Følg oss på:
​Meininga med bilaterale investeringsavtaler (BIT) er å verne selskap frå urimelige inngrep i landa der dei investerer, men det vert stadig oftare nytta av storselskap til å saksøke land som skapar politikk gjennom heilt vanlege reguleringar. Demokratiske prinsipp vert sett til side når det skal avgjerast om eit land har brote ein BIT eller ikkje. Det kan hindre land i å endre politikk på felt som til dømes helse, miljø eller arbeidstakarrettar. Saman med fleire andre organisasjonar arbeidde LAG med å få Norge til å seie nei til BIT.​

BIT er ein forkorting for Bilateral Investment Treaties, eller bilaterale investeringsavtalar på norsk. Avtalane vert gjort mellom land, og målet er å verne investeringane til selskap som opererer i utlandet. Meininga med BIT er å gi trygge økonomiske rammevilkår for selskapa slik at dei vert vera frå urimelege inngrep i landa der dei investerer. Ofte vert det argumentert for at BIT skal auke investeringar i utviklingsland, og slik medverka til økonomisk utvikling. Noreg har 14 reine BIT og er i forhandlingar om fleire. I tillegg ar Noreg over 20 frihandelsavtaler som inneheld mange av dei same klausulane. 

Vide rettar, ingen pliktar

Gjennom tvisteløysingsmekanismen som er del av mange BIT får selskap rett til å saksøke vertsland for ein internasjonal domstol dersom selskapet meiner staten bryt ein BIT, og dei har rett til kompensasjon for ekspropriasjon. Det siste betyr at dersom ein stat endrar vilkåra for selskapet, for eksempel ved å innføre ein lov om miljøregulering, kan selskapet saksøke staten i ein internasjonal domstol. Det kan føre til store erstatningskrav frå stat til selskap eller til at politikken vert reversert.

Selskap kan i praksis etterprøve demokratiske avgjersler. Det gjer at dei får makt på linje med statar. Avtaleverket i seg sjølv snevrar òg ofte inn handlingsrommet til land ved til dømes å forby tiltak som vernar industri og næringsliv.

Uoversiktlige pliktar

Det er nesten 3000 BIT i verda. Når eit land skal lage lover og gjere politiske vedtak er ein bunden til å følgje det som står i avtalar og traktatar. Av og til vert det oppdaga at eit planlagd vedtak står direkte i strid med ein BIT, og ein må gjere unntak eller endre vedtaket. Med mange BIT kan det verte uoversiktleg kva eit land er forplikta til. Blant dei viktigaste rettane selskap får gjennom BIT er at investor får like gode vilkår som selskap frå det aktuelle landet, eller som selskap frå det landet med best vilkår. Klausulen om beste-lands-vilkår tolkas ofte som at selskap kan plukke rettar frå alle BIT eller avtalar landet har inngått, og krevje dei same rettane for ein internasjonal domstol.

Noreg har BIT med 14 land. Den blå regjeringa ynskjer å få på plass ei modellavtale som skal vere ein mal for framtidige BIT som sendes på høyring i 2015. Også i frihandelsavtalane til Noreg er det investeringskapittel som inneheld mange av dei same klausulane. 

Sprikande rettspraksis

Det finst ingen fast domstol som avgjer rettssaker om BIT. Over halvparten skjer i verdsbanken sin tvisteløysingsmekanisme, ICSID. I tillegg kan ein nytte mekanismar i FN, WTO, eller ICC i Paris. Ofte vert det oppretta tvisteløysingsmekanismer ad hoc. 

Ulike domsavgjerder gir heilt ulike tolkingar av ord og omgrep. Slik vert det uråd å vite korleis dommarane vil tolka avtaleteksten. Rettssystemet er dessutan svært prega av hemmeleghald. Ein domstol må vere nøytral for å vere truverdig. Mange juristar meiner systemet for tvisteløysingsmekanismar ikkje held grunnleggjande rettsstandard. Nokre få aktørar dominerer rettssakene, og går frå å vere dommar i ei sak til å forsvare ein part i neste. 

Bidreg ikkje til utvikling i Sør

Det blir ofte argumentert for at BIT bidreg til utvikling fordi det fører til fleire investeringar, men det er lite grunnlag for påstanden. UNCTAD har konkludert med at samanhengen mellom BIT og investeringar er svak. På den andre sida forbyr BIT i praksis ei rekkje tiltak som kan vere svært nyttige for utvikling.  

Krav om investorpliktar

I dag finst det ingen balanse mellom eit selskap sine rettar og selskapets plikter. Det finst heller ingen balanse mellom rettane til selskap og rettane til folk og natur. Dersom Noreg meiner alvor med å sameine norsk politikk og å skape ein handelspolitikk for utvikling, må ein snu og ta sikte på å opprette ein slik balanse. Noreg må ta initiativ til at investorpliktar vert sett på dagsordenen internasjonalt. 

Kva gjorde vi?

BITFRITT var ein samarbeidskampanje mellom mange organisasjonar. Desse var: Attac Norge, AUF, Changemaker, Fagforbundet, Fellesrådet for Afrika, FIVAS, For Velferdsstaten, FORUT, KrFU, Latin-Amerikagruppene i Norge, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, Nei til EU, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, Norges Bondelag, Norges Bygdekvinnelag, Norges Sosiale Forum, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Folkehjelp, Norsk Folkehjelps solidaritetsungdom, PRESS, RU, Spire, SU og Utviklingsfondet.

Saman vert det heldt foredrag, hatt møte, aksjonera, heldt møter med politikarar, skrive avisinnlegg og samla informasjon. Fleire av organisasjonana arbeider vidare med temaet.

Artikkel http://nyemeninger.no/alle_meninger/cat1003/subcat1018/thread280819/#post_280819

Publikasjon: http://www.handelskampanjen.no/files/documents/BITfritt_brosjyre_uten_crop_3.pdf