Følg oss på:
LAG har vore engasjera i å stoppe frihandelsavtala mellom EFTA/Noreg og Colombia heilt sida den blei signera i 2008. I samarbeid med organisasjonar i Noreg og Colombia forhindra vi i fleire år at frihandelsavtala ble ratifisert, men etter skifte av regjering i 2014 gjekk den gjennom.

Stopp avtala med Colombia

Medan Noreg forhandla fram avtala med Colombia i 2008 var det store protester, og urfolksledere som demonstrerte mot slike avtalar ble drept og skadd av colombiansk politi. Da den nye regjeringa tok opp avtala for ratifisering i 2014 hadde Colombianske bønder nettopp hatt historias største generalstreik, som ble støtta av studentar og andre arbeidarar. Også desse demonstrasjonane og streiken var retta mot frihandelsavtaler. Motstanden i det colombianske sivilsamfunnet er sterkt av fleire grunnar. Mange fryktar at det vil bety slutten for familielandbruk, og at det einaste som vil overleve er storskala industrilandbruk, og for mindre industri og bedriftar som vil konkurreras ut av store aktørar og internasjonale selskap. 

Dette meiner LAG at er i strid med Norges overordna utviklingspolitiske mål: Frihandelsavtala er i strid med den norske innsatsen for dei mange interne flyktningane i landet, då avtalen vil føre til fleire plantasjar og megaprosjekt som driv colombianarar på flukt. Den er òg i strid med norsk innsats for å betre kvinners situasjon og arbeidet for anstendige arbeidsforhold. Til slutt vil den bidra til miljøøydeleggingar ved å skape vekst i næringar som i utgangspunktet har en lav miljøstandard. 

Menneskerettsverstingar

Colombia si regjering har ikkje tradisjon for å respektere si eiga befolkning sitt menneskeverd. I tillegg til konsekvensane av den 40 år lange borgarkrigen er det er ekstreme tal på vald og drap, og staten har sitt ansvar. Landet er verdas farlegaste for fagorganiserte. I 2013 vart minst 27 fagorganiserte drepne. Amnesty rapporterte om 70 drap på menneskerettsforsvararar. Også i det norske sivilsamfunnet er det stor motstand mot å ha ei frihandelsavtale med Colombia. Ei slik avtale bidreg til å legitimere eit styre som er blant dei verste på menneskerettar.

Kva gjorde vi?

Det viktigaste målet for LAG var å stoppe avtala. Men eit anna viktig mål var å opne prosessen om frihandelsavtalar. Avala om Colombia var den første i historia som ble lagt ut på høyring i Næringskomiteen på Stortinget, noko som var ein seier for openheit og demokratisering av handelspoltikken i Norge.

LAG deltok med mange andre organisasjonar på høyring for å argumentere mot ratifiseringa. I samarbeid med ei rekke andre organisasjonar hadde vi i løpet av fleire år møter med politikarar, utarbeida ein rapport om frihandelsavtala, hadde ein underskriftskampanje, skreiv innlegg og kronikkar i aviser og spreidde informasjon om avtala og konsekvensane av den. Vi deltok òg på høyringa i Stortinget.

Disse organisasjonane samarbeida om å stoppe frihandelsavtala med Colombia:  ATTACFagforbundetFor velferdsstatenLatin‐AmerikagruppeneNatur og UngdomNei til EUNorges BondelagNorges BygdekvinnelagNorges BygdeungdomslagNorsk Bonde og SmåbrukarlagOIKOS,PRESSSpireUngdom mot EUUtviklingsfondetNorsk Tjenestemannslag,  Fellesrådet for AfrikaFIANNorsk FolkehjelpFOKUS og Changemaker

Andre frihandelsavtalar

NAFTA og CAFTA- frihandelsavtalene mellom USA, Canada, Mexico og Mellom-Amerika er sterkt kritisert for negative konsekvensar på landbruket i regionen. Etter ein periode med dumping av subsidiert mais klarte USA å ta knekken på verdas historiske maisåker. Argumenta for avtalene var at Mellom-Amerika skulle få arbeidsplassar i form av utanlandsinvesteringar. Investeringane har tatt form som Maquilaindustri - lovlause soner der transnasjonale selskap produserer varer for det internasjonale marknaden. Lønene er låge, arbeidsdagane lange og organiserte arbeidarar blir fort bytt ut med arbeidsimmigrantar frå Asia.

USA er ikkje aleine om å ha frihandelsavtaler og investeringsavtaler med latinamerikanske land. EU har inngått ei omfattande avtale med Mellom-Amerika, Colombia og Peru, og forhandlingane med Mercosur har tatt til etter mange år med stagnasjon. Sjølv om Noreg ikkje er noko aggressiv part når det kjem til jordbruksvarer, så bidreg Noreg gjennom EFTA til svært omfattande avtaler på liberalisering av industri- og tenestesektor, utbygging av megaprosjekter og ikkje minst patentregelverk. Noreg inngjekk avtale med Peru i 2012 og avtale med Costa Rica og Panama i 2014. Dei gamle avtalene med Chile og Mexico skal oppgraderast med liberalisering av tenestehandel og investeringsvern. Guatemala og Honduras deltok i forhandlingane i lag med Costa Rica og Panama, men vart ikkje med på den endelege avtaleteksten. Ifølgje norske styresmakter kunne ikkje Guatemala gje EFTA lik marknadstilgang som dei hadde gitt EU. LAG bad den norske regjeringa om å ikkje inngå avtale med Honduras og er derfor nøgd med utfallet. Brasil er det landet med flest norske investeringar og NHO og norsk næringsliv pressar på for frihandelsavtale med landet. 


Publikasjon: http://www.latin-amerikagruppene.no/Artikler/10428.html