Besøk i gruvene

For eit par veker sidan var eg på besøk i ei gruve i Llallagua i lag med samarbeidsorganisasjonen eg er utplassert hjå.

Llallagua er ein gruveby som ligg i fylket Potosí, omlag 3800 image.php?id=9184meter over havet. Det er det tettast befolka gruveområdet i Bolivia og var ein gong innehavar av verdas største tinn-gruve. I dag er det tre kooperativ som driv gruva, Cooperativo Siglo XX, Cooperativo 20 de Octubre og Cooperativo Dolores.

"Me blir møtt av ein gruvearbeidar som skal vise oss rundt. Han deler ut hjelmar og lykter til oss før me blir stua inn i baggasjerommet på ein bil og køyrt opp til gruveinngongen.
Me går inn i gruva. Det bles ein behageleg kjøleg vind og det er rikeleg med plass, både på sidene og under taket. image.php?id=9185Etter ei stund byrjar det å bli blautt på bakken, det flyt med vatn, men eg får ei myndig hand under armen som støttar meg der eg balanserar på ei togskinne. Eg blir fortalt kvar eg skal gå, flytta frå ei side av gruvegongen til den andre etter kvar vatnet er. Det har vore regntid for ikkje så lenge sidan, det er difor det er slik, resten av året plar det å vera turrare her.
Det er søndag i dag, dei fleste arbeiderane har fri, men av og til møter me nokon, enten på veg inn i gruva eller berande på tunge sekkar fylt med tinn. Me held fram, vidare og vidare innover. Det dryp frå taket, vatnet er raudt, og rundt oss er veggane som ei regnboge, raudt, grønt, blått før det skiftar til jord og leire. Det er blitt lågare under taket, varmare, klammare. Lufta er tung å puste. Me går vidare, bøyger oss ned for å komme oss gjennom dei tronge gongane, eg støttar meg til han som viser oss rundt, og ser med undring på dei som faktisk arbeidar her inne, men veit at dei få eg møter i dag på ingen måte representerar den harde kvardagen til gruvearbeiderane, sjølv om tempoet er høgt og arbeidet tøft denne dagen og.
Til slutt har me kome så langt som vegvisaren vår vil ta oss.image.php?id=9186 Me snur og på vegen tilbake tek me ein avstikkar for å helse på el Tío, ein slags djevelskikkelse som gruvearbeiderane ofrar koka, singani (brennevin) og mat til. Det blir sagt at gruvearbeiderane ikkje trur at Gud kan hjelpe dei på ein slik grufull plass som gruvene er. Det er ikkje lenger noko håp, anna enn å slå seg i lag med den som er der nede, nettopp djevelen."

image.php?id=9189Gruvedrift står for omlag 2% av den totale sysselsettinga i Bolivia. Det finst meir enn 100 gruvekooperativ i Bolivia som til saman har over 60,000 medlemmar. Av desse er omlag 7500 kvinner, men tala på kvinner som ikkje er registrert er høge då mange arbeidar ulønna eller under svært dårlege forhold.
Det er og mange born som arbeidar i gruvene, og Llallagua blir trekt fram som eit døme av internasjonale organisasjonar på eit område der problemet er svært stort.
I mange gruver blir det nytta utdaterte arbeidsmetodar som fører til miljøskadar på naturen rundt. Gruvedrifta skapar arbeidsplassar og bidreg positivt til den bolivianske økonomien, men slik det er no skjer det ofte på bekostning miljøet og helsa til dei som arbeidar der. image.php?id=9188

Marita Mo
Land