Respetando las diferencias, otra Bolivia, sí es posible..

Med respekt for forskjellar er eit anna Bolivia mogeleg. Det fjerde ”Encuentro Social Alternativo - ESA” fann stad i Santa Cruz 29 og 30 mars. Dette alternative sosiale forumet opnar eit rom der folk kan få ytre sine meiningar, informere og møtas til diskusjon.

Til ESA kjem ulike organisasjonar frå heile landet. Folk samlar seg rundt ulike stands og møter der organisasjonane presenterar tema som verneplikta, kvinner, diskriminering, miljø,  olje og gass  og autonomi. Både uavhengige aktørar, organisasjonar og sosiale rørsler  er velkomne. Brigaden deltok på dette arrangementet under si første politiske veke, saman med sine samarbeidsorganisasjonar.

image.php?id=9059”Det fjerde ESA erklærar seg som mangfaldig, annleis, utstrakt, foreslåande, antirasistisk, ikkje fundamentalistisk, ikkje partipolitisk og ventar med opne armar på alle menn og kvinner som har kjempa, kjempar og vil kjempe mot den aktuelle økonomiske, politiske og sosiale modellen som for kvar gong gjer oss fattigare, og som berre har tent for å plyndre våre naturressursar” (Colectivo Rebeldía).

I Santa Cruz blir urfolk og organiserte utsett for både truslar og vald i sitt arbeid. Både media og offentleg politikk er her i stor grad styrt av ein økonomisk elite. Sosiale rørsler og organisasjonar som Colectivo Rebeldía har lite moglegheit til å få sine meiningar ut til folket. Det er derfor svært viktig å skape ein alternativ møtestad for å støtte og medverke til at deira stemme blir høyrd.

I år var det stor auke i deltakinga av ungdommar ved ESA. Studentar ved skulen der arrangementet blei haldt engasjerte seg som frivillige. Dei jobba i grupper som blandt anna hadde ansvar for velkomst, tryggleik og praktisk arbeid. I tillegg var det ei gruppe av organiserte universitetsstudentar som hadde foredrag om diskriminering i samfunnet. Auke i deltakinga av ungdom er eit klart bevis på at dette sosiale forumet fungerar.

Mange av ungdommane hadde aldri vore med på slike aktivitetar eller engasjert seg før. Deira rolle i arbeidet og det at dei fekk moglegheita til å oppleve eit inkluderande fellesskap gjekk sterkt inn på dei. Mange gråt då helga var over og viste stor interesse i å halde kontakten med organisasjonar for vidare arbeid. Det er ikkje mykje rom for å uttrykke sine meiningar eller vere og tenke annleis her i Santa Cruz. ESA viste desse ungdommane at det er mogeleg å sette seg opp mot det ekskluderande samfunnet som pregar Santa Cruz, og det gav dei håp og tru om at eit anna Bolivia er mogeleg. 

Marte Reenskaug Fjörtoft
Land