Busscama-drama

Å reise rundt i Bolivia går ikkje alltid "smooth". Dette fikk i alle fall vi, Wibeke og Cecilie, oppleve når vi skulle reise fra Cochabamba til La Paz på helgetur. Vi bestemde oss for å ta busscama, som er ein slags ekstra behagelig nattbuss, men som ikkje var så veldig behagelig i vårt tilfelle. I overkant av sju timar var vi fast i ødemarka etter at bussen havarerte og sjåføren måtte på sjukehus.

Etter tre timer på veien frå Cochabamba blei bussen fyldt av røyk/eksos. Vi tenkte ikkje vidare over det, utan om at det var ubehagelig å puste. Ei dame begynte så å slå hysterisk på utgangsdøra og ropte utan stans "slepp meg ut". Etter nokre minutt gikk ein medpasasjer for å kontakte sjåføren. 
 
Når bussen stansa kom eit høgt smell. Det var først då vi reagerte, treiv på oss sko og kom oss ut. Utanfor var det kaos i bekmørket. Folk snakka fort og høgt på spansk, og vi sleit med å få med oss kva som eigentlig skjedde rundt oss. I skyggen av ei lommelykt kunne vi skimte ein person som var bøyd frammover og lyden av noko som rann. Dette viste seg å vere sjåføren som striblødde frå hovudet. Wibeke fikk fortalt at sjåføren hadde prøvd å fikse motoren, men at noko hadde eksplodert i ansiktet på han, og han hadde glasskår i halve ansiktet. 

Ein buss frå det samme selskapet kom i motsatt retning, og hjelpesjåforen fikk forklart kva som hadde skjedd. Dei skulle varsle om ulykka og få sendt ein ny buss, og sjåføren vart frakta på sjukehus i ein pickup.

 

image.php?id=8965I overkant av 7 timar sat vi støkk i ødemarka. Når det vart lyst oppdaga vi eit yrande dyreliv, og at vi var på eit fjell. Medpassasjeren som hadde fått stoppa bussen, ein mann som vi misstenkjer jobbar i militæret, tok seg ein runde og spurde samtlige passasjerar om korleis dei hadde det. Vi fikk eit humoristisk spørsmål om vi visste kvar vi var. Noko vi sjølvsagt ikkje hadde peiling på. 

 image.php?id=8963

Tipper vi var i lamaland

 

Først halv ni på morgonen kom ein ny buss. Då hadde vi site der sidan to tida på natta. Enkelte av dei andre passasjerane hadde i mellomtida prøvd å få heik, men kun ein person lykkast i det.

 

Sjølvsagt dukka det også opp selgarar her, og dei kunne tilby oss saft til frokost.

 

Vi hade ikkje før fått satt oss inn i den nye bussen, før dei satte på filmen "today you die" med Steven Segal i hovudrolla. Vi fikk også på ein selgar som prøvde å selge oss reumatismekrem og ei dame med ost. Bussen stoppa også og tok på lokale bolivianarar som skulle til La Paz, noko som skapte stor missnøye blandt dei andre passasjerane.

Alt i alt vil vi nok karakterisere hendinga som meir spennande enn skremmande, og vi tilslutt kom vi oss også fram til La Paz. 

 

Wibeke Bruland
Land