Med menneskerettar som forkleding

I denne pamfletten gir LAG en samla oversikt over de latinamerikanske personene som har gjesta Oslo Freedom Forum fra oppstart i 2009 til årets forum i 2014. Les og la deg engasjere!

Latin-Amerikagruppene i Norge har sett Oslo Freedom Forum (OFF) i eit kritisk søkeljos sidan forumet vart etablert og arrangert for fyrste gong i 2009. Kvar vår er Oslo vertsby for forumet som er presentert som ein møteplass for menneskerettsheltar, ein stad å setje fokus på menneskerettane ved å setje stas på kvinner og menn verda over som har gjort ein spesiell innsats. LAG ynskjer eit internasjonalt menneskerettsforum velkommen, men stiller seg imidlertid veldig kritisk til dei personane som vert invitert frå Latin-Amerika. Ein stor del av gjestene frå Latin-Amerika har markera seg som undertrykkerar snarare enn forkjemparar av menneskerettane, og enkelte av gjestene som er inviterte som menneskerettsheltar er kuppmakarar. Det er ikkje menneskerettsarbeid som står som ein fellesnemnar for gjestene inviterte til OFF, men høgrepolitikk. Med få unntak er alle gjestene inviterte til forumet frå Latin-Amerika, godt plasserte på høgresida i politikken. Det er profilerte folk som står sentralt i sitt land for høgrepolitikk.

«Det er ikkje menneskerettsarbeid som står som ein felles- nemnar for gjestene inviterte til OFF, men høgrepolitikk.»

Norsk-venezuelanske Thor Leonardo Halvorsen Mendoza og hans USA baserte stiftelse Human Rights Foundation er initiativtakar til forumet. Saman med høgresidas tenketank Civita, bistandsorganisasjonen Plan, Amnesty International Norge, LIM og den Norske Helsinki Komité utgjer dei foreininga Oslo Freedom Forum. At Civita som høgresida sin tenketank inviterar profilerte politikarar frå den latinamerikanske høgresida til Noreg er openbart. Men å profilere forumet som ei samling for menneskerettsforkjemparar, er etter LAG si meining ei suspekt tildekking av eit arrangement med ein klar høgrepolitisk agenda.

LAG er vel vitande om at enkelte personar som har gjesta forumet opp gjennom åra, har gjort ein skikkeleg innsats for mennesekerettar. Vår kritikk går derfor ikkje til deltakarane. Men å kalle kuppmakarar og statsoverhode som har hatt det øvste ansvar for grove menneskerettsbrot, for menneske- rettsforkjemperar, er ei alvorleg løgn.

LAG har kvart år sidan 2009 krevd at norske styresmakter skal trekkje den økonomiske støtta til forumet. Oslo Kommune og Utanriksdepartementet er blant donorane til OFF og LAG meiner at skattepengar ikkje bør brukast på å legitimere personar som har vore ansvarlege for menneskerettsbrot. Sidan 2009 har LAG søkt dialog med samarbeidspartnarane til OFF. Spesielt har me hatt ein dialog med Amnesty International.

Med denne pamfletten gjev LAG ei samla oversikt over dei latinameri- kanske personane som har gjesta forumet frå oppstart i 2009 til årets 2014 forum. Me håpar fleire engasjerar seg i debatten om forumet og at denne pamfletten er til nytte.

God lesing! 

Stikkord