Misnøyas haust

Protest og stagnasjon har prega dei siste månadane i Argentina. Men den argentinske venstresida har enno til gode å danne eit reelt alternativ til regjeringa sitt nyliberale program.

Artikkelen har tidligere stått på trykk i LatinAmerika #2 2017

Torsdag 6. april var Buenos Aires vertskap for to parallelle hendingar som ypparleg illustrerer dei konkurrerande fortellingane om Argentina anno 2017. På Hilton Hotel i finansbydelen Puerto Madero opna den argentinske presidenten Mauricio Macri den regionale versjonen av Verdas økonomiske Forum (WEF), saman med vel 1200 økonomar, bedriftsleiarar og offisielle tenestemenn frå fjern og nær. Temaet for opningstalen var leiarskap, og Macri nytta høve til å framheve Argentina sin nye profil som investorobjekt: «De er på rett plass til rett tid,» sa han, med eit nikk til representantane for dei mange transnasjonale selskapa i salen. Eit par kilometer unna, over Pueyrredón-brua som knyt saman provinsen med hovudstaden, brukte militærpoliti tåregass og vasskanonar i samanstøyt med demonstrantar. Nær alle hovudfartsårar til Buenos Aires var blokkert, i samband med at fagrørsla, venstreparti og radikale rørsler organiserte den fyrste generalstreiken i landet sidan Mauricio Macri vann presidentvalet i november 2015. Inne i byen sto bussar og t-bane stille, mens dørene på universitet, offentlege kontor og mange av butikkane var stengde. Forretningsfolka som den dagen spaserte ut av Hilton og gjennom sentrum av millionbyen, kan neppe ha kjent seg på rett plass til rett tid. 


Ingen trylleslag


«Vil de sjå magi må de gå og sjå David Copperfield». Orda frå den argentinske presidenten fall på ein pressekonferanse i desember 2016, i samband med at regjeringskoalisjonen hans kunne markere eittårsdagen for sitt inntog i presidentpalasset Casa Rosada. Macri, arving til eit av Argentinas største forretningsimperium og med tette band til den økonomiske eliten i landet, er i likskap med sin nye kollega lengre nord, Donald Trump, kjend for å komme med lite gjennomtenkte fråsegn. Kommentaren som var meint som ei lettbeint realitetsorientering, fungerte fyrst og fremst som ei påminning om lovnadane som kom frå høgrekoalisjonen Cambiemos i forkant av presidentvalet i 2015: Rotet etter tolv år med sentrum-venstre-regjeringane til Nestor og Cristina Fernández de Kirchner skulle ryddast opp i. Gjennom ein serie raske reformer skulle Argentina sin økonomi gå frå stagnasjon til vekst i løpet av eit halvt år. Ein hestekur kor hovudingrediensane var omfattande kutt i straum-, gass- og transportsubsidiar og oppseiing av offentleg tilsette som regjeringa meinte var overflødige, skulle bringe budsjettoverskridingar under kontroll. Samstundes skulle liberalisering av valutaregimet, oppheving av statsmonopol, ein inflasjon under kontroll og ei løysing på den 14 år lange gjeldskonflikten mellom nordamerikanske investeringsfond føre til ei bølgje av utanlandske investeringar.

Gjer ein opp status halvanna år ut i regjeringsperioden, ser situasjonen svært annleis ut enn det draumebiletet presentert i valkampen.  Generalstreiken som lamma Argentina 6. april er til no det mest omfattande uttrykket for ei misnøye som har bygd seg opp i løpet av det siste halvanna året; gjennom 2017 har store protestar og langvarige streikar prega det argentinske nyheitsbildet. Mantraet til regjeringa om at den økonomiske situasjonen ville bli verre før han blei betre, er no i ferd med å smuldre opp, i og med at den jamne argentinar godt har merka forverringa, og ikkje betringa. 

Tolmodet til den mange argentinarar ser ut til å bli stadig meir tynnsliten, noko meiningsmålingane gjev eit tydeleg signal om. Populariteten til Macri si regjering heldt seg nemleg på eit forholdsvis høgt nivå gjennom 2016, sjølv om inflasjon nådde rekordhøge 40 % og subsidiekutt førte med seg mangedoblingar av elektrisitets- og gassrekningane til argentinske familiar.

