Utdanning åleine endrar ikkje samfunnet...

...men utan den vil heller ikkje samfunnet endre seg.

Utdanning er fridom, hevda Paulo Freire (1921-1997), verdskjend for sin ”frigjeringspedagogikk”. Ved bruk av tverrfaglegheit, og ved å vise respekt for uttrykksformen til folket, ville Freire skape ein form for pedagogikk som kunne nå ut til fleire. Med utgangspunkt i si eiga røynd, lærer ein best om det framande, hevda Freire. I tråd med dette tek MST sikte på ein pedagogikk som i større grad tek utgangspunkt i røynda enn kva dei meiner det kapitalistiske utdanningssystemet gjer. Utdanning har vorte ein viktig base for MST, som med tida har bygd opp fleire utdanningsinstitusjonar og prosjekt innad i busetnadane sine, mellom anna ”Alfabetiseringsprosjektet for ungdom og vaksne” (EJA).

Oppstartskampanjen til EJA, stifta i 1991 med Freire tilstades, retta seg mot ungdom, vaksne og eldre. Etter dette vart fleire alfabetiseringsprosjekt for jordbrukarar i rurale strøk prøvd ut, inntil «Alfabetisering av Brasil», samarbeidet mellom avdelingar av jordbruksreforma og Utdanningsdepartementet, starta opp i 2003. Det særskilde med EJA er at det berre er for MSTarar. Staten tilbyr nemleg ikkje alfabetisering for heile Brasil si befolkning, sjølv om 12 prosent er analfabetikarar, og utdanningsnivået er lågt. Der samfunnet sluttar å ta ansvar, har MST kjempa fram rett til utdanninga for medlemmane, uavhengig av alder. Det sosiale ansvaret som MST har teke på seg, gir sjølvrespekt og ei kjensle av verd, som diverre altfor få brasilianarar opplever i dag.

Innan slutten av 2006 hadde 5.500 MSTarar gjennomført EJA, og fleire enn 1.800 læringsassistentar hadde fått si utdanning. Læringsassistentar bur i okkupasjonsleirar og busetnader, og er ein del av MSTkvardagen på lik line som med andre. Prosjektet er no å finne i tilnærma samtlege MST-busetnader i Brasil sine 27 delstatar. Det statlege universitetet i Santa Catarina (UFSC) har i dag ansvar for pedagogikken til prosjektet i delstaten Santa Catarina.

EJA-prosjektet er friviljug, men det er liten tvil om at det er mange som ynskjer å ta delta. Ikkje alle har høve til å reise ifrå arbeid og hus i opptil fleire veker i strekk for å delta, sjølv om MST til dømes tilbyr open barnehage, medan foreldra er på skulen. Prosjektet har heller ikkje budsjett til at tilsette ved UFSC kan kurse samtlege MSTarar i delstaten, difor arrangerar UFSC kurs der dei gir somme busetjarar nok kunnskap til å fungere som læringsassistentar for andre i busetnadane. I slutten av september vart eit slikt kurs halde i busetnaden 30 de Outubro, der Preta, vertsmora mi, og kring 25 andre, deltok.

Samlinga i 30 de Outubro er ikkje den fyrste Preta deltek på, ho har allereie ansvar for å spreie alfabetiseringa vidare i nabolaget sitt i busetnaden, der ho fyller rolla som læringsassistent. Dei som ynskjer å vere med på prosjektet, møtest på den lokale skulen to gonger i veka etter at lunsj og påfølgjande husarbeid er unnagjort. Her vert dei resterande 2-3 timane av ettermiddagen brukt aktivt lærande, før ein returnere heim i femtida for å mjølke. Stemninga i klasserommet er uformell, kanskje ei naturleg følgje av at halve gruppa er i familie. Ein kjem og går som ein vil, her er ingen strenge rammer.

Preta er tålmodig og har forståing for at framgang og læring er noko som kan kome sakte, men sikkert. Kvar einskild må få den tida dei treng, og vert ein ikkje ferdig med

oppgåveheftene ifrå UFSC til dei jamnlege evalueringane, kan Preta kome på besøk for å yte tilstrekkeleg hjelp. Undervisninga er tilpassa individet, og sidan Ica tok med seg strikketøy, i staden for skrivesaker, og var meir oppteken av å rulle røyk med ark ifrå skriveblokka si, enn å følgje med på tavla, vassar Preta og eg over elva for å avleggje eit besøk dagen etter. Det er viktig at Ica får same framgang som dei andre, og ikkje vert hengjande etter på vegen mot sertifikatet ifrå UFSC, som stadfestar siger over analfabetismen.

Alt læringsmateriell tek utgangspunkt i deltakarane sin bakgrunn, nemleg kvardagslivet i ein MST-busetnad. Ein lærer om det framande gjennom det kjente. Medan eg sit i stova og prøver å lære meg portugisisk, åleine med den tørre teoriboka mi, får Ica undervising av Preta på kjøkenet. Dei reknar ut kiloprisen på risen ho kjøpte i dag, og arealet på grønsakshagen. Eg fablar om språkkunnskapane eg kunne hatt, hadde eg berre fått slik ei undervising.

Siv Ådnegard Skulstad
Land