Argentina - ei internasjonal transstjerne

Foto: Beatrice Murch

Foto: Beatrice Murch

Korleis blei Argentina det mest progressive landet i verda på transrettar?

Artikkelen har tidligere stått på trykk i LatinAmerika #1 2017

11. mai 2012 vedtok Argentina, som det første landet i verda, ei lov som gjorde at ein kunne velje juridisk kjønn sjølv. Kva kjønn ein er skulle vere definert av sjølvidentifikasjon, ikkje medisinske standardar, operasjonar eller hormonnivå. Først i juni 2016 gjorde Norge det same. 

Ley de Identidad de Genéro, lova om kjønnsidentitet, kom som eit resultat av at transfolk hadde sett seg lei av at medisinske krav om hormonar og kostbare operasjonar skulle definere juridisk kjønn. Lova satt ein stoppar for det som blir omtalt som tvangskastrering av transfolk, fordi ei rekke sosiale og økonomiske rettar berre er tilgjengelege dersom ein fjernar reproduktive organ.


Mindre trakassering


Å endre juridisk kjønn kan for mange også risikere sannsynet for trakassering og hatkriminalitet. Om du kjem i banken med identifikasjon som seier at du er kvinne, og personen bak skranka ser ein mann, risikerer du ikkje berre latterleggjering av bankpersonalet, men i verste fall trakassering og vald av personar som har oppfatta at du er trans. Frykta for «outing» gjer at mange transfolk gruar seg til eller unngår stader der ein må vise legitimasjon dersom legitimasjonen viser at ein er trans.

I tillegg sikrar lova tilgang på gratis medisinsk behandling for transfolk. Til samanlikning får berre omlag 30 prosent av dei som ønsker det tilbod om gratis medisinsk behandling i Norge, ifølgje Rikshospitalet sine eige tal. Manglande tilgang på medisinsk behandling fører til at einaste trygge alternativ er dyre behandlingar på private klinikkar. Dei som ikkje har råd til dette sjølvmedisinerar ofte med hormonar og anabole steroidar kjøpt på nett.


Integrering i arbeidsmarknaden


Diskriminering i arbeidsmarknaden er eit utbredt problem for transfolk verda over, og Argentina er ikkje noko unntak. Det finns lite kvantitativ forsking på diskriminering på bakgrunn av kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, men kvalitativ forsking om transfolk sine levekår avslørar store utfordringar med å få seg jobb. I Argentina har sal av seksuelle tenester vore eit utbredt alternativ inntektskjelde blant transfolk som har blitt utestengt frå arbeidsmarknaden.

I 2015 vedtok derfor Buenos Aires-provinsen nok ei banebrytande lov: 1 prosent av jobbane i offentleg sektor skal settast av til transfolk. Årsaken til lovendringa var eit ønske om aktiv integrering av transfolk i arbeidslivet. Transfolk verda over får ofte ikkje innpass i den ordinære arbeidsmarknaden. Ved å vedta ein aktiv inkluderingspolitikk unngår ein at folk går inn i illegale økonomiar som prostitusjon og narkotikasalg.


Ein aktivist frå ATTTA, organisasjonen for transvestittar, transseksuele og transkjønna i Argentina. Foto: Beatrice Murch

Store utfordringar står igjen


Til tross for progressive lover har framleis transfolk ei rekke utfordringar i Argentina. Forventa levealder er under halvparten av den forventa levealderen til såkalla cispersonar, altså folk som ikkje er trans. Utanfor Buenos Aires har transfolk store problem med å finne arbeid.

Hatkriminalitet er eit utbredt problem – i følgje Transgender Europe sitt Trans Monitoring Project har 50 transpersonar blitt drept i Argentina dei siste åtte åra. Dette inkluderar blant anna transaktivisten og menneskerettsforkjemparen Diana Sacayán, som i oktober 2015 blei funne drept i sin eigen heim. Sjølv om juridiske rettar ofte gjer stigmaet til ei gruppe mindre ordnar ikkje juridiske rettar i seg sjølv alle sosiale problem som transfolk har.


Inspirerer internasjonalt


Det er ikkje tilfeldig at det er akkurat i Argentina desse progressive lovendringane har skjedd. For det første har ein hatt ei godt organisert transrørsle som har satt viktige politiske krav på dagsorden. For det andre har transrørsla skapt alliansar med andre rørsler, og feministiske organisasjonar, LHBT-organisasjonar og menneskerettsaktivistar har dermed også satt transrettar på dagsordenen. Argentina har vore ein inspirator for transrørsla verda over.

Då Norge vedtok lov om endring av juridisk kjønn i 2016 var dette med inspirasjon frå den argentinske modellen. Også norske transaktivistar kan dermed takke argentinske transaktivistar for det banebrytande arbeidet. Kanskje kan ein også i Norge finne vidare inspirasjon frå Argentina i tiltak for rett på medisinsk behandling og integrering i arbeidslivet?


Trans: Fellesterm for alle som ikkje identifiserar seg som registrert kjønn etter fødsel.
I Latin-Amerika inkluderar trans ofte også transvestittar, det vil seie personar som har eit kjønnsuttrykk typisk for eit anna kjønn enn det ein blei registert som etter fødsel, men som ikkje nødvendigvis identifiserar seg med dette kjønnet.

- Cis: Ein person som identifiserar seg med kjønnet tildelt etter fødsel.

- Kjønnsidentitet: Kva kjønnskateori ein identifiserar seg inn i.

- Kjønnsuttrykk: Den måten ein person uttrykkar seg som kvinne, mann eller utanfor tokjønnssystemet i samfunnet. Kjønnsuttrykk blir ofte tolka feminint eller maskulint, men kva som blir tolka feminint og maskulint vil variere mellom kulturar og miljø.

Kai Viljar Eidsvik
Informasjonsmedarbeidar i Latin-Amerikagruppene i Norge
Land