Querer es poder – å ville er å kunne

Ung eller gamal, alle får moglegheita til å lære på nytt. Tre kveldar i veka møtast tre damer over 70 år og ein gut på 16 for å ha kveldsskule. Denne kryssninga av generasjoner er ein del El Salvador sin eigen kamp mot analfabetisme.

Ein av elevane har med papegøya si i bur, noko som skaper litt kaos, fordi skulen er heime hos ”mi bestemor” og ho har ein liten kattonge. Damene snakkar seg vekk i eit lite minutt og katten angriper buret, buret veltar, fjøra flyg, foglen skrik, damene hylar og dei flirar.

Like etterpå seier Papegøyemor; ”Det er best du sitter her med meg lille, så spiser ikkje katten deg”.

Gruppa var opprinnelig på 6 stykker, men pga. den bratte og ikkje minst glatte skulevegen nokre av damene har, har 16-åringen delt gruppa i to. 16 åringen, Ulesis , er læraren til desse tre spreke eldre damene.

Denne unge, engasjerte guten lærer dei eldre i landsbygda å lese, skrive og enkel matematikk. Det er snakk om matematikk som dei har nytte av i kvardagen som for eksempel; kor er det billigast å kjøpe 3 bukser, er det billigast å kjøpe ei bukse der det kostar $18 for ei, eller der 3 bukser kostar $65? Når damene får denne problemstillinga byrjar dei å småprate og småfnise, for korleis skal dei klare å løyse denne oppgåva? Med ein lærar som er tålmodig og flink til å hinte forstår dei at ved å bruke multiplikasjon og divisjon er det her noko dei kan klare. Ulesis lærer bort med ein glede og entusiasme som smittar over både på meg og på damene. Når eg spør kvifor han brukar 6 kveldar i veka av fritida si  på det her arbeidet, smiler han og svarer; ” det å sjå forbedringane til mine studentar og få oppleve deira takknemlige ansikter når dei lærer noko nytt er ein følelse som toppar alt”.

image.php?id=13238

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Når eg spurde damene kvifor dei vil ha denne undervisninga svarte dei alle at det er fordi det er morosamt å lære. Dei seier óg at undervisninga er morosam, men at leksene kan vere litt vanskelige. Til tross for det ynskjer alle at det var undervisning oftare enn tre kveldar i veka, men meir lekser vil dei ikkje ha fordi læraren er streng på leksene. Det er herleg å sjå gleda desse damene får ut av å lære og kor mykje dei sett pris på å ta til seg ny kunnskap. Når den eine har forstått kva som står på tavla er ho opptatt av å vise og fortelle kva som står der. Det blir gjort med audmjukskap og stoltheit.

Det har vore ein glede å ha fått vore med på undervisninga, eg vart tatt varmt i mot, og desse herlige damene har passa godt på at eg óg tar notatar, løyser oppgåvar og skriv. Dei har gitt meg ein betryggande kjensle om at ingenting er for seint, så lenge ein har moglegheita og tar sjansen er det aldri for seint å lære. Querer es poder – å ville er å kunne.

Programa de alfabetizacion:

-Statleg prosjekt der målet er å forbetre livskvaliteten til menneskja gjennom utdanning

-17,97 % av befolkninga over  15 år i El Salvador er analfabetar dvs. 682.399 personar.

-Undervisninga er gratis og blir utført av frivillige

-Staten dekkjer kostnadane til skulebøker og anna utstyr som er naudsynt til undervisninga

Martine Åse Røyset Eidem