Den revolusjonære kvinnelova - feminisme for og av zapatistkvinner

Refleksjonar etter eit møte med aktivisten Connie som jobbar med kvinnespørsmål og politiske fangar.

«Det er imponerande dersom ein ser på generasjonane før og etter 1994. Kvinner kan i dag samle seg i sine eigne organisasjonar, ta abort, ha meir enn ein kjæraste, bli soldatar [i den revolusjonære hæren] og ha stillingar i administrasjonen. Det ein ikkje har klart i México på fleire hundre år, har zapatistane klart på 40» (Connie).

Revolusjonen i 1994 var EZLN sin andre, den første byrja allereie i 1993. Comandanta Ramona og comandanta Susanna var pådrivarar då den revolusjonære kvinnelova skulle skrivast. Dei hadde skjønt noko veldig viktig, zapatistkvinnene måtte først frigjere seg sjølv, før dei kunne være med i kampen for å frigjere heile urfolkssamfunna.

Lova er eit resultat av ein dialog av urfolkskvinner, for urfolkskvinner. På mange måtar har desse kvinnene laga ein eigen feminisme bygd på eigen kultur, eigen historie og eigne behov.

Dei krev blant anna rett til deltaking i både EZLN og i eigne lokalsamfunn; rett til utdanning og medisinsk behandling, og fridom frå psykisk og fysisk vold. Dette kan for ein nordmann verke enkelt og openbart, men det er likevel ei problemstilling zapatistkvinner blir konfrontert med i kvardagen. Zapatistane forstår at for å få til ei endring må ein byrje med seg sjølv, dei viktigaste endringane er dei ein kjenner på kroppen kvar dag.     

Zapatistkvinnene i Chiapas lir under ei tredobbel undertrykking: dei er fattige, dei er urfolk og dei er kvinner. I Mexico, og heile Latin-Amerika, har ein eit samfunn, og eit system dominert av sterk machisme. Rettssystemet i Mexico er systematisk urettferdig, og verre er det om ein er ei fattig urfolkskvinne. «Dersom du er ei fattig kvinne kan kven som helst finne på ei forbryting, torturere fram ei tilståing, og sette deg i fengsel. Dette er ikkje noko gale feministar har funne på, dette er den verkelegheita urfolkskvinner lev i kvar dag» (Connie).

 

Grunnen til at zapatistane har ei revolusjonær kvinnelov og ein progressiv kvinnepolitikk er ikkje fordi deira menn er meir feministiske enn andre meksikanarar. Det er fordi kvinnene i denne organisasjonen har vore bevisste og kjempa seg fram til dei rettigheitene dei i dag har.

Sterke kvinner har kjempa ned sterke tradisjonar, og "me ønskjer alle kvinner i heile verda velkommen til å kjempe kampen saman med oss" seier comandanta Ramona. 

Eivor Vol Skjelbostad og Jørdi Maria Losnegård
Land