Dette har no snudd; meiningsmålingsbyrået Management & Fit meldte i mars at det for fyrste gong er fleire argentinarar som meiner regjeringa gjer ein dårleg jobb enn motsett. Det har neppe hjelpt på populariteten at Macri, som gjekk til val med lovnad om å få ein slutt på den omfattande korrupsjonen som pregar argentinsk politikk, sidan innsettinga har vore gjenstand for fleire korrupsjonssakar. I tillegg har arbeidsløysa gitt misnøya ein ny dimensjon. Kombinasjonen av nedgong i kjøpekraft og subsidiekutt til ulike sektorar i industrien har ført jamlege oppseiingsrunder i fleire sektorar, samstundes som regjeringa har kutta stort i offentlege arbeidsplassar. Til saman førte det til oppseiing av meir enn 240 000 tilsette i 2016, ifølgje instituttet Centro de Economía Política Argentin (CEPA).

Hausten har med andre ord vore tung for ei høgreside som kom til makta i Argentina med stor optimisme. Lakmustesten for regjeringskoalisjonen er berre eit halvt år unna; 22. oktober held Argentina mellomval til nasjonalforsamlinga, kor halvparten av setene i kongressen, i tillegg til ein tredjedel av setene i senatet, står til val. Trass upopulære reformer, tronge økonomiske tider og skandalar i Casa Rosada, er det ikkje gitt at regjeringa vil få ein vanskelegare jobb etter mellomvalet. Med kort tid att til eit politisk alternativ må vere definert, er det enno ikkje klart i kva slags form, eller former, venstresida vil stille i til mellomvalet. Kva hindrar dei i å stille med eit truverdig alternativ til den nyliberale regjeringsplattforma?

Blant dei fyrste av svært mange større demonstrasjonar under Mauricio Macri - markeringa av 40-årsdagen for begynninga på militærdiktaturet, 24. mars 2016. (Foto: Peder Østebø)

«K» og massane


Valet av Mauricio Macri markerte slutten på 12 år med eit politisk regime med ein klar venstresideprofil, men forma i ein særeigen argentinsk kontekst. Den styrande krafta i det argentinske politiske livet hadde sidan 2003 vore Frente para la Victoria («Sigersfronten» - FpV), fyrst leia av Néstor Kirchner, og sidan Cristina Fernández de Kirchner. Valalliansen bygde fyrst og fremst på den radikale fløya av Partido Justicialista, det politiske arvegodset etter Juan Perón, som etter eit tiår som motor for ei storstilt privatisering og liberalisering av den argentinske økonomien, med katastrofale følger, slo retrett og orienterte seg mot venstre. Ekteparet Kirchner fekk følgje av ei rekke mindre venstreradikale parti, fraksjonar frå andre etablerte parti og med støtte frå ei rekke sosiale rørsler og fagforeiningar. Under banneret «kirchnerisme», kor statleg styrt industripolitikk blei kombinert med ein kraftig og omfattande utviding av velferdstenester, samt styrking av regionale samarbeidsorgan, representerte tendensen eit brot med eit 90-tal prega av valdsame konjunktursvingningar, nyliberalisme, og, rundt tusenårsskiftet, politisk og økonomisk kaos. 

Samstundes skapte både leiarstilen, då spesielt til Cristina Fernández de Kirchner, og det politiske prosjektet til FpV store dilemma for både venstresida og allierte i sosiale rørsle og fagforeiningar. Prosjektet blei kritisert frå venstre for å skape nye lojalitetsband mellom industriborgarskapet og myndigheiter, heller enn å ta eit oppgjer med den økonomiske eliten i landet. Samstundes har omfattande korrupsjonssakar gjennom heile perioden avslørt at kretsen rundt Kirchner er prega av nepotisme og klientelisme. Ein vanleg kritikk frå sosiale rørsle har vært at FpV, heller enn å bygge eit breitt samarbeid med urbane og sosiale rørsle, har organisert parallelle rørsle med personleg og ideologisk forankring til partiet.

Historia om Kirchnerismen er difor ikkje berre ei historie om eit land som vendte seg vekk frå nyliberalismen, men òg ei historie om fraksjonering og splid om kva det argentinske progressive prosjektet skal vere. Sjølv om skiftet av regjering kasta om på det politiske landskapet, er den avgjerande skiljelinja i argentinsk politikk framleis mellom «K» og «anti-K», for eller mot Kirchnerismen og presidentfamilien som har gitt namn til retninga.

