El Centro de Estudios y Apoyo al Desarrollo Local (CEADL)

CEADL, senteret for studiar av og støtte til lokal utvikling, er ein ikkje-kommersiell organisasjon som vart oppretta i samband med sosiale rørsler. Dei arbeidar med bevisstgjering og dyktiggjering av ungdom og unge kvinner i byen El Alto.

Dei ser på situasjonen til ungdom i dag i forhold til korleis den har vore tidlegare, og tek omsyn til generasjonsskilnadar. Dei ynskjer å opplyse unge menn og kvinner om menneskerettar; sosiale, politiske og kulturelle, gjennom aktivitetar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Deira visjon er at ungdom skal bruke sine kunnskapar om menneskerettane til å ta initiativ til å medverke i rom der avgjersler blir tekne, både lokalt og nasjonalt. Dette vil så rettleie danninga av eit nasjonalt samfunn; uavhengig, deltakande, likeverdig, inkluderande og rettferdig i ein global samanheng.

CEADL dyktiggjer ungdom på felt som menneskerettar, kjønn og generasjonsskifte, økonomisk politikk, leiarskap og organisering, politisk deltaking og kulturell identitet.
Parallelt med dette deltek dei i og koordinerar nettverk lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei samarbeidar og med internasjonale og nasjonale rørsler og organisasjonar.
Deira arbeid er basert på overeinskomst, solidaritet, gjensidig respekt, glede og openheit.
Organisasjonen vart oppretta i februar 2000, og har sidan det utvida arbeidet sitt til nasjonalt nivå ved å opprette samarbeid med ulike organisasjonar rundt omkring i landet. I tillegg driv dei kontor i Sucre, og eit observatorium i Sucre/La Paz og Santa Cruz som skal følgje opp forvaltninga av naturressursar her i Bolivia.

CEADL i El Alto arbeidar på fleire felt, dei har program innanfor bevisstgjering, dyktiggjering og kommunikasjon. Meir konkret driv dei eit kvinnenettverk, utdannar leiarar, held kurs og føredrag der tema kan vera alt frå oppretting av nettsider og bloggar til den nye grunnlova og politikk, driv med informasjonsspreiing om menneskerettar, seksuelle og reproduktive rettar, og informerar om alternativ til militarisering. Dei driv og eit omreisande bibliotek, ein internettkafé og ein kulturkafé, Wiñay Pacha. Og med alt dette blir kontoret ganske naturleg eit samlingspunkt for ungdom, og det er ikkje ofte det går ein heil dag utan at det stikk nokon innom for å seie hei.

Hjå CEADL i El Alto arbeidar Wibeke, Leo og Marita. Wibeke arbeidar innanfor kommunikasjon, Leo med verneplikt og eit prosjekt som er kalla Cultura de Paz, og Marita i kvinnenettverket til CEADL. Me står også fritt til å engasjere oss i dei programma me tykkjer er interessante, og det er alltid mykje forskjellige aktivitetar på gong.
Det arbeidar om lag 25 personar på kontoret, og me som er utplasserte der har vorte godt mottekne og inkluderte i det sosiale miljøet frå fyrste dagen me var der. Tusen takk til CEADL for fire fine og lærerike månadar.

Marita Mo
Land