Urfolkskvinner frå lavlandet organiserar seg

Etter 25 års deltaking i urfolksorganisasjonar ser urfolkskvinner eit behov for å organisere seg og fokusere på likestilling, politisk deltaking og kvinners rettar. Som eit resultat av dette har urfolkskvinnene i lavlandet i Bolivia danna sin eigen organisasjon.

Confederación de Pueblos Indígenas de Bolivia, (CIDOB) er ein urfolksorganisasjon som vart danna i 1982, og som har utvikla seg til å konstituere 11 regionar som igjen har sine lokale organisasjonar.

I Santa Cruz, hovudsetet til CIDOB vart det 22.-24. november 2007 arrangert eit nasjonalt folkemøte (La Asamblea Nacional de Mujeres Indigenas de Tierras Bajas de Bolivia) der 135 kvinner frå 15 forskjellige organisasjonar innanfor CIDOB møtte opp for å diskutere danninga av ein kvinneorganisasjon. På møtet vart det avgjort at det innafor CIDOB skulle bli danna ein nasjonal organisasjon for urfolkskvinner; Confederación Nacional de Mujeres Indígenas de Bolivia (CNAMIB).

På møtet delte kvinnene seg opp i arbeidsgrupper der dei formulerte grunnane sine til å organisere seg, kva problem som kan oppstå og kva for styrker dei har. Nokon av hovudtrekka som kan nemnas er behovet for kursing innanfor aktuelle tema, blant anna innanfor leiarskap for å auke deltakinga av kvinner, både innanfor CIDOB og på nasjonalt og internasjonalt nivå. Kvinnene understreka at grunnen til at dei ville starte ein kvinneorganisasjon er å kunne styrke CIDOB som organisasjon, ikkje å skape indre strid og ueinigheitar. Dei legg vekt på at kvinnene, etter 25 års deltaking i urfolksorganisasjonar, ikkje har kome opp på eit ønska nivå av deltaking innanfor organisasjonen og at dei også innanfor denne møtar motstand som kvinner. Det vart også lagt vekt på behovet for bevisstgjering av kvinner sine rettar. Dei ønskjer å eliminere den tredelte diskrimineringa av kvinner som dei vert utsett for i eigenskap av å vere kvinne, urfolk og fattig.

Nokon av styrkane som dei nemnte var at det fins nokon kvinner i leiarposisjonar i lokale organisasjonar og at dei kan dra kunnskap ut i frå dette. Nokon av kvinnene i CIDOB har erfaring frå CMIB (Central de Mujeres Indigenas de Beni) som er ein lokal organisasjon i Beni. Dei har gått gjennom den kampen som det å organisere seg som kvinne inneber på lokalt nivå, her innanfor CIDOB og også i lokalsamfunnet. 

Det er viktig å støtte CNAMIB i denne vanskelege startfasen. Dei treng å setje i gang planlegginga av aktivitetar og å konsolidere seg som organisasjon. Dei møtar store problem som kvinner i det daglege liv, som vald i heimen og at dei har lite moglegheiter til å ta avgjeringar. Det er mykje diskriminering i landsbyane og også innanfor i organisasjonane. Dei legg også vekt på viktigheita av å samle seg og organisere seg med tanke på den politiske situasjonen i landet og for å nå fram med sine meiningar.

image.php?id=9152Kvinnene har møtt intern motstand innanfor CIDOB og urfolksrørsla  generelt. Mennene har stor makt og viser generelt lite interesse i kvinnespørsmål og ser helst at dei gjeldande maktposisjonane vert oppretthaldne. Ein kan likevel allereie sjå ei endring i haldingane til nokon av dei organiserte mennene, og det kan sjå ut til at det fins ei forståing for at desse kvinnene kan vere ein ressurs for organisasjonen.

CNAMIB er i ei kritisk fase, dei valte å stå opp mot mennene i CIDOB og andre urfolksorganisasjonar og danne ein organisasjon på tross av kritikken dei møtar. Om organisasjonen ikkje klarar å overleve, vil dei sjølv, deira dotrer og nieser møte ein enno sterkare motstand om dei seinare vel å ta opp kampen mot patriarkiet. Grupperingar av menn har uttalt sterk tvil i forhold til kor levedyktig dei trur CNAMIB er. Om dette vert ”bevist” i CNAMIB sin manglande moglegheit til å konsolidere seg kan dette føre til ei forverring i situasjonen til urfolkskvinnene, og hindre dei i sin kamp for eit liv utan vald, voldtekter og overstyring av sine ektemenn og partnarar i organisasjonslivet.

CNAMIB har eit stort behov for midlar til å kunne setje i gang arbeidet med å kurse kvinnene innanfor tema som seksualitet, reproduktive rettar, leiarskap, utdanning og kommunikasjon. Kvinnene utrykte det sjølv på denne måten, vi må ”få meir kjennskap til våre rettar for å hindre at vi blir overkøyrde”.

image.php?id=915031. mars til 2. April var det eit møte her i Santa Cruz der kvinner frå alle dei regionale og lokale organisasjonane møttes for å danne statuttar, klargjere visjonar og diskutere kvinnene sin posisjon i det nye grunnlovsforslaget. Møtet var svært vellukka og CNAMIB kom godt i gang med å samle seg som organisasjon. Det vart danna ein komité som skal jobbe vidare med utarbeidinga av reglar, lover og statuttar. Også mannlege representantar frå CIDOB var til stade og det vart uttrykt støtte til kvinnene. Om CNAMIB sin diskurs og visjonar vert godteke er dette eit svært viktig steg i deira kamp for betre liv og auka moglegheiter.   

Marte Reenskaug Fjørtoft
Land