Personfokuset og fraksjoneringa har blitt enno tydelegare i løpet av det siste halvanna året. Sjølv om Cristina Kirchner nyt stor tillit, både i delar av dei radikale rørslene og blant vanlege folk i Argentina, har korrupsjonsskandalar og hennar emne til å gjere seg sjølv til dreiepunktet for den politiske debatten gjort at FpV er i villreie. Den tidlegare presidenten mobiliserer jamleg store folkemengder i Buenos Aires, framfor alt når ho må møte i retten grunna dei nemnde korrupsjonsskandalane. Dei allierte av Kirchner ser på rettssakene som politisk forfølging, men dei stadige rettsmøta bidreg framfor alt til å dra fokuset vekk frå framtida til det politiske prosjektet som Kirchner representerte. Og, meir alvorleg med tanke på at mellomvalet nærmar seg, skapar det stor usikkerheit rundt kva Peronistrørsla si rolle skal vere.

Per i dag er Justisialistpartiet representert med tre forskjellige fraksjonar i den argentinske nasjonalforsamlinga. Den viktigaste, Frente Renovador, har gått frå å representere seg sjølv som ein «tredje veg» i argentinsk politikk til å bli ein kritisk, men ustabil, støttespelar for Macri-regjeringa. Ein annan fraksjon, Bloque Justicialista, nytta høve etter valnederlaget til FpV sin kandidat ved presidentvalet, Daniel Scioli, til å skape nok ei dissidentgruppe internt i partiet.  I løpet av 2016 har leiarskapet i partiet gjort ein iherdig innsats for å kunne skape eit rom for tilnærming mellom fraksjonane, men status etter halvanna år er at det er lite som tyder på at partiet kjem til å stå meir samla enn ved førre presidentval. Og sjølv om fraksjoneringa skuldast vel så mykje ideologisk splid og opportunisme som spørsmålet om «K», skapar det stadige spørsmålet rundt Cristina Fernández de Kirchner eit påskot for sektorane for å halde seg vekke frå forhandlingsbordet. 


Fagrørsla og folket


Spliden i fagrørsla er ikkje mindre synleg. Gjennom dei siste 12 åra har personkampar og usemje om strategi i møte med ei i utgangspunktet fagforeiningsvennleg regjering gjort vegen vanskeleg for dei tradisjonelle fagsamanslutningane. Den største av dei, Confederación General de Trabajo (CGT), har blant anna vore splitta i tre ulike fraksjonar, i hovudsak fordi sektorinteresser og personlege band til FpV-regjeringa har vore kjelde til kontinuerleg konflikt.

Med regjeringsskiftet har likevel fagrørsla fått anna å tenke på: korleis møte ei regjering som ønsker å presse lønningar ned, kutte massivt i sosiale tryggingsnett og som hadde som første post på programmet å sparke fleire titusen offentleg tilsette dei meinte var overflødige?

Mens den meir radikale samanslutninga Central de Trabajadores de Argentina (CTA), som har stor oppslutning blant offentleg tilsette, har vald ei konfronterande linje, med blant anna fleire langvarige streikar i utdanningssektoren som resultat. Leiarskapen i CGT har derimot vald ei linje som i større grad har vore ei blanding av konfrontasjon og forhandling med myndigheitene. Det er ikkje uproblematisk; argentinske fagforeiningsleiarar generelt, og leiinga i CGT spesielt, vert ofte skulda for å sette personlege interesser og sitt eige forhold til myndigheitspersonar framfor medlemmane si sak, og det blir spesielt tydeleg i møtet med den nye regjeringa.

Ein avslørande scene fant stad 6. mars, på podiet under ein massiv demonstrasjon i Buenos Aires, mot regjeringa sin kuttpolitikk. Marsjen hadde brei støtte, både blant dei forskjellege fagsamanslutningar og dei ulike venstrerørslene. Alle leiarane av CGT var til stades for å tale til ei folkemengde på nær 500 000. På førehand gjekk det rykte om at ein denne dagen ville annonsere dagen for generalstreiken som skulle komme i april. Då samtlege leiarar i CGT unngjekk å annonsere ein endeleg dato for streiken, blei dei bokstaveleg tatt jaga ned frå podiet, delvis av sine eigne medlemmar. Generalstreiken som følgde i april var ein maktdemonstrasjon frå den argentinske arbeidarrørsla, men konfrontasjonen streiken innebar var eit resultat av press frå eigne medlemmer på ein leiarskap som slit med den same villreia som pregar peronistrørsla. 


