulik alt eg har opplevd før. Reptilhalar, tørka kjøtt i taket, brunt vaskevatn og hønsereir under vedfyrt grue var litt skummelt. Etterkvart har eg likevel lært gangen i ting og både kokkelert litt på norsk og mellom anna lært å lage bolivianske brød. Framgangsmåten der er forrøvrig som med pappa sine julekaker -  ein lagar ein stor deig og så får ein variere på form og tillegssmakar etter ynskje.

At det ikkje er innlagt vatn er ikkje noko problem, vi har friskt og godt vatn i pumpa ca 100 meter frå huset.

Å sitte med stearinlys om kvelden er heller ikkje å forakte, spesielt når ein har ei god hovudlykt i fall ein måtte springe på do nattestid. Eigentleg har eg ikkje tenkt så mykje over det å ikkje ha straum, anna enn at eg har sette pris på stilla og den klare, klare nattehimmelen med mjølkeveg og stjerneskot, men i det siste har det blitt ein del forandringar her i gården. Mor har nemmleg gått til anskaffelse av diverse nytt utstyr for kvar gong vi har besøkt utanomverda. Det starta med ein liten ”walkman” med høgtalar i sida, og ein gammal kasett, sidan vart det ein cd-spelar, så cd-spelar med 8-tommers blå/kvit tv-skjerm og mogelegheiter for filmvisning for heile byen. Dette vart dreve av eit gammalt bilbatteri som ein om dagen lada på den vesle skulen som har eitt stykk solcellepanel. På neste tur til Santa Cruz kjøpte mor eit lite agregat, og i staden for stille, stearin og stjernehimmel har eg no motorståk, røyk og Van Damme på ein endå større tv med dvd-maskin.

Til tider har eg nok våre litt misunneleg på Eilif som bur ein tjueminutts biltur men likevel ein dagstur unna. I hans hus bur like mange som i halve San Lorenzo Nuevo, og utanfor grinda er det endå fleire å ta av, han kan kjøpe juice og brus når han vil og sjølvsagt – han kan bade til småfisken tek han, i både varmt og endå varmare vatn. Men så kjem eg på – eg har ei heil seng for meg sjølv, eg har mogelegheit til å vere meir eller mindre aleine, eg slepp cumbia heile dagen, og eg får Roxanas herlege mat.

Aasta Urdal
Land