Gled dykk!

Neste brigade skal bo inne i Sertão. Me var på vitjing, og kan lova at det vert eit spanande opphald –på meir enn eit vis

Neste brigade skal bo inne i Sertão. Me var på vitjing, og kan lova at det vert eit spanande opphald –på meir enn eit vis.

Saman med Torkjell-koordinator drog me innover til det pernambukanske Sertão. Sertão er namnet på det tørre området i innlandet av nordaust Brasil. Me budde i Petrolina, den største byen i området. Byen har 173 500 innbyggarar og ligg ved bredda av São Fransisco –elva som er livsåra for området. For busette i nærleiken av denne er den ypparleg for fisking, bading og vasking av likt og ulikt. Busettingar lenger inne, vert optimalt sett forsyna av vatn gjennom kanalsystem frå elva.

Sertão er òg eit område der den historiske røvaren –eller ”Brasil sin Robin Hood” som nokon vil hevde –Lampião herja rundt. Mannen, sammen med sin kjære Maria Bonita, er ein historisk helteskikkelse i nordaust Brasil. Figurar av dei finnest over alt og i monge variantar. No skulle me òg få oppleve dette området –som i fylgje reisehandboka ”Footprint” fortsatt er litt av eit ”røvarland”. Me budde heime hjå MST-koordinator i Sertão, James. Han tok oss med til ulike MST busettingar; i nokre av desse skal brigadistane bu.

Me drog frå den fuktige og frodige kysten av Pernambuco, og inn til sand, kaktus og meir karrige forhold. Men det tørre Sertão kan likevel by på monge spanande frukter. For så lenge ein har vatn, er det håp: området er viden kjent for sin fruktproduksjon. Eit generelt trekk ved busettingane me vitja var at alle produserte frukt av eit eller fleire slag; me vitja mellom anna ein busetting som dreiv med produksjon av druer.

Me vonar og trur komande brigade får eit innhaldsrikt opphald –det skulle vere nok å henge fingrane og tankane i. I det minste vil dei ganske sikkert koma heim som frukt- og vatningskanal ekspertar.

 

Elva São Fransisco er livsåra inne i det tørre Sertão

image.php?id=2047.

 

Denne kanalen er starten av eit 35km langt vatningsanlegg som i framtida skal forsyne ca 300 småbønder samt 35 fruktprodusentar med vatn både til produksjon, hushaldning og drikkevatn

 

Ein bonde arbeidar i paprikaåkaren i Assentamento São Fransisco.

 

Bygging av eit typisk hus på MST-bygda. Dei fleste -om ikkje alle- brigadistane i komande brigade vil nok gå mykje ut og inn av slike hus….

 

Land