Brua til samarbeid


Trass i misnøya er det altså uklart kva svaret frå dei etablerte kreftene til venstre for sentrum vil vere på «macrismen», som er den nye merkelappen dei nyliberale tiltaka har fått. Samstundes blir biletet meir komplisert av at venstresida består av langt meir enn peronistrørsla og fagrørsla.

Bilda frå Pueyrredón-brua, der demonstrantar blei møtt med hard hand frå militærpolitiet, er ikkje berre eit uttrykk for harde frontar, men òg eit uttrykk for den fraksjoneringa og usemja som pregar det progressive landskapet i Argentina. Den 6. april hadde hovudorganisatorane bak generalstreiken, fagsamanslutningane CGT og CTA, oppmoda til å ikkje demonstrere under generalstreiken. Dette blei ignorert av venstreradikale rørsler og parti som har markert avstand til både Kirchner-regjeringane og leiarskapen til dei store fagsamanslutningane i landet.

Det radikale landskapet i Argentina er mangfaldig, og har delvis ideologiske røtter: Demonstrantane på Pueyrredón var i hovudsak knytt til rørslene som inngår i Frente de Izquierda y de los Trabajadores, som markerer seg i trotskistisk retning, og som har hovudbasen sin i Buenos Aires. Desse rørslene har lenge stått som eit korrektiv til venstre for kirchnerismen, og tona har til tider vore uforsonleg. Det same gjeld for meir reformistiske, mindre prosjekt som Proyecto Sur, samt alliansar av meir tradisjonelle venstreorienterte parti som Partido Socialista. Andre prosjekt definerer seg i mindre grad med denne skiljelinja, og begynte allereie under Kirchner-tida å orientere seg mot ei regional venstreside. Dette gjeld særleg rørsler som Patria Grande. Forholda til den førre regjeringa og doktrinen ho forfekta har i stor grad prega venstresida, og spørsmålet om autonomi er, og bør vere, eit sentralt spørsmål for venstreradikale rørsler og prosjekt i eit land kor politiske alliansar skiftar fort og det politiske landskapet er svært dynamisk. Samstundes er det verdt å nemne at mange organisasjonar og grasrotrørsler, spesielt knytte til student- og kvinnekamp, utgjer viktige sektorar med både autonomi og emne til å mobilisere.  Kvinnerørsla viser teikn til å bli ein stadig viktigare mobiliseringskraft for eit radikalt politisk prosjekt, noko dei massive demonstrasjonane mot vald mot kvinner, under banneret «Ni una menos» («Ikkje ei til»), er eit prov på. I uformell sektor og i arbeidarklassestrøk ligg det eit stort potensial for samarbeid med nabolagsorganisasjonar og fagforeiningar utanfor den etablerte fagrørsla.


Mot 2019 - ei sjanse for samling


Når venstresida demonstrerer i gatene, er slagorda om misnøya uniforme. Det tyder ikkje at venstresida er konsolidert. Tvert om står både ideologiske skilje, historiske rivaliseringar og usikkerheita rundt Peronistpartiet sine vegval som viktige hinder for ein felles front for å snu høgredreiinga i Argentina.

På kort sikt må venstresida definere ein strategi som famnar breitt nok til å stå imot regjeringa og regjeringsvennlege krefter i etablerte politiske kanalar. Mellomvalet blir difor ikkje berre ein dom over regjeringa, men eit mål på om peronistrørsla og den radikale venstresida kan fungere som kanal for misnøya som no grip om seg. På lang sikt er utfordringa om mogleg større; den breie venstresida må presentere eit alternativ som går på tvers av tidlegare skiljelinjer, som har folkeleg forankring og støtte frå både sosiale rørsle og fagrørsla, og som tar eit oppgjer med dei problematiske delane av kirchnerismen. Prosjektet må med andre ord vere inkluderande, basert på politisk samarbeid heller enn personlege relasjonar, og det må vere kompromisslaust i møte med korrupsjon. Dersom ein lukkast med dette er det ein stor prestasjon, med tanke på både den regionale politiske og økonomiske situasjonen, og ikkje minst med tanke på Argentina sine eigne erfaringar etter tusenårsskiftet. Gitt haldningane og erfaringane i befolkninga, og ei historie for sosial kamp og organisering, er Argentina eit land kor ei slik nyorientering er mogleg. 


Peder Østebø
Prosjektkoordinator for Solidaritetsbrigadene
Land
Tags