Kven skal styre jorda?

Det er for tida store spenningar i Camiri i Chacoregionen i Bolivia. Det er nok ein gong jordspørsmålet som fører til konflikt i eit av Latin – Amerikas land.

Etter urfolksmarsjen for jord og territorium i 2006 vart jordlova 1715 frå 1996 modifisert til lov 3545. Denne modifiseringa skulle hjelpe til med å få fortgang i den stilleståande prosessen med legalisering av jorda. Første steg i jordfordelinga er å kontrollere jordområdar, dette for å sjå om eigarane har lovleg rett på jorda, om der er tilfelle av tenesteskap eller slaveri, og om jorda blir nytta til faktisk produksjon. Omfordeling av jord er eit av dei grunnleggande krava til urfolka og bøndene i landet og er eit viktig steg i å heve levestandaren til urfolka og andre jordarbeidarar.

I skrivande stund jobbar regjeringa med å få komme inn på jordeigendommar i Camiri, i Santa Cruz fylke, for å kontrollere at den økonomiske og sosiale funksjonen vert etterfølgt i området. I Bolivia i dag er nokon få private jordeigarar herre over hundretusenvis av hektar med jord. Denne jorda er ofte utitulert og har kome i deira hender under diktatur og nepotisme.

Guaranífolket har jobba på jordeigedommane til ein økonomisk elite sidan spanjolane steig i land i Latin-Amerika. Dei vart fråtekne jorda si og satt i tvangsarbeid i gruver og på markane. Dessverre er det ikkje stort som har forandra seg. I året 2008 er det framleis folk som lever som slavar i Bolivia. I Camiri jobbar framleis Guaranífolket på jord dei sjølv ikkje er herre over. I følgje ei talskvinne for menneskerettar i Bolivia tenar menn rundt 10 kroner dagleg, kvinner omlag 5 kroner og barn mellom 50 øre og 1 krone. Dette er derimot ikkje pengar alle får utbetalt kontant, nokon vert ”betalt” i form av gamle klede, eit skur og litt mat. Jordarbeidarane har ofte tilbrakt heile sitt liv på desse storgodsa eller kome dit i ung alder.

Det blir fortald historier om jordarbeidarar som blir trua med våpen eller som regelrett har ”forsvunne” frå storgodset. For dei fattigaste menneska i Bolivia fins det ikkje mange andre alternativ enn å jobbe under desse vilkåra. Det er heller ikkje mange moglegheiter til å forlate storgodset om dette er ønsket, i nokon tilfeller er folk regelrett fanga på godsa, dette som ein følgje av  maktutøvinga til jordeigarane og deira tilsette. 

På eit møte fredag 11.april mellom dei regionale leiarane i Confederación de Pueblos Indígenas de Bolivia (CIDOB) vert problematikken ved jordfordelingsprosessen diskutert. Det er konflikten i Camiri som står i fokus. Regjeringa har gått inn i Alto Parapetí, Camiri, i Santa Cruz fylke for å starte legaliseringsprosessen, denne har brutalt blitt stoppa av paramilitære grupper og andre motstandarar. I det omtalte området som skal bli kontrollert av staten, eig blant anna familien Larsen 17 eigendomar. Desse utgjer til saman 57 145 hektar med jord,  som er omlag 571 km. For å sette dette i perspektiv kan vi sjå til Noreg der Oslo fylke dekker eit areal på 454 km.

Meir enn 167 Guaranífamiliar på 13 forskjellige storgods i Alto Parapetí, Camiri bur i fangenskap. Dei vert ofte i gjeld til godseigarane då deira gratis arbeid hevdas å ikkje vere nok til å betale for den maten og huset dei får. Slik vert dei hindra i å reise frå godset. Det er utbreidd med tvangsarbeid og mange Guaraní lever under slaveliknande forhold. Dette er konstatert frå fleire hald, deriblant internasjonale organisasjonar som FN og Menneskerettskommisjonen.

Dei regionale leiarane i CIDOB legg vekt på Guaranífolket sine lidingar og korleis mange framleis lev under forhold som er regelrett slaveri. Justa Cabrera, Guaraní, leiar i Zonacruz og CNAMIB uttrykker si bekymring for situasjonen i Camiri. ”Våre brør og søstrer gret, dei er sperra inne på jordgodsa og har inga moglegheit til å komme seg ut frå området. Folk seiar at det ikkje fins slavar i Bolivia, korleis kan dei seie dette? Bestefaren min var slave, og eg er sjølv slave! Eg er slave av fattigdommen, undertrykking og diskriminering!”.

Det vert satt fokus på at det trengs handling og mobilisering, og at dette må skje svært raskt. Folk må samle seg for å i første omgang frigjere dei fanga Guaranífamiliane og for å få gjennom jordlegaliseringa.

Gregorio Flores fortel om si historie som landarbeidar. Han vart sett til å arbeide i trevirkeproduksjonen. Der fekk han klar beskjed om at ingen slapp frå dette arbeidet i live. Om det ikkje fans familie vart dei døde gravlagt på ei kyrkjegard på storgodset, utan at nokon vert informerte. Han tente omlag 5 kroner dagen, og om han missa ein arbeidsdag missa han ikkje berre løna frå denne dagen, men for to dagar i tillegg til at han ikkje fekk mat på søndagen. Ein missa arbeidsdag gjorde dermed at han missa tre arbeidsdagar med kost. Han fortel også om drap og mishandling av urfolk og arbeidarar ved dei store plantasjane og godsa.  Han klarte å komme seg unna, og no arbeidar Flores med organisasjonsarbeid for å betre liva og oppfølginga av urfolk sine rettar.

Media i Santa Cruz og i resten av landet gir eit noko anna bilete på situasjonen. Eigarane av media er i stor grad dei same personane som eig den omtalte jorda. Det seg vere i Camiri eller andre delar av landet. Guaranífolket og statsrepresentantane i Camiri vert portrettert som valdelege personar som prøvar å gi ustabilitet i demokratiet Bolivia. Jordeigarane, som også er blant dei som no krevjar sjølvstyre i Santa Cruz, snakkar varmt om demokrati, dialog og ei fredleg løysing. Dei appellerar til regjeringsrepresentantane i å forlate Camiri får å hindre væpna konflikt.

Det dei unngår å snakke om er kven som i utgangspunktet mobiliserte til blokkering av jordeigendomene, som har ført til at Guaranífolk og andre jordarbeidarar er innesperra på området. Dei har ikkje moglegheit til å kommunisere ut eller få tak i forsyningar. ”Det fins ikkje slavar i Bolivia” uttalte Branko Marinkovic, leiar i El Comité pro Santa Cruz, på TV. Likevel, til tross for å ikkje ha noko å skjule, hindrar jordeigarane kontrollørar i å komme inn på eigedomane. I same vending ber dei om bevis på det såkalla slaveriet i Bolivia. 

For meir info om jordlovane og jordreform i Bolivia, sjå: http://www.latin-amerikagruppene.no/Landindeksen/Land/Bolivia/LAG_og_Bolivia/Jordreform/index.html)

Marte Reenskaug Fjörtoft
Land