Indianaren på nye eventyr

Vi er inne i andre periode av landsbyopphaldet, eg kan nesten ikkje tru at tida har floge så fort, men på same tid har vi opplevd så mykje saman. Opplevingar som etterlet seg tusen forskjellige spor. Vårt fyrste politiske program er over og det har vore eit møte med mange spanande og sterke organisasjonar, som på tross av mykje motbør, fortsett kampen for å få fram si røyst i landet.

Vi har så mykje saman
Fram til dette tidspunktet har vi fått sett og tatt del i ulike situasjonar og ikkje minst hendingar for fyrste gong. Hadde eg ikkje reist på brigade ville eg mest truleg ikkje opplevd synet av to tusen babyskilpadder som kravlar seg til sjøs på ei stillehavsøy, eller gått over fjellet frå Nueva Trinidad i svartmørket saman med mange ubehagelige tarantellaer ilag med Vegar som gjer alt for å roe meg. Eg hadde heller ikkje fått opplevd den beste tannlegetimen nokon gong etter å ha knekt tanna mi pga eit dårleg drops, eller delt historier på spansk under måneskinnet når straumen plutselig er vekke. Ikkje minst hadde eg heller ikkje fått kjent på følelsen av å bli tatt så varmt vare på av ein familie med så mykje humor, store bøtter av kjærleik og eit hus fylt med latter.
 
Historier frå krigen snik seg inn i kvardagen
Når dagen er over og mørket sluker kvelden, tek eg meg sjølv i å ofte tenke på krigen som herja landet for berre tjue år sida. Eg undrar meg over korleis det er mogleg å oppleve ein krig så gruvsam og etter berre få år, klare å fungere så bra som det eg ser rundt meg. Vi har fått mange venner her i løpet av desse to månadane, men vi har gjerne fyrst etter ei stund funne ut korleis livet deira var for nokon år sidan og det stygge overgrepet på menneskeliv som dei har opplevd, eller som foreldra har opplevd. Det er inga tvil om at tydelige spor av historia sitter igjen, for plutselig sniker det seg inn nokon uforklarlege hendingar som er veldig triste og sterke, men på tross av alt, klarer dei å sjå vegen oppover mot ei verd som er betre å leve i. Det salvadoranske folket har ei fæl historie, men dagane går vidare og det med eit smil rundt munnen. Dette er verkelig noko som setter i gang eit håp i meg, at vi som menneske kan meistre den største kamp dersom vi ønskjer det nok. Det er tappert og heiderlig.

Å balansere på eit eventyr

At dette vesle landet veks seg sterkare innpå meg og andre i brigaden er det inga tvil om. Følelsen er  nesten som når ein balanserar på noko ein ikkje heilt veit om er trygt, men ein har ikkje lyst å stoppe fordi på slutten veit du at dette store eventyret kan vere noko av det mest riktige du har gjort. I starten av opphaldet var namnet ”vertsfamilie” eit ganske framandt ord å bruke til ein familie eg nesten ikkje kjente, det føltes eigentlig litt rart å ta det i bruk når eg i teorien har  min familie heime i Noreg, så kvifor skulle eg snakke om at eg har to? For etter kvart som vi har lært kvarandre å kjenne og eg føler meg heime og trygg i dette huset, med denne maten, med desse menneska, desse menneska som ikkje lenger berre er nokon snille menneskjer som delar maten på bordet med meg. Det er dei som passar på og sørgjer for at ikkje noko vondt vil skje meg, framleis ler når eg gjer ein teit norsk ting, men viser omtanke og gir ein varm klem om eg har vore lenge borte, så er det vel nettopp det ein kanskje ønskjer å ha i ein familie.  Eg er stolt av å kunne seie eg har ein familie i Noreg, og no ein i El Salvador òg.

Til slutt ønskjer eg å fortelje at å få vere på brigade saman med ein så fantastisk gruppe og alt vi opplever ilag er eg evig takknemlig for. Eg ønskjer også å dele eit dikt vår spansklærar Karilyn Mabeny frå Pajaro Flor delte med oss i starten av opphaldet, eit vakkert og viktig dikt som har fått meir betyding for kvar dag som går;  

Vi er brødre

Ikkje noko blir det same i det tida passerar. Ho etterlet seg tusen forskjellige former, når ho fangar smilet mitt av folket, i evigheita av eit sekund av uttrykk for solidaritet med dei som er født i eit land langt borte, men som er våre brødre i denne verda.

Ikkje noko fortsett på same måte når ein umenneskeleg krig synast å vere naudsamt for å forsvare det vesle vi har igjen, når dei som har alt, ynskjer å ta ifrå fridomen, som tilhøyrer andre, utan omsyn til elvar av blod som det etterlet seg på vegen, som sjølv om det ikkje lenger er synleg, framleis ikkje har visna bort.   

Fordi kvart augeblunk av våre liv, tida etterlet seg eit spor som berre ho er i stand til å viske ut. Eit spor som bærer med seg ein djup smerte, ein fryktelig gjerning og ein figur av omtanke som fortel oss korleis vi må bevege oss framover.

Fordi fred proklamert av mitt folk er like stor som den smerta som stiger til himmelen, og som den lidinga som strekk seg inn i mitt land, med tristheita som kryp langs bakken.
Og vi som fortsett som menneskje, er håpefulle om den vegen som vi bør fortsette. Vi gir ein hjelpande hand i vanskelege tidar, vi ser oppover for å kome oss opp igjen og ser ned for å hjelpe, fordi vi er brødre og vi veit korleis vi skal elske.



Inga Klepp Bjørndal